Fylkesnytt frå Rogaland 1/2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsforvalteren i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om - Demensomsorg på gard inn i kommunale budsjett.

Demensomsorg på gard inn i kommunale budsjett

Inn på tunet (IPT) er tilrettelagte kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel for deltakarane som kjem til garden og i Rogaland finst det 20 godkjente IPT gardsbruk. Torvholen Gard i Klepp, Steindal Gard i Randaberg og Øvregård i Vindafjord er blant dei som tilbyr demensomsorg på gard.

Arthur og Marit Salte på Torvholen Gard i Klepp kommune
Arthur og Marit Salte på Torvholen Gard i Klepp kommune tilbyr demensomsorg. Foto: Jan Tore Skogen, Skogen foto og media.

Torvholen Gard i Klepp kommune blei godkjent IPT tilbyder i 2021. Dei ønska å starte opp ei ny næring på garden i tillegg til ordinær gardsdrift. Dialog med Time kommune og Klepp kommune på administrativt og politisk hald gav raskt gode resultat. Ved hjelp av prosjektmidlar frå Statsforvaltaren i Rogaland og Helsedirektoratet blei det høve til å teste ut konseptet med deltakare frå begge kommunane. Evalueringa viste gode skotsmål frå både Time og Klepp. Deltakarane og pårørande er særs positive, då det opplevast meiningsfullt å komme på garden og delta i daglege gjeremål både inne og ute. Sosialt samvær, turar i Salteskogen, måltidsopplevingar, kontakt med dyr og song er viktige ingrediensar i tilbodet. 

Kommunane fortel dei stadig er på jakt etter gode og supplerande dagaktivitetstilbod til yngre og eldre personar med kognitiv svikt eller er i tidleg fase demens, og at erfaringane frå Torvholen Gard har gitt gode resultat. Dette førte til at Time og Klepp kommunar la inn demensomsorg på gard i sine kommunale budsjett i 2022, med ein dag i veka for inntil 6 deltakare frå kvar kommune. For 2023 blir tilbodet utvida. Frå starten i 2021 med ein dag i veka, kan Torvholen no tilby demensomsorg 3 dagar per veke.

I dag finnes det mellom 20 – 30 IPT garder  i Noreg som leverer tilbod til kommunar innan demensomsorg (erfaringstal frå forskingsprosjektet Demensomsorg på gard). Demensomsorg på gard er eit tenesteområde som har fått mye fokus og oppmerksemd de siste årene utan at det nødvendigvis har ført til etablering av konkrete tilbod og avtalar med kommunar. IPT Norge SA fortel om stadig fleire førespurnader frå kommunar rundt i landet som ønsker informasjon om tilboda gardane kan levere til personar med demens. Samvirkeorganisasjonen erfarer at fleire medlemsgarder får avtalar med kommunar, og at potensialet er spennande i tiden framover.

Stor vilje til å investere i landbruket i Rogaland

Det var med noko spenning vi gjekk inn i året 2022. Ville det vere etterspurnad etter investeringsmidlar (IBU) i den urolege situasjonen som var i næringa? På ekstraordinært møte i Landbrukspartnarskapet tidleg januar, opplyste Innovasjon Norge om sjeldan få søknadar om støtte.

Frå streng prioritering til mobilisering

Normalt er det stor konkurranse om IBU-midlane i Rogaland. Mange har difor søknaden klar tidleg på året. I 2021 var Innovasjon Norge tomme for investeringsmidlar allereie i februar. Det har i mange år blitt prioritert strengt kva saker som kan få støtte, og prioriteringane har vore godt kjende i næringa. Ved inngangen til 2022 hadde dei økonomiske utfordringane i jordbruksnæringa logisk nok stor merksemd i næringa. Fleire bønder var i tvil om dei skulle investere. Samstundes har mange store behov for å fornye driftsapparatet, mellom anna for å nå mål om omlegging til lausdrift i mjølkeproduksjonen. Det blei difor tidleg i 2022, gjennom webinar og nettsaker, mobilisert for at fleire skulle gjere nødvendige investeringar. Landbrukspartnarskapet opna også opp for at å gi noko støtte til investeringar for sau, men berre i saker innan oppgradering/nybygg i samband med generasjonsskifte. Det blei også gitt eit tydeleg signal om at prioriterte saker nå vil få betre utmåling av støtte. Kommunar og andre aktuelle blei utfordra til å mobilisere, også innan nye næringar i landbruket som mat og reiseliv. Det viser seg i ettertid at mobiliseringsarbeidet gav resultat.

Uventa stor etterspurnad etter IBU-midlar i 2022

Etterspurnaden tok seg kraftig opp, og til sommaren kunne Innovasjon Norge melde at potten var tom også dette året. Om lag 70 prosent av midlane gjekk til 37 mjølkeprosjekt, irekna støtte til generasjonsskifte. Det er ekstra positivt at eit klart fleirtalet av sakene er frå distrikta, med drifta i hovudsak er basert på eige ressursgrunnlag. Elles har vi merka oss at gjennomsnittleg mjølkekvote for dei som har fått støtte i Rogaland ligg lågare enn i mjølkeregionar som Innlandet og Trøndelag. Det er også løyvd midlar til 35 gjødsellager, noko som er viktig både ut frå omsyn til økonomi, agronomi og miljø.

Resultatet for 2022 blei faktisk at mange prosjekt i tråd med Rogaland sine prioriteringar fekk avslag på grunn av mangel på midlar. Det kan slik sett sjå ut til at vi blir tomme for midlar tidleg i 2023, sjølv med klare auke i IBU-potten. Ass landbruksdirektør Anfinn Rosnes framhevar at det trass alt er betre å bli tomme for midlar enn å ha ubrukte midlar.   

Fleire pelsdyrbønder har omstilt til nye produksjonar, trass utfordringar med erstatninga

Pelsdyrproduksjonen er på veg til å bli historie i Rogaland. Det som var ei viktig inntektskjelde og som ga fleire bein å stå på for mange oppdrettarar, må nå erstattast med noko anna.

Frå pelsdyrhall til mjølkekufjøs på Engelsvoll, Klepp.
Frå pelsdyrhall til mjølkekufjøs på Engelsvoll, Klepp. Foto: Eli M. Serigstad

Rogaland var det største pelsdyrfylket med om lag 33 prosent av føretaka og nær 50 prosent av verdiskapinga. I toppåret 2013 bidrog pelsdyrnæringa med 250 millionar kroner inn i det rogalandske landbruket, og skapte sysselsetting på 75 gardar rundt om i fylket. Om lag halvparten av føretaka hadde meir enn ein produksjon på garden.

Både pelsdyrnæringa og Statsforvaltaren er opptekne av å skape ny inntekt på gardane. Regjeringa stilte 100 millionar kroner til disposisjon for oppdrettarar og eigarar av anlegg som ville omstille seg. Midlane blir forvalta av Innovasjon Norge.

I Rogaland er det 30 føretak som har fått omstillingsmidlar frå 2020 og fram til i dag. Eitt føretak har fått av dei tradisjonelle Investeringsmidlar bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fleire bønder har teke sats og fullført nyinvesteringar, eller gjort endringar i eksisterande anlegg, trass utfordringar med erstatningsordninga.

Under er det lista opp dei 13 føretaka som allereie er ferdige med omstillingsprosessen, og dette viser stor variasjon i type investeringar. Føretaka er godt fordelt i fylket.

  • 4 nye mjølkefjøs, derav eitt som har fått IBU-midlar
  • 2 nye ammekufjøs
  • 3 nye kyllinghus, der alle i tillegg har fått ENOVA-støtte til energieffektivisering/grunnboring
  • 1 ombygd sauehus
  • 1 ny fruktprodusent
  • 1 nytt grønsakslager
  • 1 ny hav- og kystfiske

I tillegg er det gitt midlar til to mjølkefjøs, tre ammekufjøs, eitt sauefjøs, eitt tiltak innan Inn på tunet, eitt innan reiseliv og ni andre tiltak. Desse føretaka ventar i første omgang på erstatningsoppgjeret. Me håper på at minst 10 nye føretak søker om omstilling-/IBU-midlar dei komande to åra. Det er nå viktig å få avklart erstatninga slik at desse kjem seg vidare i prosessen.

God driv i bioenergisatsinga i Rogaland

Med stort og smått er det om lag 70 biobrenselanlegg i drift i Rogaland i dag. Desse fordelar seg frå mindre anlegg på gardsnivå, til større anlegg drivne av kommersielle aktørar med flisbasert varmeleveranse til offentlege bygg, industri og næring. Rogaland sitt største flisfyringsanlegg er under bygging ved Tine Meieri Jæren der 36 GWh naturgass vert erstatta med fornybar energi.

Auka interesse for gardsvarmeanlegg

Over fleire år har Skogselskapet i Rogaland, Rogaland Bondelag, Norges Gartnarforbund, Innovasjon Norge, Rogaland Fylkeskommune og Statsforvaltaren i Rogaland samarbeid om ei målretta satsing inn mot landbruket inkl. veksthusnæringa for å stimulere til auka bruk av bioenergi basert på lokalt skogsvirke. Arbeidsforma er gjennomføring av fagdagar, informasjon på produsentmøte og skogdagar samt tilbod om gardsbesøk og utarbeiding av konkrete løysingar på garden. Dette som eit teknisk og økonomisk vurderingsgrunnlag for mogleg investering og søknad om investeringsstøtte frå IN/Bionova. Fleire faktorar spelar inn, men vi ser no ei klar auke i interessa for å investere i gardsvarmeanlegg. Fleire anlegg er under bygging og det er stigande søknadsmengde til IN/Bionova.

Morten Svanes, Statsforvaltaren i Rogaland
Morten Svanes, Statsforvaltaren i Rogaland under opning av fagdag gardsvarmeanlegg i Vindafjord. Foto: Karl Ludvig Ådland.

Matregion Rogaland med ny Matstrategi

Visjonen er kraftfull: Rogaland skal vere den mest attraktive og berekraftige matregionen i Norden.

Rogaland fylkeskommune kom i 2022 med ny matstrategi for Rogaland. Matstrategien er eit styringsdokument for Rogaland fylkeskommune, og er utarbeida gjennom ein brei involveringsprosess med næringsaktørane i matverdikjedene innan både blå og grøn sektor. 

Strategien er ei konkretisering av nærings- og innovasjonsstrategien, og følger metodikk og føringar i denne. Den skal bidra til berekraftig utvikling og vekst innan jordbruk, havbruk og fiske. Som eitt av Noregs fremste industrifylke, skal det jobbast for å utnytte synergiar mellom industri og matnæring, og utvikle heilskaplege og berekraftige verdikjeder frå hav, fjord og jord til bord. 

Matsikkerheit og matproduksjon har blitt aktualisert i ei verd med auka usikkerheit. Rogaland fylkeskommune ønsker med bakgrunn i at Rogaland er eit sterkt matfylke, å ta ansvar og auke vår matproduksjon, både på land og i sjøen, og meiner at det er godt potensiale for å lykkast med dette om rammevilkåra er til stades. 

Dei strategiske innsatsområda er: a) kompetanse, b) omstilling og endring, c) koordinering og samarbeid og d) forvaltning og samfunnsutvikling.

Rogaland har store fortrinn innan natur, miljø, kultur, teknologi, kompetanse og reiseliv, og her er nokre prioriterte område innan landbruk:

  • Godt plansamarbeid med kommunane for å sikre best mogleg tilgang og utnytting av regionen sine naturgitte fortrinn til både fiske, jordbruk og akvakultur.
  • Bidra til å bygge Matregion Rogaland med Gladmat som en sentral samarbeidsaktør. Fylkeskommunen ønsker å bidra til å finne gode løysingar saman med kommunar og næringsliv for ei styrka finansiering av heilårsaktivitet knytt til lokalmat og gastronomi.
  • Støtte opp om innovasjon og utvikling av ny jordbruksteknologi.
  • Regionalt samarbeid for å sikre gode jordbruksareal.
  • Tilrettelegge for å beholde og styrke foredlingsindustrien, fortrinnsvis i nærleiken av primærproduksjon.

Strategien finn du på heimesida til Rogaland fylkeskommune:

Kva vil rogalandsbøndene produsere om 15 år ?

Åra går, og når vi ser oss tilbake er det berre å konstatere endringane i landbruket. Så kan vi ha ulike meiningar om stoa i dag og kva som har ført oss hit. Men kva om vi blir utforda på å tenke framover? Dei beste til å seie noko om det må vel vere bøndene sjølve.

Det regionale landbrukspartnarskapet gjennomførte difor ei spørjeundersøking blant alle registrerte landbruksføretak i fylket i oktober 2022, med spørsmål knytt til produksjonen på garden i dag og venta status 15 år fram i tid. Partnarskapen ønska meir kunnskap om bøndene sine framtidsplanar, for å kunne målrette ulike verkemidlar og skape engasjement hjå alle som vil landbruket vel. At heile 40 prosent av bøndene som fekk undersøkinga på mail svarte, viser at tida var rett for denne undersøkinga. Dei 1 600 svara gir kunnskap som må tas på alvor.

Dei tradisjonelle produksjonane er dei viktigaste, og desse er også viktige føresetnader for anna næringsutvikling på gardsbruka. Tabellane nedanfor viser svara for heile fylket innan dei tradisjonelle husdyrproduksjonane;

Merk at dette er tal for føretaka, og seier ikkje noko om volum, areal med meir. Så skal vi ikkje her analysere og tolke, det gjer vi seinare når vi har systematisert datafangsten på kommune og region.

Så skal vi lage eit ark for kvar kommune med ønskje om lokalt engasjement, og ikkje minst blir dette viktig kunnskap for regionale aktørar for målretta innsats. Nedafor eit døme på korleis vi trur eit kommuneark kan sjå ut;

Kommunearka vil også gi kunnskap om kva bøndene har lagt til grunn for sine val og kva kunnskapsbehov dei treng.

Bondevennen har vore til god hjelp for promoteringa av undersøkinga, og resultata er omtalte i både Bondevennen og andre media.