Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2024

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fylgjande tema: Kva som skal til for å skape matglede hos eldre, landbruksplan med jordvernstrategi i Sykkylven kommune, forvaltningsplanen for det utvalde kulturlandskapet Eikesdalen og strategimøte om skognæringa.

Kva skal til for å skape matglede hos eldre? Og kvifor er matglede så viktig?

Riktig ernæring førebyggjer helseplager hos eldre. Dessutan er råvarer billigare enn medikament og kosttilskot. Gjennom Matgledekorpset har vi arbeidd for å spreie mat- og måltidsglede gjennom næringsrik, god mat i helseinstitusjonar i fylket vårt.

Matgledekorpset
Matgledekorpset demonstrerer kor enkelt det kan vere og kor lite ekstra tid det tek å ferdigstille matlaging i avdeling. Her frå Matglede-arbeidsseminar i Stranda. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Matgledekorpset

Matgledekorpset i Møre og Romsdal har vore finansiert gjennom prosjektmidlar frå Landbruks- og Matdepartementet. Vi har vore på besøk i fleire av kommunane for å dele kompetanse og gi innspel til kva som kan bli gjort for at dette enkle bodskapet skal få slå rot: god ernæring er god førebygging og god økonomi.

Dei fire fagpersonane i Matgledekorpset har ulike bakgrunnar: Anna Øien Sønslien er klinisk ernæringsfysiolog. Olav Kåre Jørgensen og Stian Røsand driv fleire serveringsbedrifter og er utdanna høvesvis kokk og økonom. Merethe Bolstad er kjøkenleiar ved Rauma helsehus. Ho brenn for å bruke dei gode råvarene og for at det skal vere direkte kontakt mellom brukar, pleiar og kokk.

Matglede – grunnsteinen i ernæringstrappa ­

Korleis skal vi møte eldre som ikkje har matlyst? Det gir «ernæringstrappa» svar på. Trappa er henta frå Helsedirektoratet si anbefaling for å sikre tilpassa og tilstrekkeleg ernæring. Anna Øien Sønslien bruker denne trappa i møte med kommunane. Første steget er å behandle underliggjande årsaker til manglande matlyst. Dette kan vere smerter, kvalme eller liknande. Neste steg er å sjå på måltidsmiljøet. Er omgivnadene hyggelege? Ser maten appetittvekkande ut? Er det fleire fargar på maten? Kanskje er alle fire ingrediensane mosa saman til ei brun klumpete saus? Luktar det nybakt brød? Eller kanskje heller desinfeksjonsmiddel?

Matgledekorpset erfarer at det er mykje å hente i arbeidet med måltidsmiljø. Ro og tid nok til å skape gode augeblikk rundt eit måltid er heilt nødvendig. I ein av institusjonane korpset besøkte hadde dei vaktskifte midt under middagen. Kva gjorde det med ro rundt måltidet til bebuarane? Resultatet etter besøket er ny turnus og meir ro rundt måltidet. Eit slikt tiltak har stor innverknad på måltidsmiljøet, og er særs viktig for matlyst og trivsel.

Vi ser også stor variasjon på korleis maten blir servert rundt om i institusjonane. Maten kan ligge i ein «haug» på fatet eller vere pent lagt på fat. Serveringa har mykje å seie for opplevinga av måltidet.

Matkorpset sin ernæringsfysiolog fortel at opplevinga av eit måltid er samansett og inkluderer fleire av sansane våre. På besøka ute i kommunane fortel ho at utsjånad, lukt, smak og konsistens verkar inn på appetitten og matinntaket. Dette er viktig å tenke på for dei som jobbar med pleie, og som også har i oppgåve å servere folk mat!

Nærleik mellom kjøken og avdeling – saman er vi dynamitt

Matgledekorpset har møtt fantastisk flinke og dedikerte fagarbeidarar, både pleiarar, kjøkenpersonell og leiing. Ei felles utfordring er å ha korte nok linjer mellom dei som lagar maten, dei som serverer og dei som et. Etter å ha vore med i Matgledekorpset bestemte kjøkensjef Merethe Bolstad ved Rauma Helsehus seg for at kjøkenet skulle ta sin del av ansvaret for å sikre at informasjonen om maten og råvarene skulle nå heilt fram til brukaren. Når kokken kjem meir ut i avdelinga, er det enklare for både kokk og pleiarar å forstå kvarandre sine gleder og utfordringar i kvardagen.

Resultatet er at Rauma Helsehus har kokk ute på avdeling minst ein gong i veka. Merethe Bolstad fortel at dette tiltaket er svært viktig. Det gjer at kjøkenet får vist fram den viktige jobben dei gjer, og barrierane som mange stader finst både fysisk og fagleg mellom kjøken og avdelingane i institusjonen blir brote ned.  

I Matgledekorpset formidlar Bolstad at alle tilsette ved institusjonane er heilt avhengige av å spele på lag. Ho meiner at det ikkje spelar noka rolle kor godt førearbeid kjøkenet gjer, dersom maten ikkje blir servert på ordentleg vis i avdeling. Ein uventa «bonus» ved å sende kokkane ut i avdelingane er at dei også får auga opp for kor viktig jobben dei gjer er. Dei får positive tilbakemeldingar og informasjon om spesielle behov og konsistenstilpassing. Samspelet på institusjonen vert betre.

Vi har same mål – la oss arbeide i lag!

Det felles målet i institusjonane er at bebuarane skal ha det bra. Matgledekorpset har blitt overraska over kor krevjande det kan vere å snakke på tvers av faga. Det er synd, fordi alle ønskjer å jobbe for det same. Så korleis kan vi kome over fagbarrierane?

Her har Matgledekorpset gode innspel til dei som jobbar ved institusjonar for eldre:

  1. La nokon frå kjøkenet vere med på deler av innkomstsamtalen.
  2. Leiinga kan legge til rette for samarbeid og kommunikasjon gjennom gode rutinar og faste møtepunkt. Då kan vi finne dei beste løysingane som gir meining og meistring for alle partar.
  3. Lag eit tilbakemeldingsskjema der tilsette, bebuarar og pårørande kan kome med forslag om forbetringar.
  4. Få kjøkkenet meir ut i avdelinga, «skalk av» lukene. Gjer førebuingar på kjøkenet og lag maten ferdig i avdelinga. Då kan kokkane involvere brukarane, stimulere sansar og få den gode matpraten. Dessutan blir personalet kjent på tvers av fagfelt.
  5. Om ikkje flytting av kjøkkenpersonell lar seg gjere: gjer det enkelt for dei som skal servere maten å gjere det riktig: ta bilete av korleis maten bør bli servert og del det med dei som skal servere på avdelinga.
  6. Gjer maten til ein aktivitet i seg sjølv. Her kan avdelinga heilt sikkert be om hjelp frå kjøkenet.

Kontakt
Marie Teigland, tlf. 71 25 84 39, marie.teigland@statsforvalteren.no
Greta Irene Hanset, tlf. 71 25 85 47, greta.hanset@statsforvalteren.no

God landbruksplan med jordvernstrategi i Sykkylven kommune

Kommunen har gjort eit godt stykke arbeid til inspirasjon for andre kommunar.

Fotomontasje
Fotomontasje av landbruksplan og jordvernstrategi for Sykkylven kommune. Foto: Sykkylven kommune

Sykkylven kommune har ikkje fått nasjonale midlar til kommunal jordvernstrategi. Likevel prioriterte dei ein slik strategi i arbeidet med ny landbruksplan.

Landbruksplanen har status som temaplan. Den består av ein statusdel, handlingsplan med konkrete målsettingar og tiltak, samt ein jordvernstrategi. Planen skal rullerast kvart åttande år, medan tiltaksdelen skal rullerast kvart fjerde år eller ved behov.

Honnør for godt arbeid

Statsforvaltaren ga i sin uttale til planen honnør til Sykkylven kommune. I både landbruksplanen og jordvernstrategien er det gjort eit godt arbeid med å skildre utviklingstrekk og status i kommunen. Kommunen og næringa har saman kome fram til satsingsområde, tiltak og strategiske grep. Føremålet med landbruksplanen er å styrke landbruket sin plass og rolle i den kommunale planlegginga, og formidle landbruksnæringa sine positive ringverknader for innbyggjarar, andre næringar, natur og kulturlandskap.

Godt døme for andre kommunar

Statsforvaltaren meiner at landbruksplanen med kommunal jordvernstrategi gjev Sykkylven eit godt grunnlag for å oppnå føremålet. Planen er også eit særs godt døme til andre kommunar som ønskjer å gjere det same.

Kontakt:
Tormod Meisingset, tlf. 71 25 84 04, tormod.meisingset@statsforvalteren.no

Forvaltningsplan for utvald kulturlandskap Eikesdalen

Forvaltningsplanen for Eikesdalen er vedteken, etter at området i 2022 fekk status som utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL).

Eikesdalen –  det finst berre ein

Eikesdalen ligg heilt aust i Molde kommune i Møre og Romsdal. Dalen er rekna for å vere ein av dei mest storslåtte i fylket. Området har eit uvanleg godt, varmt og tørt klima. Dette gir opphav til eit unikt mangfald av artar – nokre er også sjeldne og unike for området. Det gode klimaet gir grunnlag for eit frodig og variert jordbruk. Liene i Eikesdalen har store område med varmekjær lauvskog og her finn du Nord-Europas største samanhengande hasselskog. Bruk av skogen til tønneband, nøttesanking og hausting av husdyrfôr (piling/styving) har lange tradisjonar.

Klimaet og naturressursane i Eikesdalen gjorde at menneske kom hit for over 11 000 år sidan,  truleg som eit av dei første områda i landet. Her finst spor og symbol frå ulike tidsperiodar. Dalen har også eit særleg flott gards- og bygningsmiljø frå nyare tid.

Om Eikesdalen blir det sagt at “Det finst berre ein”. Og det er nettopp kombinasjonen av, og dei sterke kontrastane mellom, naturlandskapet og det unike kulturlandskapet som gjer dalen heilt spesiell.

Gardstuna
Gardstuna ligg langs vegen som eit særmerkt bygningsmiljø, med fjøsa på rekke bakom våningshusa. Foto: Bjørn M. Øverås

Arbeidet med ny forvaltningsplan for området

Etter at Eikesdalen fekk status som utvald kulturlandskap har det vore jobba med ein forvaltningsplan for området. Det er sett krav om at alle utvalde kulturlandskap skal ha ein slik plan. Forvaltningsplanen skal skildre kulturlandskapet sine verdiar, utfordringar og fastsette langsiktige mål og overordna prioriteringar knytt til jordbruksdrift, landskap, naturmangfald og kulturarv.

Landbruksseksjonen i Molde kommune har hatt hovudansvar for å utarbeide forvaltningsplanen. Dei har samarbeidd med arbeidsutvalet for området, som består av grunneigarar og drivarar, i tillegg til representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Planen var på høyring i perioden desember 2022 til mai 2023 og blei vedtatt av Molde kommunestyre 14. desember same år.

Forvaltningsplanen skal reviderast kvart fjerde år.

Om mål i forvaltningsplanen

Det overordna målet i forvaltningsplanen for Eikesdalen er å: «oppretthalde jordbruksdrifta og ta vare på dei kulturelle, biologiske og landskapsestetiske verdiane i Eikesdalen, materielle så vel som immaterielle».

Vidare listar planen opp fem prioriterte område for å nå dette målet: 

  • Ta vare på haustingsskogbruket og tradisjonane knytt til dette, med særleg vekt på skjøtsel av hassel og alm
  • Bevare bygningsmiljø og kulturminne
  • Støtte opp under og stimulere til vidare jordbruksdrift og beitedyrhald
  • Ta vare på samanhengande drag/korridorar og gamle ferdselsårer til lands og på vatn
  • Å formidle og synleggjere dei mangfaldige verdiane i området, overfor både fastbuande og tilreisande

Det er sett opp status, delmål og aktuelle tiltak for kvart område. Måla skal sikre ein arealbruk som støttar opp om landskapsverdiane, kva som er praktisk mogleg og driftsøkonomisk berekraftig.

Hoem gard
Eit prioritert tiltak i planen er å støtte opp under og stimulere til vidare beitedyrhald. På Hoem gard blir det beita med sau. Foto: Tormod Meisingset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Kvart år vil det bli utarbeidd lokale retningslinjer for å følgje opp forvaltningsplanen.  Retningslinjene vil gå meir konkret inn på kva for tiltak som vil bli prioritert ut frå årleg budsjett, innspel frå det lokale arbeidsutvalet og føringar frå nasjonale myndigheiter med vidare.

Eikesdalen er i oppstartsfasen som utvald kulturlandskap og treng framleis tid til å finne løysningane som på best mogleg måte fremmer heilskapleg og langsiktig forvaltning av dei mangfaldige verdiane i området. Forvaltningsplanen, saman med eit stort engasjement hos kommunen og grunneigarar, legg eit godt grunnlag for vidare arbeid!

Dei utvalde kulturlandskap i jordbruket

Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. Det er i dag 51 område som er valt ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket, der kvart område har sitt særeigne landskap. Områda vert støtta gjennom ei felles tilskotsordning frå landbruks- og miljøforvaltninga.

Dalen
Kombinasjonen av naturlandskapet og kulturlandskapet gjer dalen heilt spesiell. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kontakt:
Ragnhild Naug Aas, tlf. 71 25 85 19, ragnhild.aas@statsforvalteren.no

Samtaler for å nå måla for skogbruket i Møre og Romsdal

Samarbeid mellom næring og forvaltning skal gjere at vi når måla om ei berekraftig skognæring som speler ei viktig rolle i det grøne skiftet.

Utfordringar og mogelegheiter for skogbruket i Møre og Romsdal var tema då fylkeskommunen, Statsforvaltaren og skognæringa i Møre og Romsdal møtte kvarandre i «Strategimøte om skognæringa».

Møteplass for skognæring og -forvaltning

Fylkeskommunen og Statsforvaltaren skal begge følgje opp «Fylkesstrategi for landbruket i Møre og Romsdal», «Melding om kystskogbruket» og støtte opp om skognæringa si rolle i det grøne skiftet, trebasert verdiskaping og næringsutvikling.

Måla i dei styrande dokumenta frå den politiske leiinga er avhengig av godt samarbeid på tvers av sektorane i skogbruket. Derfor inviterte fylkeskommunen og Statsforvaltaren saman til møte og dialog mellom forvaltninga og sentrale aktørar i skognæringa.

Møteplassen, som vart kalla «Strategimøte om skognæringa», gir også ei ramme for dialog mellom Statsforvaltaren, kommunar og næringsorganisasjonar om nærings- og miljøtiltak i skogbruket.

Utfordringar i skogbruket i fylket

Skogbruket i Møre og Romsdal skil seg frå skogbruket i andre regionar på enkelte område. Noko av dette er beskrive i «Melding om kystskogbruket». Konkrete fakta og analysar av skogbruket i fylket blei forklart av fylkesskogmeistrane Åsmund Asper og Odd Løset. I møtet viste dei «det store biletet» av skogbruket i Møre og Romsdal. Forholdet mellom avverking og nyplanting treng å betrast for å halde oppe nivået på tømmerproduksjonen, slik at ein nyttar potensialet på dei gode bonitetane, vekseområda, godt.

Avverka
Avverka og planta areal med gran. Stipulert hogstareal. Kjelde Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Møtet inneheldt også ein gjennomgang av korleis tilskotet til kommunane blir fordelt ut i frå innmelde behov, der ungskogpleie og forynging har høg prioritet. Samtalen gjekk mellom anna på kva måte tilskotsnivåa vert jamna ut utifrå dei ulike behova.

Asper og Løset poengterte at det er nedgåande trend for både ungskogpleie og markbereiing. Samstundes veks skogfondet, midlar som skal nyttast til verdiskaping i skogen.

For tidleg hogst er uheldig med tanke på nytte den gode tilveksten i våre skogar, både for klima og økonomi. I vårt fylke vert framleis rundt 80 prosent av grana avverka før den er hogstmoden. 

Figur
Figur: Hogstklasse før hogst – gran. Kilde: Resultatkartlegging i ØKS.

Utfordringar for infrastruktur og tømmertransport var samtalen også inne på, med ein konklusjon om å ta dette med vidare på eit oppføljande møte.

Fylkeskommunen sin rolle

Kirsti Hjelme Connor frå fylkeskommunen fortalte korleis skogbruket speler ei rolle i fylkesstrategien. Fylkesstrategien har eit overordna mål om «Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på bruk av lokale ressursar».

Som part i Kystskogbruket har fylkeskommunen også eit mål om å bidra til ei firedobling av verdiskapinga i Kystskogbruket fram mot 2045. Fylkeskommunen formidla både korleis dei arbeider for å nå måla sine, og korleis skognæringa kan bidra i arbeidet.

Fleire av fylkeskommunen sine tilskotsordningar skal støtte næringa og slik bidra til å realisere måla i fylkesstrategien. Idear blei diskutert og næringa blei oppmoda om å søke støtte til utviklingsprosjekt. 

Skognæringa

Skognæringa var representert med Allskog, Nortømmer, Skognæringa kyst, Skognæringsforum og Skogselskapet. Skogansvarlege i kommunane Sunndal og Stranda deltok også på møtet.

Alle på møtet delte uroa over om det vert planta nok skog i eit landskap med gransnutebiller og hjort. Fleire tiltak blei diskutert, mellom anna bruk av pådrivarar for å lukkast betre med planting etter hogst.

Gode diskusjonar

Møtet førte til gode diskusjonar kring utfordringar og mogelegheiter for skogbruket i fylket.

Slike møteplassar er viktige. Vi har samanfallande mål om ei berekraftig næring som skal spele ei viktig rolle i det grøne skiftet. Samstundes har vi ulike roller, og dermed ulike syn på utfordringane og mogelegheitene. Berre i samarbeid kan vi nå måla.

Kontakt:
Christina Qvam Heggertveit, tlf. 71 25 85 72, christina.heggertveit@statsforvalteren.no