Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om kva som skal til for å nytte vestlandstømmeret endå betre enn vi gjer i dag. Andre tema er kommunane si handheving av driveplikt, Fylkesstrategi for landbruk 2023 – 2026, nesten dobling av planta skogareal i 2022, stipend frå Tredrivaren bidreg til at tresøppel vert designmøblar, og smakar frå Møre og Romsdal på Grüne Woche i Berlin.

Kva skal til for å nytte vestlandstømmeret endå betre enn vi gjer i dag?

I dag ser vi at grana som vart planta på 50-talet har vokse til flotte dimensjonar i dei produktive liene på Vestlandet. Grana blei planta med store offentlege tilskot. Produksjonsevna til grana er formidabel. Vestlandsgrana si tilvekst går austlandsgrana ein høg gong! Tømmeret som vert hogd eksporterast i stor grad. Råtømmeret blir selt til land i Europa. Større norske sagbruk ligg langt unna, og transportkostnaden blir rekna som for høg.

Men kan dei små sagbruka nytte meir av det norske tømmeret? Dei finst det fleire av langs heile Vestlandskysten. Eigentleg over heile landet.

Instagram og marknad

Norsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsagene. I tillegg er det også fleire som ikkje har medlemskap i foreininga. Kan desse sagene nytte meir av det norske tømmeret? Kva skal til for at dei kan nå ein større marknad med sine produkt? Korleis kan ein bidra til å støtte opp om desse?

Desse spørsmåla har Tredrivaren i Møre og Romsdal diskutert med Norsk Bygdesagforening, Norske trevarer, Kystskogbruket og Statsforvaltaren i Vestland. Diskusjonane leda fram til nokre idear for korleis bygdesagene sin aktivitet og produksjon kan bli endå meir synleg og tilgjengeleg.

Med midlar frå statsforvaltargruppa i Kystskogbruket, fekk vi skreddarsydd eit kurs i korleis Instagram kan nyttast som kanal for marknadsføring og sal for bygdesager. Kurset i november 2022 hadde omkring 50 påmelde frå heile landet. Her var både sager og trevarebedrifter.

Norsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsagene
Norsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsagene Foto: Norsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsagene

Kjelde: https://www.google.com/maps/d/viewer?mid=1eV5j0n-xeS9TUBuXUCvQtdoL8OE&ll=64.63028051772233%2C17.545608199999997&z=4

Dokumentasjon og sertifisering

Nokre av desse verksemdene vil også dra nytte av å kunne dokumentere både produktkvalitet og miljøutslepp i verksemda og produksjonen.

Med midlar frå Statsforvaltargruppa, og støtte frå Kystskogbruket, hadde Norsk bygdesagforening og Norske trevarar ei samling om dokumentasjon og sertifisering i Loen i februar. Der fekk deltakarane ei oversikt over dei mest aktuelle sertifiseringsordningane og dokumentasjonskrava som kan kome til å ha betydning for å kvalifisere seg som underleverandør til større byggeprosjekt og krevjande kundar.

Ei av medlemssagene, Aavatsmark Sag AS, har allereie skaffa seg PEFC-sertifisering og kunne dele verdifull erfaring frå prosessen. I denne verksemda drar dei full nytte av kompetanse frå tre generasjonar i drifta si. Med involvering av dei tilsette har yngste generasjon, Sondre Aavatsmark, leia sertifiseringsprosessen av saga. Dette har han lukkast godt med, ved sidan av studiar innan økonomi og leiing.

Felles samling
Felles samling om dokumentasjon og sertifisering for Norske bygdesager og Norske trevarer i Loen. Foto: Norske bygdesager.

Kartlegg bedrifter og produkt

Norsk Bygdesagforening har også lagt ned stor jobb i kartlegging av bedrifter og produkt, slik at dette kan bli mogleg å søke seg fram til på nett. Per no er dette gjort for Vestland fylke, med Møre og Romsdal som neste fylke som skal kartleggast.

Søke-portalen har eit stort potensiale om den utvidast endå meir. Den kan bli ein marknadsplass for lokalprodusert treprodukt, alt frå konstruksjonsvirke til spesielle dimensjonar og ulike treslag. Målet er at det skal bli lettare å orientere seg i tilbodet av norskproduserte, lokale treprodukt, og å finne fram til nisjeprodusentar som kan løyse spesielle oppdrag og levere på kortreiste treprodukt.

Kontakt: Christina Qvam Heggertveit, tlf 71 25 85 72, christina.heggertveit@statsforvalteren.no

Kommunane slit med å handheve driveplikt

Dei fleste kommunane manglar ressursar til å følgje opp jordbruksareal som er ute av drift. Ulovlege jordleigekontraktar vert heller ikkje følgd opp slik dei skal.

Statsforvaltaren har undersøkt korleis kommunane følgjer opp grunneigar si plikt til å drive jordbruksareal.

Berre 19 prosent av kommunane svarar at dei har følgt opp driveplikta i stor grad dei siste tre åra, medan 50 prosent svarar at dei har følgt opp driveplikta i liten grad. Det er likevel ein positiv trend at fleire kommunar har planer om å følgje opp driveplikta framover, på kort eller lang sikt.

Driveplikt Aspøya i Tingvoll.
Driveplikt Aspøya i Tingvoll. Foto: Tormod Meisingset

Areal ute av drift

Undersøkinga viser at 58 prosent av kommunane ikkje har følgt opp areal som er ute av drift, eller at dei berre har følgt opp enkeltsaker sporadisk dei siste tre åra. Dei kommunane som avdekker areal ute av drift, varslar sjeldan eller aldri bruk av sanksjonar.

Jordlova krev at alle eigarar av jordbruksareal må sørgje for at denne vert nytta til jordbruksdrift. Eigarar som ikkje vil drive jorda sjølv må leige ho bort. Jordleigekontrakta skal vere skriftleg, ha ei varigheit på minst ti år og vere oppseieleg for grunneigar. Dersom kommunen avdekker brot, kan dei påleggje grunneigar å inngå leigekontrakt som nemnt.

Driveplikt Aspøya i Tingvoll.
Driveplikt Aspøya i Tingvoll. Foto: Tormod Meisingset

Ulovlege jordleigekontraktar

Undersøkinga viser at 80 prosent av kommunane har kjennskap til ulovlege leigekontraktar. Dette gjeld kontraktar som er inngått for kortare tid enn ti år og der jordbruksareal vert leigd vekk utan skriftleg kontrakt. Likevel handsamar kommunane svært få søknader om fritak frå driveplikta eller følgjer opp ulovlege kontraktar som brot på driveplikta.

Rapport

Resultata frå undersøkinga er samanstilt i ein rapport som du finn ved å trykkje på linken under:

Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Anna kvart år skal Statsforvaltaren gjennomføre ei temabasert kartlegging innan eigedomslovgivinga med utgangspunkt i tema etter jordlova eller konsesjonslova.

Kontakt: Gunvor Fossholt Ytterstad, tlf. 71 25 84 06, fmmrgufy@statsforvalteren.no 

Fylkesstrategi landbruk med fokus på verdiskaping og berekraft

Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar. Dette er det overordna målet i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal for 2023 – 2026.  

Utarbeidd i tett samarbeid med næringa

Møre og Romsdal Fylkeskommune har saman med landbruksnæring og -forvaltning i fylket laga Fylkesstrategi for landbruket.pdf. Grunnlaget for strategien vart lagt i tre digitale verkstader i mai og juni 2021. Der deltok tillitsvalde i landbruksorganisasjonane, tilsette i landbruksforvaltninga, politikarar og representantar for ulike interesseorganisasjonar. Føremålet med strategien er å gje retning for utviklinga av landbruket på eit regionalt nivå og bidra til å styrke landbruksnæringa. Fylkestinget vedtok strategien i desember.

Åker
Norsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsagene. Foto: Ragnhild Naug Aas

Utvalde innsatsområde

I Fylkesstrategien vert det peika på seks innsatsområde, med tilhøyrande resultatmål.

  1. Landbruket i Møre og Romsdal har tapt marknadsandelar, men har potensiale til å produsere meir.
    Resultatmål: Landbruket i Møre og Romsdal skal auke produksjonen av varer som marknaden etterspør, og som vi har naturgitte fortrinn for å produsere. Produksjonen skal i størst mogleg grad vere basert på berekraftig bruk av lokale innsatsfaktorar.

  2. Produksjonsareala i landbruket har krympa, og må sikrast for framtida. 
    Resultatmål: Behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning.

  3. Landbruket sin foredlingsindustri er avhengig av lokal råvareproduksjon - og motsett. 
    Resultatmål: Auke verdiskapinga frå foredling av landbruksråvarer frå Møre og Romsdal.

  4. Landbruket treng kompetanse og rekruttering for framtida. Resultatmål: Auke kompetansenivået og innovasjonstakta i landbruksnæring og forvaltning.

  5. Landbruket må ta sin del av ansvaret for miljø og klima. Resultatmål: Landbruket skal redusere sine miljø- og klimautslepp og ta vare på miljøverdiar i landskap og jordsmonn.

  6. Det er potensiale for ny næring i landbruket.
    Resultatmål: Fleire og betre forretningsidéar med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknader som mål.

Verdien av lokal produksjon

To undersøkingar gjev nyttig kunnskap som strategien byggjer på. Statsforvaltaren har bidratt i finansiering av undersøkingane. Ruralis har laga rapporten Trender i landbruket, der eit utval bønder i Møre og Romsdal er spurt om status og framtidsutsikter. NIBIO har utarbeidd analysen Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Møre og Romsdal, som viser status og utvikling for verdiskaping og sysselsetting i næringa. Her finnast det også kommunevise tal.

Tilskotsordning for verdiskapande og berekraftig landbruk

Kommunar, organisasjonar, forskingsinstitusjonar og nettverk av bedrifter kan søke om støtte til tiltak som bidreg til å nå eit eller fleire av måla i Fylkesstrategi landbruk. 

Kontakt: Brit Kari Eidseflot Hauger, tlf 71 25 84 69, brkha@statsforvalteren.no

Skogåret 2022 - nesten dobling av planta areal

I 2022 blei det planta nesten dobbelt så mykje skog som året før. Etter utfordringar med arbeidskraft under koronapandemien, auka endeleg tal utsette planter mykje.

Plantinga har ikkje følgt auken i hogst dei siste åra. Men i 2022 blei det planta nesten 5 700 daa, medan det året før var i underkant av 3 000 daa.

Tett granskog.
Tett granskog. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

God haust for planting

– Så mykje er det ikkje planta sidan 1997. Ein haust med gode forhold for planting verka også positivt. Vi veit ikkje sikkert kor mykje areal som er hogd, men planta areal i 2022 er nok ikkje langt unna hogstarealet for året, seier Odd Løset, fylkesskogmeister og fagleiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Han fortel at fylket har mange utfordringar knytt til å få opp att ny skog av god kvalitet.

– Gransnutebille, konkurrerande vegetasjon og hjort gjer dette vanskeleg. Dei siste åra har det vore stort fokus på planting, og skogeigar pliktar som kjent å få opp ny skog etter hogst. Det er framleis ein del «etterslep» som bør plantast til, seier Løset.

Hjelpevinsjar er til god nytte

Allskog, Nortømmer og Fjordtømmer har til saman hatt mellom 8 og 12 maskinlag som hogg tømmer i fylket.

– Auka bruk av ulike hjelpevinsjar har gjort at ein no kan ta ut delar av skogen med vanleg skogsmaskin der det tidlegare blei nytta taubane. Hjelpevinsjane fører til mindre bruk av gravemaskin og auka sikkerheit for maskinførar. Vidare gir det mindre sporskadar og fare for erosjon.

Vital granplante.
Vital granplante. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

God pris på tømmer i 2022

Det blei avverka 263 000 m3 i 2022.

– Det er litt mindre enn føregåande år, men likevel var tømmerverdien nesten 25 prosent høgare. Samla verdi på tømmer til sal var på til saman 140 millionar kroner, seier Løset.

Grantømmeret auka med omlag 130 kroner i snittpris frå 2021. Grana stod for 88 prosent av omsett volum.

– Det har vore positiv prisutvikling på både gran og furu. Furuhogsten har ikkje vore høgare på ti år, og blei litt over 30 000 m3 i 2022.

Stort behov for ungskogpleie

Det blei utført ungskogpleie på 2 833 daa i 2022.

– Dette er ein auke frå føregåande år, men behovet er langt større. Litt over 500 daa er markbereida for å lage gode spirevilkår til ny furu, fortel Løset. 

Nye skogsvegar

I 2022 vart om lag 3,5 km bilveg nybygd, drygt 5 km ombygd og 1,9 km traktorveg blei ferdigmeldt. Den samla investeringa var på om lag 9,3 millionar.

– Vi har utbetalt driftstilskot på til saman 1,49 millionar til drift av 40 500 m3 i bratt terreng, nokre få taubanefelt og langtransport av tømmer. 

Kartlegg skog og miljø

Fire kommunar er i gong med å kartlegge skogressursar og miljøverdiar.

– Utgreiing av kvalitet og omfang av tidlegare miljøregistreringar, fører oftast til eit krav om å kartlegge på nytt. Oppdaterte miljøregistreringar er eit krav for å omsetje tømmer, og registreringa er avgjerande for å drive eit berekraftig skogbruk, seier Odd Løset.

Kontakt: Odd Løset, tlf 71 25 84 08, odd.loset@statsforvalteren.no

Gjer tresøppel om til designmøblar

Med stipend frå Tredrivaren i Møre og Romsdal fekk masterstudent Olav Engelstad eit bidrag til å forske på korleis vi kan nytte «avkapp» frå treindustrien til å lage designmøblar.

Tredrivaren i Møre og Romsdal gir stipend til studentar som fremjar smart bruk av tre i Møre og Romsdal. Stipendet går til søkarar som skriv ei studiepoenggjevande oppgåve saman med ei bedrift frå Møre og Romsdal. Bedrifta må vere knytt til næringar som nyttar tre i sin produksjon. Målet er å bidra til innovasjon og rekruttering.

– Eg vart tipsa av ein god kollega på NTNU om at dette stipendet kunne vere relevant for det eg ønska å jobbe med i masteroppgåva mi, fortel Olav Engelstad.

Gründer Olav Engelstad i Rewo.
Gründer Olav Engelstad i Rewo. Foto: Rewo

Han tok ein master i Industriell design i 2017. Her undersøkte han korleis avkapp frå sagbruk i Surnadal kunne nyttast til møbel i staden for å bli brent. Altså å gå frå å vere avfall til å bli eit produkt med høg verdi. Oppgåva fekk tittelen «Design with waste wood».

– Eg søkte stipendet for å få støtte til å kjøpe inn eit VR-Headsett. Med det kunne eg undersøke restmateriale i virtuelle rom, og deretter sjå potensialet i materialet.

Restmateriale av høg kvalitet.
Restmateriale av høg kvalitet. Foto: Rewo

Utviklar nye produkt

I dag er Engelstad ferdig utdanna industridesignar frå NTNU, og dagleg leiar i REWO – Redesign Waste Wood. Han nyttar sine designkunnskapar til å undersøke og utvikle nye moglegheiter for treavfallsmateriale. I samspel med norsk industri utviklar han nye produkt frå dette overskotsmaterialet.

– Vi bruker avkapp til å lage nye produkt, som bord, golv, interiør og andre skreddarsydde produkt. Her arbeider vi i lag med andre arkitektar og møbelsnekkarar. 

Sjekk ut rewo.no og les meir om verksemda.

Bord av restmateriale.
Bord av restmateriale. Foto: Rewo

Lagrar karbon

Arbeidet til Engelstad bygg på verdiar som gjenbruk og å redusere både ressursforbruk og utslepp av klimagassar.

– Treverk lagrar karbon. Ved å sørge for at overskotsmateriale frå byggeplassar og industri vert brukt til nye produkt, vil karbon som er lagra i treverket bli verande der.

Denne måten å bruke materiale på, hindrar altså at karbon vert sloppe ut i atmosfæren, slik den vert om treet vert brent. Samtidig vert etterspørsel etter nytt materiale redusert.  

Berekraftig

– Vi ser ein auka etterspørsel etter berekraftige produkt og møblar. Dette gjer at vi stadig kan produsere meir.

Mange aktørar og kundar fortel at dei verdset berekrafta i produkta til REWO. Alle produkt kjem med ei CO2- oppsummering som dokumenterer kor mykje CO2 som er lagra i produkta, saman med historia til materiala.

– Vi trur denne informasjonen er viktig for mange, for det vert stadig strengare krav frå EU og andre på at utsleppstala skal vere lave. 

Innovasjon

Engelstad oppfordrar andre som har innovative og berekraftige idear til å prøve dei ut.

– Det finst nok av utfordringar i dagens samfunn. Ofte er utfordringane eit resultat av idear, tankar og visjonar frå folk før oss. Om nokon ønsker å forbetre ein eller fleire element ved det samfunnet vi lever i no, er det viktig å bruke den drivkrafta.

Engelstad seier han har hatt bratt læringskurve i det å starte opp eige firma.

– Heldigvis har eg fått mykje hjelp av flinke folk undervegs, og det er viktig å ta eit steg om gongen, seier han. 

Kontakt: Christina Qvam Heggertveit, tlf 71 25 85 72, christina.heggertveit@statsforvalteren.no

Smakar frå Møre og Romsdal til Grüne Woche i Berlin

I januar var ein norsk delegasjon på Grüne Woche, den store mat- og reiselivsmessa i Berlin. I år var det Fjord-Noreg og Trøndelag som fekk vise fram kva landet vårt har å by på av mat og drikke.

Grüne Woche i Berlin er ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv, med 1 400 stands frå 60 land. Landbruk- og matdepartementet står bak den norske deltakinga, saman med Innovasjon Norge og den Norske ambassade i Berlin. Landbruks- og matminister Sandra Borch opna den norske standen.

Delegasjonen frå Fjord-Noreg bestod av utvalde lokalmatprodusentar og kokkar frå forskjellige restaurantar. I tillegg deltok representantar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland, samt Matarena AS som innleigd prosjektleiar. Lokalmatprodusentane hadde med fisk, kjøtt, spekemat, ost, sider og brennevin, og selde smaksprøver.

Janet Roelofs har god oversikt over Fjord-Norge sin flotte stand.
Janet Roelofs har god oversikt over Fjord-Norge sin flotte stand. Foto: Janet Roelofs

Representantar frå Møre og Romsdal

Frå Møre og Romsdal deltok Skarbø Gard frå Stranda, Sider AS frå Molde, Tingvollsider frå Tingvoll, Eggen restaurant frå Åndalsnes og Stolt Mat frå Sjøholt. Frøysagarden frå Sykkylven måtte melde avbod, men røykalaksen deira vart med til Berlin! At fleire siderprodusentar var med, er eit ledd i satsinga på å marknadsføre den «Norske champagnen» ute i verda. Storfjord Iskrem i Stordal vart under opninga av messa tildelt matmerket «Spesialitet Unik Smak» for sin iskrem med hasselnøtt.

Nokre av deltakarane frå Møre og Romsdal.
Nokre av deltakarane frå Møre og Romsdal. F.v. Bjørn Torsetnes og June Vestavik frå Sider AS, Janet Roelofs frå Stolt Mat, Silje Osnes frå Tingvoll sider og Marie Teigland frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Godt besøk på messa

Grüne Woche har, grunna covid, hatt eit 2 års opphald. Og det kunne vi merke: interessa for messa var stor. Fjord-Noreg sin stand var svært populær! Kokkane sette saman små smaksmenyar av produsentane sine kjøt- og fiskeprodukt, mens resten av delegasjonen skar opp ost, speka kjøtt og røyka laks, danderte og selde smaksprøver. Bestseljarane vart som forventa einerøykt laks, ost og sider. Produkt med geit- og kjekjøt vart også, etter litt nøling, godt tatt imot.

Fleire tyskarar til Noreg i år?

Mange av dei besøkande har tidlegare vore i Noreg, medan mange har landet på si liste over mogelege ferieland i 2023. Det vart delt ut hyppige reisetips til ivrige tyskarar. Og aldri har det vore delt ut så mange reiselivsbrosjyrar før! Så om det blir mange fleire ferierande tyskarar langs kysten i år, så kan de takke oss, uttalar Janet Roelofs frå Stolt Mat med glimt i auga. Den daglege leiaren av lokalmatbutikk, kafé og turistkontor på Sjøholt tok Tyskland med storm. Ho serverte vitsar, god mat og god stemning på ein heilt særeigen måte til alle som passerte. «Guten morgen Deutchland» song ho av full hals idet messa opna og smilande tyskarar strøymde til.

Frå hausting av eple til hausting av godord

For Fjordsider var det andre gong dei var del av Fjord-Noreg sin delegasjon i Berlin. Førre gong var i 2020. Då kom dei heim til Molde/Aure med håp om auka blest kring satsinga si. Berre ein månad seinare opplevde dei at heile serveringsnæringa gjekk i kneståande, då landet vart stengt ned.

Ulike typar eplemost
Ulike typar eplemost i Berlin. Møre og Romsdal er godt representert! Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

– Denne gongen satsar vi på eit heilt anna utfall, smiler June Vestavik som ilag med samarbeidspartnar Bjørn Torsetnes har hausta mange godord i Berlin. Både eplemosten og sideren har blitt applaudert av tyskarar som let seg imponere over dei reine og gode smakane, samt av kokkane og produsentane i same reisefølge.

– No er vi spente på å sjå ringverknadane av denne messa, seier Bjørn og June.

Bjørn og June frå Fjordsider lagar smaksprøver saman med Ingerid Wembstad frå Matarena.
Bjørn og June frå Fjordsider lagar smaksprøver saman med Ingerid Wembstad frå Matarena. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Å setje spor og bygge nettverk

Også Skarbø Gard var med til Grüne Woche for andre gong. Siste dagen på messa dukka det opp eit par som hadde smaka på sideren frå Skarbø for to år sidan. No kom dei tilbake til den norske standen eins ærend i håp om å få smake på den fantastiske sideren frå Stranda ein gong til! Dei kjøpte seg både ein og to smaksprøvar, og konkluderte med at sideren var enda betre i år! Veldig stas, syns Kristine og Carlos Ruiz-Skarbø, som i tillegg til desse møta mellom menneske set pris på det nettverket dei får med andre mat- og siderprodusentar på Grüne Woche.

Kokkekunst og lærevilje

Eggen restaurant hadde planlagt å stille med to kokkar og ein lærling i Berlin. Dagleg leiar Per Espen Thorgersen måtte melde forfall i siste minutt. Men Casper Andersen og lærling Magnus Kroken gjorde stas på bedrifta og regionen med deira deltaking på Grüne Woche. Dei unge kokkane fekk vere med å lage mat til Landbruks- og matminister Sandra Borch. I etterkant laga også Landbruksdepartementet ei eiga sak om lærlingane som var med til Grüne Woche: Norske lærlingar på Grüne Woche i Berlin - regjeringen.no.

– Å få delta på Fjord-Noreg sin stand med lokalmatprodusentar og kokkar har vore svært inspirerande, seier Casper og Magnus.

Kokk Casper Andersen og lærling Magnus Kroken
Kokk Casper Andersen og lærling Magnus Kroken frå Eggen restaurant lagar god mat med lokale råvarer. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Utvide eige nettverk

For Silje Osnes i Tingvoll sider AS var vegen kort frå medalje i sider VM til å bli spurd om å representere Møre og Romsdal med produkta sine i Berlin.

– Det har vore ei fantastisk fin oppleving, seier Silje og smiler omtrent frå øyre til øyre.

– Å seie opp fast jobb for å satse på sider, kjennast innimellom litt skummelt. Men å få vere med og jobbe på lag med andre fantastisk flinke siderprodusentar, slik vi har gjort denne veka, er verdifullt for eigen sjølvtillit og med tanke på utvikling av bedrifta mi.

No startar planlegging og førebuing til neste eplesesong for Silje Osnes, og i ryggen har ho eit fagleg godt siderteam frå heile Fjord-Noreg.

Silje Osnes
Silje Osnes, Tingvoll sider, viser stolt fram eigne produkt. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Målet med Grüne Woche?

Deltakinga er eit ledd i å bygge Noreg som mat- og reiselivsdestinasjon ved å fremme norsk mat og reiseliv. Målet er å skape samarbeid og nyskaping på tvers av geografiske grenser og næringar. Måten Fjord-Noreg løyser dette oppdraget på, ser ut til å gje krysseffektar av fleire dimensjonar.

Med så mange gode krefter samla, får ein energi og ei kjensle av fellesskap som er til å ta og føle på! Konkurransen som ein kanskje kjenner på elles er fråverande, og ein står samla for å selje kvarandre som produsent og kvarandre sine produkt. Den norske delegasjonen var prega av at deltakarane er van med å finne kjappe og gode løysingar om nødvendig. God stemning og godt humør i gjengen smitter over på dei besøkande på standen.

Kokkane får møte og prate med produsentar av råvarer som dei brukar i si servering. Dei får utforske produkta og utfalde seg med dei. Og dei får høyre historia bak produktet og møte menneska som har investert og brukt tida si på å forvandle råvare til unike ferdigprodukt. Produsentane får tips til korleis dei kan lage til og servere produktet sitt på ein delikat og god måte. I delegasjonen ga dei tips og innspel til kvarandre om stort og smått. Grüne Woche står fram som eit sjeldent godt forum for erfaringsutveksling og ein arena kor alle gjer kvarandre gode!

Kontakt:

Marie Teigland, tlf 71 25 84 39, matei@statsforvalteren.no

Janet Roelofs, Stolt Mat, tlf 92049430, janet@stoltmat.com

June Vestavik, Fjordsider, tlf 97169600, juneaav@gmail.com

Kristine Skarbø, Skarbø Gard, tlf 90781881, post@skarbogard.no

Per Espen Thorgersen, Eggen restaurant, tlf 92266657, per.espen@romsdalen.no

Silje Osnes, Tingvoll sider, tlf 41616846, post@tingvollsider.no