Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 2/2023

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om vinnaren av kulturlandskapsprisen som skjøttar kystlyngheia. Andre tema er kartlegging av beiteressursane i verdsarvområdet Geiranger, nytt og spennande samarbeid i kystskogbruket, stor granbarkbille påvist i Møre og Romsdal, og Tingvoll gard som base for NIBIO og NORSØK.

Skjøttar kystlynghei - ein verdig vinnar av kulturlandskapsprisen 2023

I Møre og Romsdal har vi mykje flott kystlynghei. Dette er takka vere stor innsats frå grunneigarar, bønder og andre engasjerte kulturlandskapspleiarar. I år gjekk Kulturlandskapsprisen til Egil Kvalsund. Han gjer ein særskilt innsats for kystlyngheia og kulturlandskapet på Nerlandsøy.

Prisvinnar
Prisvinnar flankert av jurymedlemmane for kulturlandskapsprisen. F.v.: Frank Madsøy (landbruksdirektør hjå statsforvaltaren), Line Hatmosø Hoem (fylkesordførar), Egil Kvalsund (prisvinnar), Rigmor Brøste (konstituert statsforvaltar) og Bjørn Ringstad (fylkeskonservator). Foto: Lars Levende, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kystlyngheia sin allsidige verdi

Kystlyngheia er ei av dei eldste formene for kulturlandskap. Tradisjonen med beitehald, rydding og lyngbrenning er anslått å ha starta for 4-5000 år sidan.  

Kystlyngheiene i Møre og Romsdal er del av eit samanhengande lyngheibelte som strekk seg frå Portugal i sør til Lofoten i nord. Dei norske kystlyngheiene er unike i si utforming, og vi har derfor eit internasjonalt ansvar for å ta vare på dei.

Kystlyngheiene har allsidig verdi. Dei bidreg til ein variasjon av planter og insekt som er viktige for artsmangfaldet og  samspelet i naturen. Dei er produksjonsareal for kjøtt, ull, skinn og honning, og bidreg med karbonfangst og -deponering. Kystlyngheiene er også flotte naturområde som legg til rette for rekreasjon og oppleving. Heier i god stand er dessutan eit brannførebyggjande tiltak, då gjengroing med tett kratt og skog ofte vil auke brannfaren i eit område.

Sauene på Nerlandsøy
Sauene på Nerlandsøy har tilgang på mykje god kystlynghei. På øya er det registrert totalt 10 264 dekar av naturtypen. Foto: Ragnhild Naug Aas, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Til trass for kystlyngheia sin allsidige verdi, er ho i dag kategorisert som sterkt trua nasjonalt. Ein av dei største truslane er at ho gror igjen som følgje av opphøyr av bruk eller endra bruk. I andre tilfelle har område blitt dyrka opp, planta til med tre eller bygd ut. Desse truslane er også høgst gjeldande i Møre og Romsdal.

I Møre og Romsdal er det i dag registrert 150 kystlyngheier i Naturbase.

Primus motor på Nerlandsøy 

På Nerlandsøy i Møre og Romsdal er mykje kystlynghei i god stand. Årsaka er ei aktiv beitenæring, lyngbrenning og rydding av skog.  Bonden Egil Kvalsund er ein sentral pådrivar. Han fekk i år Møre og Romsdal sin Kulturlandskapspris.

Av dei rundt seg blir Egil omtala som primus motor for kystlyngheia og villsaunæringa i distriktet. Han har rundt 200 sau, dei fleste av rasen «gamal norsk». Desse går ute heile året og bidreg med å skjøtte kystlyngheia på øya. I tillegg til å vere aktiv sauebonde har Egil Kvalsund hatt leiande verv i fagmiljøet for villsau, både lokalt og nasjonalt.

Om hausten ryddar han plass heime på garden og inviterer inn heile villsaunæringa i distriktet til vêrsjå og sal av livdyr, sosialisering og kunnskapsformidling på kryss av generasjonar. Dette er avgjerande for å halde miljøet vitalt og sikre rekruttering inn i næringa.

Frå prisutdelinga.
Frå prisutdelinga. Dei inviterte fekk bli med ut for å lære meir om skjøtsel av kystlynghei. Foto: Lars Levende, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kvalsund ivrar også for forsking på kystlyngheia. Han har lagt til rette for forskingsgrupper på ulike prosjekt knytt til skjøtsel av kystlynghei, botanikk og beitebruk.

Egil Kvalsund deler raust av sin enorme kunnskap om sauehald og kulturlandskap med både kollegaer, styresmakter og fagmiljø.

Sjølv er vinnaren av Kulturlandskapsprisen audmjuk i omtale av seg sjølv og sitt arbeid.

– Kulturlandskapet på Nerlandsøy er eit resultat av eit godt miljø og gode kollegaer i saue- og beitenæringa, seier han.

Det er ingen tvil om at Egil og resten av drivarane på Nerlandsøy gjer eit stort og viktig arbeid med å ta vare på kystlyngheia, og at dei er til inspirasjon for oss alle.

Frå prisutdelinga.
Frå prisutdelinga. Egil Kvalsund saman med  gode kollegaer i saue - og beitenæringa. Foto: Lars Levende, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Må haldast i hevd gjennom målretta arbeid

Utan den enorme innsatsen til grunneigarar, bønder og engasjerte folk,  ville mykje av  kystlyngheia i fylket vore attgrodd med kratt og skog.

Rydding og brenning av kystlynghei er ressurskrevjande, med omsyn til mannskap og utstyr.  I fylket vert det gjeve tilskot til kystlynghei gjennom fleire ulike tilskotsordningar, mellom anna Regionalt miljøtilskot (RMP) og tilskot til utvalde naturtypar. Slik blir bønder og andre pådrivarar støtta i eit svært viktig arbeid med å ta vare på kystlyngheia sine allsidige verdiar.

Egil Kvalsund
Egil Kvalsund i aksjon med lyngbrenning. Foto: Liv Guri Velle, Møreforsking

Kontakt: Ragnhild Naug Aas, tlf. 71 25 85 19, ragnhild.aas@statsforvalteren.no

Kartlegg beiteressursar i verdsarvområdet Geiranger

Stranda kommune har sett i gang ei kartlegging av beiteressursane som dekkjer verdsarv- og landskapsvernområda i både Fjord og Stranda.

Kartlegginga vil gje ei fagleg vurdering av beiteressursane i dei viktigaste beiteområda i kommunane.

Utmarksressursane er ein viktig del av ressursgrunnlaget for mange bruk. Ved å kartlegge vegetasjonen i eit område får vi eit basiskart som gir eit godt grunnlag for å vurdere beitebruken og beiteverdien for husdyra. Dokumentasjon av beiteressursane er også viktig for nærings- og arealplanlegginga i kommunane. I område der det er kryssande brukarinteresser og kamp om areala, som til dømes ved hyttebygging, vil oversikt over beiteressursane vere nyttig for landbruks- og beiteinteressene.

NIBIO er ansvarleg for kartlegginga

Stranda kommune samarbeider med Norddal/Eidsdal Beitelag og Fjord kommune om prosjektet. Det er NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) som utfører beitekartlegginga. NIBIO skal utarbeide eit digitalt vegetasjonskart. Dette kan nyttast til å lage tematisk beiteressurskart for husdyr, mellom anna for sau og storfe. Rapporten vil gje nærare omtale av vegetasjon og beiteforhold i kartleggingsområda. Det vert gjeve ei vurdering av beitekapasitet for området, og ei vurdering av dagens beitebruk.

Grunneigarane i Norddal/Eidsdal Beitelag har gjeve innspel til kva areal som er viktigast å få kartlagt. I Fjord kommune er Herdalsområdet sentralt. I Geiranger er Gråsteindalen/Hesjedalen eit område med svært gode beiteressursar som tidlegare har vore mykje nytta som beiteområde. I dag er jerven ei så stor utfordring at desse ressursane ikkje lenger kan nyttast til beiting.

Finansiering av prosjektet

Norddal/Eidsdal Beitelag har fått støtte til kartlegginga frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennom ordninga «Tiltak i beiteområde». NIBIO står for resterande finansiering. Verken grunneigarane eller kommunane må bidra økonomisk.

Møre og Romsdal har svært små areal som er kartlagde på denne måten. Næringssjef Inge Bjørdal i Stranda, som har ansvar for verdsarven i begge kommunane, ser på dette prosjektet som eit viktig grep for å synleggjere arealressursane for beiting. Beiting er kanskje det viktigaste tiltaket vi har for å halde kulturlandskapet i utmarka innafor verdsarvområdet i god stand.

Eit påbyggingsprosjekt vert planlagt for 2024, sidan ikkje alle dei viktigaste beiteområda kom med innafor rammene for 2023.

Fagpersonane ved NIBIO
Fagpersonane ved NIBIO diskuterer avgrensinga av kartleggingsområdet med representantar for grunneigarane. F.v. Bjørn Helge Rønneberg, Kristian Indreeide, Arvid Berge (jordbrukssjef Fjord), Michael Angeloff (NIBIO), Ingvild Hansen Nystad (verneområdeforvaltar), Yngve Rekdal (NIBIO), Jon Kåre Løvoll og Jostein Sande. Foto: Inge Bjørdal, Stranda kommune

Kontakt:
Marianne Aas Halse, tlf 71 25 84 22, marianne.halse@statsforvalteren.no

Nytt og spennande samarbeid i kystskogbruket

Trebaserte næringar har tatt initiativ til eit tett og godt samarbeid i kystfylka Agder, Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Norsk Bygdesagforening har som mål å gjere lokalprodusert virke meir tilgjengeleg for ein marknad som i større grad etterspør byggematerial med låge klimagassutslepp. Auka bruk av norsk tre er breitt forankra i lokale, regionale og nasjonale planar og strategiar. I regjeringa sitt vegkart for Grønt Industriløft står det mellom anna at det er verksemdene sitt eige ansvar å utnytte marknadshøva som følgjer av det grøne skiftet.

I tett samarbeid har små og mellomstore sager og trevarebedrifter tatt dette ansvaret på alvor. Saman med næringsklynga Tre på Agder og bransjeorganisasjonen Norske Trevarer, har Norsk Bygdesagforening fått Kystskogmidlar. Midlane skal nyttast til å lage vegen kortare for lokalt skogråstoff ut til ein større marknad, og slik styrke eksisterande, men også opprette nye trebaserte verdikjeder basert på lokale råvarer. Tredrivaren hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er med i arbeidsgruppa, og prosjektet si tverrfaglege referansegruppe viser brei støtte til prosjektet, med representantar frå fleire organisasjonar, to universitet, andre relevante bedrifter og fylkeskommune.

Behov for meir norsk råstoff

Samfunnet etterspør stadig fleire berekraftige produkt, basert på lokale råvarer og norske treressursar. Etterspurnaden av sirkulære løysingar for ulike produkt aukar, om det er til konstruksjonar og bygg, eller om det er til dører, vindauge, innreiing, inventar eller møblar. I dag importerer norske trevarebedrifter store mengder råvarer, noko som gjev negativt utslag på miljøavtrykket til produkta.

Aktørar som Fortidsminneforeininga fortel også om eit stort behov for materialar som bygdesager kan produsere, eigna for restaurering av verneverdige bygg. Vanleg trelast har oftast ikkje rett kvalitet, slik som material frå skog som har vokse seint, er gamal eller kanskje er spesielt grov.

Mange mindre aktørar kan i større grad enn i dag levere spesialkvalitetar og skreddarsaum som marknaden vil ha. Samtidig er ikkje dette godt nok kjent blant arkitektar, planleggarar, innkjøparar, tradisjonshandverkarar osv. Dei mange trevarebedriftene langs kysten importerer i stor grad sitt råstoff, sjølv om dei ønskjer å kjøpe norsk trelast. 

Samarbeidet har som mål å etablere ein digital marknadsplass for lokalproduserte materialar

Norsk Bygdesagforening har leia ei kartlegging av verdikjeda frå skogeigar til ferdig produkt. Samarbeidet mellom Norske bygdesager, Norske trevarer og Tre på Agder tar utgangspunkt i resultata frå kartlegginga. Verdikjedeaktørar har i fellesskap peika på utfordringar og moglegheiter, slik dei opplever verdikjeda og eigne bedrifter. Dei foreslår løysingar som kan styrke bransjane mot meir grøn industri frå norsk tømmer. Ei utfordring for små bedrifter er liten marknadsføringskompetanse. Det var også tydeleg at bedriftene samarbeider lite, dei har ofte små nettverk, og kjenner lite til andre aktørar i verdikjeda. Marknadsføring, synlegheit og å vere ein del av eit nettverk, samt manglande digitale verktøy er tema som var trekt fram som skrankar og løysbare problem.

Det er difor eit stort potensiale i å kunne marknadsføre både bedriftene og lokale produkt frå lokale skog- og treressursar på ein langt betre måte. Det same gjeld for nettverk og kompetanse om skog og treprodukt. Viss lokalt tømmer kan erstatte importerte material i trevarebransjen, vil det gi ein stor gevinst for klima og lokal verdiskaping.

Med støtte frå Kystskogmidlane vil partane i samarbeidet leite etter løysingar på desse utfordringane. Ein felles digital møteplass/portal er ein del av løysinga. På denne måten er prosjektet eit direkte utspring frå bedriftene si skildring av behov.

Gjennom prosjektet vil Norsk Bygdesagforening, Norske Trevarer og Agder Tresenter bidra til kystskogbruket sitt arbeid for auka verdiskaping på tvers av kystfylka. Samarbeidspartane er i ein god posisjon for dette. Som medlemsorganisasjonar for svært mange bedrifter har Norsk Bygdesagforening, Agder Tresenter og Norske Trevarer samanfallande mål om å bidra til berekraftig utvikling og felles løysingar som gir gevinstar for medlemsbedriftene, hundrevis av verksemder, spreidd rundt om i landet.

Norsk eik frå Sørlandet.
Norsk eik frå Sørlandet. Foto: Christina Qvam Heggertveit, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Nyttig kartleggingsarbeid

Norsk Bygdesagforening har starta kartleggingsarbeidet som skal gi oversikt over trebedrifter i Vestland og i Møre og Romsdal. Dette blir rådata til den digitale koplingsarenaen som næringa etterspør. Tredrivaren i Møre og Romsdal har løyvd midlar til kartlegginga, og deltek i samarbeidet. Det er meldt om interesse for kartlegging i Rogaland og Agder også. Arbeidet er foreløpig berre ein enkel database som må utviklast og profesjonaliserast. Norske Trevarer og Agder Tresenter ser eit stort potensiale i å forbetre og profesjonalisere løysinga og vil bidra til arbeidet.

Målet med ein digital koplingsarena er at bygdesager og trevarebedrifter, men også andre aktørar, får auka tilgang på berekraftige råvarer som samfunnet etterspør. Slik vil prosjektet bidra til verdiskaping i alle tre dimensjonar av den tredelte botnlinja; sosiale forhold, miljø og økonomi.

Prosjektet vil utfordre potensialet som ligg i lønsam foredling av produkt med lang levetid, låge klimagassutslepp og som kjem frå effektiv utnytting av lokale skogressursar. Små og mellomstore sagbruk skal spele ei rolle i det grøne industriløftet, som har mål om å bidra til å ta heile landet i bruk og skape levande byar og bygder.

Kontakt:
Christina Qvam Heggertveit, tlf. 71 25 85 72, christina.heggertveit@statsforvalteren.no

Stor granbarkbille påvist i Møre og Romsdal

Stor granbarkbille er ikkje tidlegare registrert i Møre og Romsdal. Gjennom NIBIO sitt overvakingsprogram i sommar blei det gjort funn i vårt fylke.

Granbarkbillen er det insektet som gjer mest skade på gran i Noreg og Europa. Under bestemte forhold kan den angripe og drepe heilt friske grantre. Den har eit godt utvikla kjemisk signalsystem og eit etablert samarbeid med blåvedsoppar. Dette gjer billa i stand til å drepe grantrea relativt raskt og nytte dei som ynglemateriale. Billebestanden aukar gjerne etter tørkesomrar, når grana er svekka av tørkestress.  

Blir overvåka

NIBIO har gjennom mange år følgt utviklinga i bestanden av stor granbarkbille. Utbreiinga av billa følgjer utbreiinga av vanleg gran. Under overvåkinga blir det sett ut barkbillefeller. Først i år er det sett ut feller i dei tre vestlandsfylka. Med aukande alder på granskogen i dette området, er det grunn til å tru at billa dukkar opp.

Fellene i Møre og Romsdal blei sett opp i ein aust-vest gradient. Første fella i aust stod i Rindal (Trøndelag), og vidare fire nedover Surnadal og den siste på Meisingset i Tingvoll. Fellene blei sett opp på ferske hogstflater etter granhogst. Ein pose med billa sitt eige luktstoff, feromon, blei nytta som åte. Fellene blei tømt fire gonger gjennom sommaren.

Fangst i nesten alle feller

Det blei fangst i alle fellene med unntak av fella på Meisingset. Størst fangst gav fella på Moen i Surnadal. Her blei det fanga over 2 000 biller ved den eine tømminga, og ein total fangst på over 4 000 biller. Dei andre fellene som ga fangst hadde frå nokre få til eit hundretal biller. Dette er relativt låge tal samanlikna med austlandet, der fleire feller hadde rundt 20 000 biller på ei tømming.

Barkbillefelle.
Barkbillefelle. Foto: Odd Løset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Ingen registrerte skadar

Vi har ikkje registrert skadar av granbarkbille på vår gran, men funn av billa viser at den kan vere ein potensiell skadegjerar. Granskogen i Møre og Romsdal er ung og frisk, noko som gjer den sterk imot eventuelle skadar. Likevel kan endra klima, som tørke og storm, føre til svekka motstandskraft. 

Kontakt:
Odd Løset, tlf. 71 25 84 08, odd.loset@statsforvalteren.no

Tingvoll gard - base for NORSØK og NIBIO

På Tingvoll gard finn du fjøs, kyr og traktor som på eit tradisjonelt gardsbruk. Men her vert det også drive forsking og kunnskapsformidling av ypparste klasse.

Forskings- og formidlingsarena

I alt 46 tilsette har sitt daglege virke på garden. Det er NORSØK (Norsk senter for økologisk landbruk) som eig garden. I tillegg har NIBIO, Miljøfaglig utredning, Landbruk Nordvest, Tingvoll Økopark og SEBAN (Senter for berekraftig areal- og naturforvaltning) samla seg i naturskjønne omgjevnadar ved Tingvollvågen.

Mellom driftsbygningar og buskap i jordbrukslandskapet finn du fullskala biogassanlegg, flisfyringsanlegg og solceller. Forskarar har tilgang til laboratorium, klimarom og vekstrom.

Ute er det ein demonstrasjonshage (Stjernehagen) der skuleelevar dyrkar grønsaker, og hagelag og turgrupper kan få eit innblikk i økologisk småskala hagebruk.

Kommunar og bedrifter kan tileigne seg meir kunnskap og få hjelp til berekraftig forvaltning av sine areal- og naturressursar. Landbruksnæringa kan hente inn råd og rettleiing om grovfôr, husdyrgjødsel, klimatiltak, dyrevelferd og kunnskap om hjorten sin bruk av inn- og utmark.

I Økoparken kan du ta med vener, nabo og familie for å lære om livet i jorda og den viktige rolla som til dømes meitemarken har for matproduksjonen. Dette er berre ein liten smakebit av all forsking og formidling som skjer på Tingvoll gard. 

Tingvoll Økopark.
Tingvoll Økopark. Foto: Tormod Meisingset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Fornybar energi og biogass

Sentralt plassert på garden ligg Tingvoll sol- og bioenergisenter, som er eit kompetansesenter for fornybar energi. Målet er å auke interessa og kunnskapen om primært sol- og bioenergi, men òg medverke til berekraftig energibruk. Fullskala biogass-, flisfyrings- og solvarmeanlegg, samt demonstrasjonsanlegg for solstraum, vert nytta både til undervisning, omvising og forsking.

NORSØK har ein testreaktor for biogass basert på husdyrgjødsla frå Tingvoll gard som kan køyrast med anna substrat. I dag er særleg fiskeslam eller fiskeensilage aktuelle råstoff, då fylket er tett knytt mot marine næringar, og marint avfall gir auka gassproduksjon.

Styrke i fellesskap og samlokalisering

Alle aktørane som er samla på garden utgjer eit grønt tyngdepunkt. Faktisk er Tingvoll gard det nest største fagmiljøet av sitt slag som ikkje ligg i ein storby. Nokre gongar konkurrerer aktørane om oppdrag, andre gonger samarbeider dei om kompetanseutvikling, prosjekt og forsking. Eit sterkt fellesskap og samlokalisering gjer det lettare å rekruttere tilsette, og fleire som tek mastergrad og doktorgrad der vert tilbydd jobb etter utdanning. Tingvoll gard har eit kompetansemiljø som er ein viktig ressurs både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Tingvoll gard er samla sett eit unikt konsept.

Tingvoll gard
Stjernehagen på Tingvoll gard. Foto: Tormod Meisingset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Les gjerne meir om aktiviteten på Tingvoll gard her:

Kontakt:
Tormod Meisingset, tlf. 71 25 84 04, tormod.meisingset@statsforvalteren.no