Revidert nasjonalbudsjett

Det blir full kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg i 2022

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett 2022 å sette av 46,5 millionar kroner ekstra til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg.

– Dette gjer det mogleg for lag og foreiningar å skape enda meir aktivitet for barn og unge i sine nærmiljø. Full momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg gjer lokale idrettslag og foreiningar over heile landet betre stilt økonomisk, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Med auken på 46,5 millionar er den samla løyvinga til denne potten på 345,5 millionar kroner. Det vil sikre full kompensasjon for alle godkjente søknader som blei levert innan søknadsfristen 1. desember 2021.  

– Deltaking og meiningsfull fritid er viktig både for den enkelte og for samfunnet. Regjeringa er oppteken av å heile tida jobbe for betre vilkår både for idrett og fysisk aktivitet for barn og unge, seier Trettebergstuen.

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som behandlar søknader om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.