Fylkesnytt frå Rogaland 2/2022

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsforvalteren i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med artikkelen - Frå svin til vin.

Frå svin til vin

Toyni Tobekk og Arild Hebnes dreiv med smågrisproduksjon på garden Bakkjen på Hebnes i Suldal kommune i 26 år, før utviklartrongen meldte seg for fullt. I 2020 satsa dei på drueplanter, og i 2021 kom vinproduksjon kom i gang. Nyvinninga Midtsommar vingard har produsert 800 liter vin, og ein god slump er servert til dei 750 gjestane som hittil i år har funne vegen til garden. Målet er 7000 – 8000 liter smakfull vin.

Arild Hebnes tok over garden i 1988, og det har vore allsidig produksjon med mjølkekyr, sau, høns, gris og potet. I 1996 bygde dei nytt grisefjøs til 42 purker. Produksjonen blei i 2000 utvida til 110 årspurker i puljedrift. Dei hadde meir energi å bruke på garden, og ville utvikle den enda meir. I 2006 starta arbeidet med etablering av 26 kolonihytter på 35 m2 kvar seg. Ryfylke fjordhage blei etablert i 2011.   

Toyni Tobekk og Arild Hebnes i Midtsommar vingard.
Toyni Tobekk og Arild Hebnes i Midtsommar vingard. Foto: Lise Bjelland.

Ideen til vinproduksjon i Ryfylke blei til født i ei ferjekø på Ropeid for tjue år sidan. Bygdeutviklar Astrid Brommeland hadde med seg ekteparet Inger og Hans Joachim Rosenfeldt, kjend frå Den Blinde Ku, på tur for å diskutere osteproduksjon. Hans Joachim Rosenfeldt var forskar ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås og reiste verda rundt for å studere druer.

Astrid Brommeland minnest: – Hans Joachim Rosenfeldt fortalde meg om vindruer som tolte ned til 40 minusgradar på vinteren, og at han dreiv med utvikling av vindruer på Solheim på Ås. Som bygdeutviklar så var dette ei spennande opplysing. Eg viste jo at Ryfylke har eit mildare klima enn vintrane på Ås. Eg ville vita meir og tenkte på klimaet i vår region, og fortalde om Jelsa og Foreneset, om tidlege vårar og milde vintrar.  Eg kom inn på Hebnes og at kristtorn vaks vilt i liene der. Då sperra Hans Joachim auga opp og var krystallklar på at det var interessant. Det handla om jordsmonn og godt klima for å få druene modne.

Det viser seg at klimaet på Hebnes kan samanliknast med Normandie i Frankrike. I ti – tjue år selde Astrid inn ideen om vinproduksjon i Ryfylke.

Ein dag tok Arild Hebnes kontakt. Grisefjøset var nær 20 år gamalt og hadde behov for renovering, og ungane var ikkje gira på å drive med gris. Det driftige ekteparet hadde interesse for å skape noko nytt. Dei var òg interessert i epledyrking, og lurte på om det kunne erstatte griseproduksjon. Men garden fekk ikkje leveringskontrakt med grossistleddet. Kva nu?

Nokon hadde snakka om at indre Ryfylke kunne eigne seg til vinproduksjon. Sidan har bøndene på Hebnes tatt steg for steg.

Ekteparet har vore svoltne på kunnskap, og har aktivt søkt opp fagpersonar og fagmiljø. Innovasjon Norge har bidratt med midlar til bruk av mentor Bjørn Bergum, og til investeringar. Kompetansenettverket for lokalmat sør har hjelpa til med å henta inn vineksperten Albert Schaumaun frå Tyskland, som har hjelpt dei med val av druesortar, blending og mykje meir.

Frå 2020 til no har dei planta 6000 drueplantar. I år kunne dei by gjestane sine på omvising og vinsmaking. Resultatet av omstillinga blei Midtsommar vingard!

Kontaktperson:  Astrid Brommeland, astrid.brommeland@suldal.kommune.no, tlf.: 95 74 86 37.

Taktskifte i jordvernet – ryddejobben er i gang

Jordvern er logisk nok eit viktig og vanskeleg tema i Rogaland. Mykje av senterstrukturen og utbyggingspresset skjer midt i matfatet. Målt i areal er Rogaland relativt liten, men målt i folketal er Rogaland på tredjeplass. Det er slik sett å vente at det blir stor kamp om areala.

40 000 dekar jordbruksjord tapt på 30 år

Rogaland er eit plansterkt fylke der omsynet til jordvern og naturmangfald har vore eit viktig tema allereie frå første regionale plan (Fylkesdelplan for byutvikling på Jæren) i 2000. Her blei langsiktig grense for jordvern sett, og kjerneområde for landbruk definert ut i frå eit strengt jordvern i ein høgkonjunktur i olje-regionen. Jordvernet har likevel vore utfordra gjennom enkeltsaker og plan.

Rogaland toppa statistikken for omdisponering av dyrka jord i 2021, med 608 dekar registrert omdisponert. Og vi har vore høgt på lista over mange år. I Regional jordvernstrategi for Rogaland vedtatt i 2019, er det sett eit mål om maksimal nedbygging på 400 dekar jordbruksareal i året. Dette var basert på 10 % av det nasjonale jordvernmålet. Rogaland fylkeskommune er nå i gang med å revidere regionalt jordvernmål i tråd med nye nasjonale føringar.

– Me har omdisponert over 40 000 dekar jordbruksjord i Rogaland i løpet av dei 30 åra eg har jobba med jordvern, seier Anfinn Rosnes, assisterande landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Rogaland.»  Sitatet kunne vi lese i Stavanger Aftenblad i juli 2022. I same avisoppslag blei det vist til det nasjonale jordvernbrevet frå Landbruks- og matministeren og Kommunal- og distriktsministeren, med følgjande tekst: Men all jorda som er blitt omdisponert i løpet av karrieren til Rosnes, er ikkje nødvendigvis bygd ned. Og dét er eit vesentleg poeng i denne saka. For kommunane fekk i vår ein ny marsjordre frå regjeringa, som ønsker eit strengare jordvern.

 Utklipp frå nettoppslag i Stavanger Aftenblad frå 19.07.22
Utklipp frå nettoppslag i Stavanger Aftenblad frå 19.07.22. Publisert etter avtale med Stavanger Aftenblad.

Seinare i oppslaget kunne ordførarane i Sandnes og Stavanger opplyse om at kommunane i samband med revisjon av kommuneplanen vil føre tilbake godkjende byggeområde til jordbruksføremål. 

Fleire kommunar tilbakefører byggeområde til LNF-føremål

Vi opplever nå at fleire kommunar vurderer tilbakeføring av godkjende byggeområde til LNFR-føremål:

  • Time kommune – næringsområde Svertingstad – reguleringsplan. Ei sak som gjeld planvarsel for eit større næringsområde på dyrka jord ved Bryne i Time kommune som har fått stor merksemd. Der vedtok fleirtalet i kommunestyret at byggeområdet i kommuneplanen skal tilbakeførast til LNFR-føremål ved neste revisjon av kommuneplanen.
  • Klepp kommune – kommuneplan. Klepp kommune har nyleg hatt ny kommuneplan på høyring, og Statsforvaltaren har gitt uttale datert 07.06.2022. Kommunen får her ros for å legge fram eit planalternativ der over 500 dekar ved Orstad blir tilbakeført frå byggeføremål til LNFR-føremål, der mye av dette er dyrka jord.
  • Sandnes kommune – kommuneplan. Sandnes kommune har i samband med revisjon av kommuneplanen endra eit areal på 430 dekar avsett til byggeområde ved Vatnekrossen til LNFR-føremål. I uttale frå Statsforvaltaren datert 03.05.2022 er det framheva som prisverdig at dette arealet er teke ut av planen.
  • Stavanger kommune – kommuneplan. Kommuneplan for Stavanger kommune er nå ute på høyring, og også her er eit viktig tema i arealdelen det å revurdere godkjende byggeområde. I høyringsforslaget er det føreslått tilbakeføring av 1300 dekar til LNFR-føremål, kor 618 dekar er dyrka mark. I arealstrategien til kommuneplan er det også eit mål om arealnøytralitet for naturverdiar som vil gagne jordbruket så vel som samfunnet generelt.

Det er positivt å sjå auke merksemd, både administrativt og politisk, kring det å ta ut byggeområde på dyrka jord. Vår vurdering er at diskusjonen om standard på nye motorvegar også er eit resultat av auka fokus på jordvern, samt tap av natur, karbonrike areal og biologisk mangfald.

Eit langsiktig fokus på jordvern nasjonalt og regionalt kan vise seg å gi resultat. Vi ser teikn til eit taktskifte knyta til jordvern, og at ein slags ryddejobb er i gang.

Kontaktperson:  
Anfinn Rosnes, fmroaro@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 80

Ein ikkje-så-lystig rapport frå veksthusnæringa i Rogaland

Auka kostnadar på det meste av innsatsvarer har vore ei tung bør for mange i jordbruket det siste året. I veksthusnæringa er det særleg energikostnadane som har vore ekstraordinære. Straumstøtta som regjeringa fekk på plass omfattar veksthus, og har vore til god hjelp for mange – men fyrst og fremst dei som nyttar lys i heilårsproduksjon. Dei fleste nyttar derimot gass som energikjelde til varme i veksthus, og prisane på naturgass har òg auka kraftig. Propan har ikkje auka like mykje i pris, og fleire har fått installert propantank i gartneriet siste året. Det er eit skritt tilbake i overgangen til meir miljøvennleg drift sidan gass levert i røyr nå byttes ut med propan levert i tankbilar.

Tomatar
Kva skjer med tomatane frå Rogaland? Foto: Karen Beate Grimstad

For nokre av gartnarane har kostnadsauka vore så stor at dei ikkje har kunne forsvara drift i gartneria i år. Dette gjeld stort sett dei mindre gartneria med sesongproduksjon av tomat, og me kjenner til at det ikkje blei sett inn planter i minst 15 gartneri i Rogaland for 2022-sesongen. I tillegg har fleire av dei større gartneria stengt ned nokre av avdelingane i år grunna kostnadssituasjonen.     

Me er spente på å sjå kva næringa vel å gjera for 2023-sesongen, men me ser at situasjonen me har no truleg vil få konsekvensar på lang sikt for strukturen i veksthusnæringa i fylket.    

Kontaktperson:  
Karen Beate Grimstad, fmrokbg@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 89 40

Godt grovfôrår for Rogalandsbonden

Sommaren i Noreg har vore prega av tørke på austlandet og mykje regn på vestlandet. Rogaland har fått smaka litt på begge variantar, utan det har gitt noko krise for grasproduksjonen. På Jæren og ytre strøk har det ikkje vore meir nedbør enn kva som må til på lett jord, og dimed har det vore tørketendensar enkelte stadar. Indre strok, spesielt Haugalandet, har hatt meir nedbør enn kva som er normalt.

NLR Rogaland rapporterer om god avling. Kvaliteten vil vera av varierande kvalitet grunna vêrforhold og slåttetidspunkt. På Haugalandet har bonden hatt korte tidsvindauge til å slå graset på grunn av mykje regn. NLR mistenker betydeleg utvasking av næringsstoff, noko som i kombinasjon med moderat gjødsling som følgje av høge gjødselprisar, kan ha påverka avlinga. Det er observert fleire enger i bygdene med gulskjær og redusert attvekst mot andreslått. Dei som tok fyrsteslåtten pinsehelga, har særs god grovfôrkvalitet. Etterpå blei det verre, og nokon måtte justera seg inn frå 3-slåttsregime til 2-slåttregime når det blei for bløytt til å koma seg utpå.

Sommarvêret på Jæren har gitt god grasvekst, men nokre stadar der jorda er lett, har det vore tørketendensar. Jamt over har forholda vore bra for god grasvekst og fortørk av slått, og gode innhaustingsforhold. Vi kan notere nok eit godt gras-år for Rogaland.

Kontaktperson:  
Janne Breivik, jabre@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 87 85.

Hålandsvatnet – felles satsing for betre vasskvalitet

Heldigvis har det vore badekvalitet i Hålandsvatnet  i heile sommar– sjølv om badevêret og minne om tidlegare års algesuppe kanskje ikkje freista til ein dukkert. Medan dei andre vassførekomstane i Jæren vannområde viser teikn til betring, har Hålandsvatnet peika seg ut i negativ retning. Mange er utolmodige, og vil ha raske resultat. Men det er grunn til å smøre seg med tolmod. Langvarig  belastning frå jordbruk, avløp og anna aktivitet i nedslagsfeltet har resultert i svært fosforrike sediment. Første prioritert er å redusere dei årlege tilførslane som i dag overskrid toleevna til vassdraget.

Jordbruket er største påverkar, og Statsforvaltaren må på sikt vurdere å ta i bruk lokal forskrift etter jordlova for å regulere dyrkinga i nedslagsfeltet. Vi kjem her midt i skjeringspunktet mellom mål om matproduksjon og mål om vasskvalitet.  

Statsforvaltaren, Stavanger kommune og Randaberg kommune er samde om å samarbeide i eit felles prosjekt som grip over både jordbruk, avløp og natur. Margit Reiersen er tilsett som prosjektleiar og starta hjå Statsforvaltaren (landbruk) 1. august. Saman med kommunane, bøndene og interesseorganisasjonane i området er vi i gang å etablere prosjektet.

Kontaktperson:  
Margit Reiersen, marei@statsforvalteren.no, tlf.: 51 56 87 76.