Statsbudsjettet 2023

Full momskompensasjon for idrett og frivilligheit

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Vi har valt å prioritere barn, unge, idretten og frivilligheita i årets budsjett. Frivilligheita er bærebjelken i samfunnet vårt, og derfor set vi av eit rekordhøgt beløp til full momskompensasjon neste år, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Regjeringa foreslår å løyve 2 025 milliardar kroner til frivillige organisasjonar i meirverdiavgiftskompensasjon, og 300 millionar kroner til meirverdiavgifts-kompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.

– Vi veit at mange nordmenn får mindre å rutte med i tida som kjem, men det skal ikkje hindre barn og unge frå å delta i fritidsaktivitetar. Dette er ei viktig ordning for lag og organisasjonar og derfor sikra vi full kompensasjon allereie frå 2021. No følger vi opp, seier Trettebergstuen.

Ordninga for momskompensasjon til frivillige organisasjonar aukar med 125 millionar kroner til 2 025 millionar kroner. Ordninga er enkel og ubyråkratisk og når breitt ut, til både kultur, idrett og frivilligheita. Fleirtalet av dei 22 000 mottakarane er små lokale lag og foreiningar.

– Dette bidrar til at lokallag kan gjera det dei er best på, nemleg å skape gode møteplassar for deltaking og aktivitet framfor å bruke unødvendig tid på byråkrati og administrasjon, seier Trettebergstuen.

Ordninga for meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg blir vidareført frå 2022, med ei løyving på 300 millionar kroner i 2023.