Fylkesnytt frå Rogaland 2/2023

Statsforvalteren i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om - 10 år med desentraliserte fagsamlinger for kommunene i Rogaland.

Stavanger kommune gir 10 millionar kroner ekstra til klimatiltak i Landbruket

Bønder i Stavanger kommune kan hausten 2023 søke om ekstraordinær støtte til tiltak for fornybar energi og ENØK tiltak. Midlane kjem frå kommunen sitt klima- og miljøfond og gjeld ut året.

Målet med ordninga er å redusere utsleppa av CO2 i landbruket gjennom auka lokal produksjon av fornybar energi, og tiltak som reduserer energiforbruket (ENØK). Det kan gis inntil 35 prosent støtte,  maksimalt 500 000 kr per gardsbruk.

Det gis berre støtte til investeringar. Søknadsfristen er 1. oktober. For gardsbruk med stort energiforbruk (f.eks. kylling, gris og veksthus) er denne ekstraordinære støtteordninga kjærkommen for å kunne redusere utsleppa frå landbruket. Spesielt når Innovasjon sine støtteordningar til fornybar energi i landbruket hovudsakleg er brukt opp for 2023.

Det er korte tidsrammer for både å søke og behandle søknadane. Det blir i desse dagar heldt informasjonsmøte for aktuelle bønder i Stavanger, som har blitt ein av dei største husdyrkommunane etter samanslåinga med tidlegare Rennesøy og Finnøy kommune.

For fleire detaljar kan du gå inn på heimesida til Stavanger kommune.

Solceller på tak, vinn vinn for jordbruk og klima.
Solceller på tak, vinn vinn for jordbruk og klima. Foto: Birgit S. Hagalid

10 år med desentraliserte fagsamlinger for kommunene i Rogaland

Landbruksavdelingen hos Statsforvalteren i Rogaland ønsket i 2013 tettere, mer direkte og uformell faglig dialog med den kommunale landbruksforvaltningen i fylket. Nå, ti år etterpå, har årlige samlinger i hver av de fire regionene i Rogaland blitt en tradisjon.

Kommunene i hvert av områdene Haugalandet, Ryfylke, Jæren og Dalane rullerer på å kalle inn og være vertskap for samlinger for kolleger fra nabokommuner. Forvaltning av miljøtiltak i landbruket har vært hovedtema for samlingene. Statsforvalteren styrer fagtema under dialogen på formiddagen. Informasjon og diskusjon om tidsaktuelle utfordringer knyttet til forvaltning av lovverk, tilskudd og miljøtiltak er en fast post.  Ettermiddagen blir brukt ute i felt for å se på relevante landbruksrelaterte miljøtiltak og utfordringer.

Regionene i Rogaland har stor variasjon i naturgitte forhold for landbruksdrift. Miljøutfordringene landbrukskontorene møter i det daglige arbeidet varierer tilsvarende. I en liten gruppe kan vi diskutere lokale utfordringer. Vi opplever god dialog mellom kommunene, og ser også at dette bidrar til økt felles forståelse av lovverket og følgelig økt grad av likebehandling.

Fagtema som har vært tatt opp gjennom 10 år med disse årlige samlingene er blant annet nydyrking, SMIL-tiltak, RMP-tema, godkjenning av innmarksbeite, håndtering av husdyrgjødsel, godkjenning av spredeareal, miljøtiltak for biologisk mangfold, krav til gjødslingsplan, tiltak for å redusere avrenning til vassdrag, plast på avveie i landbruket og fjerning av piggtråd.

Fagsamling i Bjerkreim
Godkjenning av spredeareal var tema på fagsamling i Bjerkreim i 2022. Foto: Nono Dimby

Landbruksavdelingen hos Statsforvalteren i Rogaland skal sørge for at nasjonal landbrukspolitikk blir kjent og fulgt opp i fylket, og gjennomføre kompetansehevende tiltak knyttet til tilskuddsforvaltning. Landbrukskontorene er sentrale aktører i den lokale oppfølgingen av de nasjonale målene om blant annet bærekraftig landbruksdrift over hele fylket. Samlingene har, med enkel administrasjon, vært en god kanal for god dialog og meningsutveksling på viktige forvaltningsmessige oppgaver mellom kommunal og regional landbruksforvaltning.

«Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet» – eit samarbeidsprosjekt

Våren 23 gjekk startskotet for prosjektet Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet, der Statsforvaltaren, kommunane Stavanger og Randaberg, bondelaga i begge kommunane, Rogaland fylkeskommune og grunneigarlaget gjekk saman for å snu den negative trenden for Hålandsvatnet. Prosjektet grip over både jordbruk, avløp og natur. Hålandsvatnet har eit relativt lite nedslagsfelt, men vekker stor merksemd som eit sentralt turområde mellom Stavanger og Randaberg. Ein rekke tiltak er sett i gang, og fleire er under planlegging. Mellom anna er Norsk landbruksrådgiving Rogaland i gang med å kartlegge all handtering av overflatevatn i nedslagsfeltet for å sjå kvar det er mogleg å gjere tiltak for å redusere erosjonsfara. Stavanger kommune er også i gang med å utføre tilsyn etter forskrift om organisk gjødsel. Aktivitetane i prosjektet er finansierast kvar for seg. Det krev ein god del koordinering av heile fire delprosjektleiarar, men sikrar samstundes god forankring hos dei involverte. Eit informasjonstiltak som allereie er på plass er denne animasjonsfilmen som forklarar problematikken i Hålandsvatnet:

Uavhengig av prosjektet har Miljødirektoratet med heimel i forureiningslova varsla ein av landets største grønsaksprodusentar om at dei vil ha meir informasjon om produksjonen for å vurdere om det er grunnlag for å pålegge føretaket tiltak for å redusere si belasting på vatnet, sjå 

Jordvernpris til Haugesund – inspirasjon til andre kommunar

Det var feststemning i Haugesund den 21.08.2023 når ordføraren i Haugesund kommune tok i mot den Nasjonale jordvernprisen frå Landbruks- og matminister Geir Pollestad. Rogaland er dermed tildelt prisen for andre gang. Prisen blei gitt til Haugesund grunna oppheving av områdeplan for Fagerheim av omsyn til jordvernet. Det blei gitt gratulasjonar også frå fylkesordførar Marianne Chesak (AP) og statsforvaltar Bent Høie. Bent Høie roste kommunen for det å vise handlekraft av omsyn til jordvern, noko som også kjem fram av kommuneplanen som er på høyring. I forslaget til ny kommuneplan blir også andre byggeområde enn det aktuelle arealet ved Fagerheim endra tilbake til LNFR-føremål.

Bent Høie
Bent Høie gratulerer kommunen med jordvernprisen. Foto: Anfinn Rosnes

Det var Statsforvaltaren i Rogaland som lanserte Haugesund kommune som kandidat til Jordvernprisen for 2023, og det var ut frå fleire moment:

  • Sikre grunnlaget for matproduksjon i ein kommune med berre 2000 dekar fulldyrka jord
  • Sikre eit aktivt landbruk i kommunen
  • Fokus på aktivt drivne jordbruksareal av omsyn til natur- og friluftsinteresser
  • Fokus på sentrumsutvikling og redusert transportarbeid
  • Legge vekt på effektiv arealbruk og transformasjon av utbygde område
  • Viser lojalitet mot statlege og regionale føringar

Juryen har etter vår vurdering gjort eit godt val, og dette bør vere eit eksempel som bør motivere andre kommunar til å vurdere oppheving av regulerte område. Tilbakeført dyrka jorda i Haugesund vil kome fram som frådrag i omdisponert areal i KOSTA for 2023. Det er godt kjend at mange kommunar har store arealreservar vist som byggeområde som bør revurderast grunna redusert vekst og ny politikk når det gjeld jordvern og arealplanlegging. Haugesund kommune har vist at det er mogleg å endre planar som er godkjende i ei anna tid. Nye nasjonale og regionale føringar m.a. når det gjeld jordvern, klima og natur gjer at fleire kommunar må vurdere kva utbyggingsareal som kan takast ut ved neste planrevisjon. Statsforvaltaren i Rogaland vil her utfordre kommunane, i dette også nyvalte politikarar som skal ta avgjerder om arealbruk.

300.000 kroner er gitt i støtte til prosjektet Handtering av kadaver ved krise

Statsforvaltaren i Rogaland har tatt initiativ til oppstart av prosjektet Handtering av kadaver ved krise. Ved ulike hendingar må næring, samfunn, faglag og myndigheit samarbeide for å finne dei beste løysningane for å handtere store mengder kadaver. Dei siste åra har Rogaland hatt fleire utbrot av alvorleg dyresjukdom i fjørfebesetningar, der tusentals dyr måtte avlivast raskt for å hindre smittespreiing. Førebels har utbrota vore krevjande, men handterleg. Prosjektet vil utfordre alle aktørar på kva som skal gjerast i eit scenario som gir større mengde dyrekadaver enn det som handterast ved mindre alvorlege hendingar. Arbeidsgruppa består av personar som representerer ulike sektorar innanfor myndigheitene ved Statsforvaltaren, Mattilsynet, Veterinærinstituttet, og kommune. Andre aktørar som er involverte er Fatland, TINE, gjenvinningsanlegg, fjørfelaget og Rogaland Bondelag. Det er Rogaland Bondelag som eig prosjektet, og som har søkt om midlar. Prosjektleiar er Siv Meling frå Veterinærinstituttet. Rogaland fylkeskommune har støtta prosjektet med 300 000 kroner av regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket.

Samen for å arbeide om godt svinehald i Rogaland

Rogaland har om lag 30 prosent av den nasjonale svineproduksjon fordelt på 436 føretak. I regionen er det er hard konkurranse om svinebonden, dette gjeld både mellom slakteriene og mellom veterinærane.  At heile næringa er samla om at det ikkje skal konkurrerast på dyrevelferd og dyrehelse, er ein grunnleggande føresetnad for utvikling av landbruket i regionen.

Nettverket knytt til  det fleirårige prosjektet «Arbeid for godt dyrehald i Rogaland» - kor Statsforvaltaren i Rogland sitt som prosjektleiar, har no etablert ei eiga «svinegruppe». Gruppa skal arbeide med tiltak retta mot svinehald i Rogaland. Gruppa består av lokale representantar frå Norsvin, Forum Gris, veterinærane, slakteria, Veterinærinstittutet, Mattilsynet og Statsforvaltaren.

Gruppa starta denne våren med å invitere alle veterinærane i regionen som utfører helsegris-besøk i svinebesetningar til et møte. Helsegris er eit dokumentasjons- og oppfølgingssystem for helse, velferd og hygiene i svinebesetningar. Besøka blir utførte av ein helsegris-godkjend veterinær. Det er om lag 40 veterinærar som utfører helsegris-besøk i Rogaland.

Helsegris var naturlegvis òg hovudtema for samlinga, kor ansvarleg for systemet Animalia samt Veterinærinstituttet og slakteria heldt innlegg. Samlinga var etterlengta av veterinærane. Dialog, diskusjon og eit samla bilete av kor utfordringane ligg gjer eit godt utgangspunkt for vidare arbeid for eit godt svinehald i Rogaland.

Ein nysgjerrig gris på Jæren.
Ein nysgjerrig gris på Jæren. Foto: Monica Dahlmo