Norske lærlingar på Grüne Woche i Berlin

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Både Fjord-Norge og Trøndelag som representerar Norge på Grüne Woche (IGW), har med seg fleire lærlingar frå restaurant- og matfaga.

Magnus Kroken på Fjord-Norge sin stand er svært glad for at han vart plukka ut til vere med til IGW og Berlin. Det er første gongen han er i Tyskland, og han let seg inspirera av dei andre kokkane på den norske standen.

– Eg har også fått litt tid til å gå rundt på det enorme messeområdet, og har fått testa matrettar frå eit par andre land. Det er spennande, seier 19-åringen.

Magnus Kroken
Magnus Kroken skal opp til fagprøve til hausten, og likar seg godt på Eggen restaurant, 708 meter over havet i Åndalsnes, her saman med stjernekokkane Erlend Stueland og Øyvind Vestrheim. Foto: Vidar Alfarnes.

Når det gjeld den manglande rekrutteringa til kokkefaget, har unge Kroken klare synspunkt.

– Faget må bli mykje meir synleg i grunnskulen. I dag er det eitt år med mat og helse på barneskulen. og litt tilfeldig kva ein får med seg gjennom ungdomstrinnet. Då er det ikkje lett å ha tankar for kor vidt dette er ein spennande veg vidare. Det må bli mykje meir fokus på mat og helse, og kva som er bra for kroppen.

– Vi burde fått presentert forteljingar og foredrag om korleis det er å arbeide som kokk. At det kom nokon og forklarte kva ein kokk gjer, og om alle dei moglegheitene som opnar seg med eit kokkefagbrev i handa. Som at du kan få jobb mest kor som helst, seier ein som tidleg visste at det var denne vegen han skulle slå inn på.

Eg kjem frå ein familie som alltid har vore interessert i matlaging, og der eg sjølv fekk vere med å lage matrettar frå før eg byrja på skulen, forklarar Magnus Kroken.

På plass i Berlin er også 17 år gamle Emma Husby Ervik. Ho er ein av elevane på Ole Vig vgs i Stjørdal. Ein skule som har tradisjonar for å hjelpe til under den lange «grøne» veka i den tyske storbyen.

Emma Husby Ervik (17) vurderer å bli lærling innen servicefaget.
Emma Husby Ervik er ein av elevane på Ole Vig vidaregåande skule i Stjørdal. Ein skule som har tradisjonar for å hjelpe til under den lange «grøne» veka i Berlin. Foto: Vidar Alfarnes

Sjølv går ho andre året på Service, sikkerhet og administrasjon. Og vurderer sterkt eit liv som lærling frå hausten av.

– Eg veit ikkje kva eg kjem til å velje, men mest truleg noko innan kontor eller resepsjonstenester. Eg likar meg også godt med dei oppgåvene vi får her på messa. Heime har eg jobb på Quality-hotellet på Værnes, og dermed litt erfaring med servering av mat og drikke. Men det er ekstra kjekt å få arbeide når trykket av gjester vert slik det har vore denne laurdagen. Då går tida også fort, seier Emma Husby Ervik.

Mat- og måltidsbransjen har over lengre tid hatt problem med å rekruttere nok fagarbeidarar, dette skjer samstundes som søkjartala til restaurant- og matfaga i vidaregåande skule har gått jamt nedover dei siste 20 åra. I 2021 vart det løyvd 2 millionar kroner til ein rekrutteringskampanje for å auke rekrutteringa til mat- og måltidsbransjen. NHO Mat og Drikke har saman med fleire arbeidstakar- og arbeidsgjeverorganisasjonar, skular og ulike bransjeorganisasjonar, jobba for å snu trenden gjennom rekrutteringskampanjen og konseptet «Smak deg fram». No ønskjer Landbruks- og matdepartementet å styrkje dette arbeidet med 500 000 kroner.