Fylkesnytt frå Rogaland 1/2024

Statsforvalteren i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om kartlegging av ammeku-produksjonen i Rogaland.

Kartlegging av ammeku-produksjonen i Rogaland

Lausdriftskravet gjeld for alle storfe frå 2034. Lausdriftskravet i mjølkeproduksjon har fått betydeleg merksemd dei seinare åra, medan ammekuproduksjon har falt litt utanfor. Det vil landbruksnæringa gjere noko med.

Ammeku.
Ammeku. Foto: Geir Skadberg

Fatland, Nortura, Prima, Tyr og Statsforvaltaren har gått saman for å kartleggje oppstallingstype og investeringsbehov i ammekuproduksjonen i Rogaland. Bøndene vil bli kontakta av varemottakar med spørsmål om dei har dyra på bås eller ei, og om det er behov for å byggje om fram mot 2034.

Oversikter frå søknad om produksjonstilskot oktober 2023, viser heile 976 føretak i Rogaland som er registrerte med minst ei ammeku. Kartlegginga vil derfor krevje ein del ressursar frå varemottakarane.

Slakteria skal deretter levere kvar si liste som viser føretaksnamn og resultat til Statsforvaltaren innan 1. mars. Statsforvaltaren vil kople opplysningane med si liste frå søknad om produksjonstilskot, og analysere resultata. Informasjonen om kvart enkelt bruk blir anonymisert før resultata blir gjort kjend.

Resultata skal mellom anna brukast inn mot den regionale landbrukspartnarskapen. På grunn av marknadssituasjonen, har ikkje ammeku-produksjonen blitt prioritert i dei siste åra. Dyrevelferd er vektlagt i dei nasjonale føringane for tildeling av IBU-midlar, og partnarskapen ønskjer derfor å få innsikt i status for ammeku-produksjonen. Ved prioritering av midlar vil partnarskapen ta omsyn til marknadsbalansen for kjøtproduksjon.

Tomt for investeringsmidlar til påske?

Innovasjon Norge Rogaland melder om stor interesse for investeringsmidlar (IBU) for 2024, og reknar med at det vil vere tomt for midlar til påske. Det er særleg investeringar i nye mjølkefjøs som dominerer, og auka utmåling av støtte til desse prosjekta medverkar også til raskare pengebruk. Samstundes er det semje om at vi sjeldan har høve til å gå høgare enn 40 prosent støtte til mjølkefjøs. Innovasjon Norge rår bønder til å søkje så snart som mogleg, m.a. grunna nasjonal pott som er avsett til lausdrift for storfe. Partnarskapet arrangerte eit eige webinar 30. november 2023 for å tidleg informere om prioriteringane for 2024.

Landbrukspartnarskapet i Rogaland hadde sitt siste møte i 2023 den 14. desember for endeleg drøfting av prioritering for 2024. Innovasjon Norge Rogaland opplyste her at det blei løyvd 48 mill. kroner til 22 mjølkefjøs i 2023, noko som var om lag 46 prosent av potten. Rogaland fekk i 2023 tildelt 17 millionar ekstra frå ubrukte midlar i andre regionar, men vi gjekk likevel tom tidlegare enn venta. Frå møtet i desember blei det annonsert følgjande hovudprioriteringar for 2024:

  • Rogaland aukar satsane på mjølkeprosjekt
  • Prioritering av storfe, sau, frukt og veksthus frå starten av året
  • Aktuelle saker frå 2023 blir gjort ferdig før nyttår, og avgjort i januar -24
  • Så snart den regionale potten for 2024 er tom, blir det søkt om midlar frå nasjonal pott til lausdrift (storfe)

Det er framleis om lag 400 båsfjøs i Rogaland, og vi må slik sett bygge 40 nye fjøs kvart år fram mot 2024 om alle skal vere med vidare. Og det er også andre viktige investeringar næringa må gjere av omsyn til dyrevelferd. Vi har eksempelvis etablert ei ordning der dei som driv med gris kan få støtte på inntil kr 500 000 for å få SPF-status (helsestatus gris). Elles er det klar semje om at Rogaland bør få meir midlar sett i høvet til omfanget av husdyrhaldet, noko som vil kome fram av innspel til jordbruksoppgjeret.

Tid for planvask i kommunane

Hillevåg i Stavanger
Hillevåg i Stavanger - stort utbyggingspotensial i byggesonen. Foto: Anfinn Rosnes

Vi går nå inn i ein periode der kommunane skal lage planstrategi for ny kommunestyreperiode, og mange nyvalde politikarar skal ta stilling til utvikling av kommunen. Samstundes har vi gjennom vårt oppdrag ei viktig oppgåve i å formidle ny nasjonal strategi for jordvern. Rogaland fylkeskommune har i 2023 revidert Regional jordvernstrategi som ei oppfølging av ny nasjonal jordvernstrategi, og har justert mål om maksimalt omdsponering av jordbruksareal frå 400 til 200 dekar i året.

Rogaland fylkeskommune har utvikla eit areal- og naturrekneskap for kommunane, noko som vil vere til stor nytte i vår kommunedialog. Her kjem det m.a. fram at det er om lag 113 000 dekar i arealreserve til saman i Rogaland, areal som er godkjent til byggeføremål men ikkje er utbygd. Av dette er om lag 23 000 dekar dyrka jord. Mykje av denne dyrka jorda er framleis ikkje regulert, og dermed ikkje registrert som omdisponert.

Arealrekneskapet gir oss eit godt grunnlag for å utfordre kommunar som har store arealreservar, i ei tid med meir fokus på planvask. Her var Haugesund kommune eit godt eksempel i 2023, som vinnar av Nasjonal jordvernpris. Vi vil utfordre kommunane til å legge fram eige arealrekneskap i arbeidet med planstrategi, og i vidare arbeid med planprogram for eventuell revisjon av kommuneplan. Jordvern vil stå sentralt i dette arbeidet, samstundes veit vi at vi står føre større infrastrukturtiltak som vil bli krevjande både ut frå jord- og naturvern. Då blir det ekstra viktig med planvask for å ta ut område som ikkje er aktuelle for utbygging.

Dyrt å drenere i Rogaland

Økt årlig nedbør kombinert med tunge maskiner har gitt jordpakking og mye vassjuk innmark i Rogaland. En dårlig jordhelse hindrer både god agronomi og gunstig næringsopptak til kultur-plantene. En godt drenert jord gir også god uttelling i klimaregnskapet for landbruket i regioner med mye nedbør, - som er tilfellet i Rogaland, men det er dyrt å drenere i Rogaland

Jordsmonnet på slåtteareal i de mest produktive områdene i Rogaland er ofte steinrikt. Bruk av skuffegraver til slike areal koster mellom 13 til 18 000,- pr. dekar, alt etter jordart og grøfteavstand. Tilsvarende dreneringstiltak på kornareal på Østlandet kan i dag ligge på kr 8–9 000,-. Tross at flere søkte i Rogaland etter heving av tilskuddssatser i 2023, gir tilskuddssats bedre økonomisk uttelling i områder med jord som er mer enkel å drenere, enn på den steinrike jorda som finnes i store deler av Rogaland.

Mange bønder i Rogaland har kortvarige leieavtaler av innmark, og er av den grunn ikke villige til å investere i dreneringstiltak på vassjuk leiejord. At bare 18 prosent  av innvilget  dreneringstilskudd var på leid areal i 2023, var som forventet.

graf
Areal innvilget dreneringstilskudd 2019–2023, og forholdet mellom eid og leid jord. Foto: Statsforvalteren i Rogaland

Rogaland fikk 6 mill. kr i dreneringstilskudd i 2023. Med inndratte midler i 2023 og overført midler fra 2022 disponerte Rogaland 14,47 mill. i dreneringsmidler for i 2023. 11,435 mill. ble innvilga i 2023. 261 søkte dreneringstilskudd og 224 søknader ble innvilget av kommunene, - med 11,435 mill. i tilskudd i 2023. Tilskuddene dekket et areal på 4 010 dekar. 82 prosent av innvilgede søknader var på eid og 18% på leid jord. Økningen i tilskuddssatser sommeren 2023 ga en økning i antall søkere på tilskudd til drenering i Rogaland. Kommunene rakk ikke tross disponible midler, å behandle alle søknadene ved utgangen av 2023.

Utviklling av innvilget dreneringstilskudd 2019–2023.
Utviklling av innvilget dreneringstilskudd 2019–2023. Foto: Statsforvalteren i Rogaland

Prisregelverket i konsesjonslova blir utfordra

Vi opplever gjennom fleire konkrete saker frå Rogaland at prisregelverket i konsesjonslova § 9a ikkje har slik verknad som er tenkt i lova. Det er stor interesse for å kjøpe landbrukseigedomar, og det er ofte slik at kjøparar med planar om å drive tradisjonelt landbruk ikkje har økonomi til å følgje med i konkurransen. Det gjeld også naboar som kunne vore aktuelle for kjøp av tilleggsjord. Bakgrunnen for dette er at fleire eigedomsmeklarar ikkje aksepterer at kjøpar tek atterhald om konsesjon, og kjøpar pliktar seg til å betale avtalt kjøpesum.

Klipp fra lokalavisa
Foto: Klipp fra lokalavisa

Vi har døme på at landbrukseigedomar blir kjøpt gjennom aksjeselskap til kjøpesum langt over forsvarleg avkastingsverdi etter dei verdsettingsprinsipp som gjeld for slike eigedomar. Kommunen gir ikkje konsesjon, og krev at eigedomen blir seld til nokon som kan få konsesjon. Søkjar klagar ikkje på dette vedtaket og sel eigedomen vidare, eksempelvis til eigaren av aksjeselskapet personleg. Andre døme kan vere at ein av to ektefellar kjøpar eigedomen langt over det som kan aksepterast av kommunen som forsvarleg pris etter konsesjonslova. Etter avslag på søknad om konsesjon blir eigedomen selt vidare til ektefelle til den prisen kommunen har opplyst som forsvarleg.  

Denne løysinga omkring prisregelverket ser vi i stadig fleire saker, noko som vil kunne føre til at prisregelverket ikkje lenger har den funksjonen det opphavleg vart tiltenkt. Signala frå sentralt hald er at prisregelverket er eit viktig verktøy i landbrukspolitikken. Slik «to-trinns handel» for å unngå prisreguleringa, kan forhindrast dersom det blir kravd at kjøpekontrakten inneheld atterhald om konsesjon.

Ei anna løysning er at eigedomsmeklarar eller seljar i større grad rådfører seg med kommunen, og opplyser i salsoppgåva om kva salspris kommunen kan akseptere i ein konsesjonssøknad. Dette er peikt på i rundskriv M-1 2021 s. 46 der det står:

Der selger forut for overdragelsen ber kommunen om informasjon om prisnivået, bør kommunen som ledd i en forvaltningsmessig forsvarlig behandling av saken imøtekomme en slik anmodning. De bør i den forbindelse orientere om priser som er avtalt i saker som gjelder tilsvarende overdragelser. En slik orientering kan bidra til at både selger og kjøper bedre kan forutberegne sin stilling.

Av dette les me at orientering om prisnivå for eigedomen er å rekne som ein del av kommunen si handsaming av saka, me oppfordrar difor både kjøpar og seljar til å ta kontakt med kommunen i forkant av ei eventuell budrunde, dersom det ikkje er opplyst om prisnivå i frå eigedomsmeklar.

Systematisk kartlegging av overvannsystem for å målrette vannmiljøtiltak

Hålandsvatnet.
Kartlegging av overvatn i nedslagsfeltet til Hålandsvatnet. Foto: Margit Reiersen

I forbindelse med prosjektet «Bedre vannkvalitet i Hålandsvatnet» kartlegger Norsk landbruksrådgiving Rogaland eksisterende jordbruksdreneringer, overordnede kanaler og vannveger i hele nedbørsfeltet rundt Hålandsvatnet. Sammen med grunneier blir oversikt over grøftesystem, påkoblinger, tilstand og problemområder kartfestet. I tillegg blir data fra kommunen sine ledningskart og grøftearkiv hentet inn. Alle opplysninger blir også sammenholdt med informasjon fra eldre flyfoto. Kartleggingen skal være ferdig våren 2024, og gir alt nå gode indikasjoner på hva som er viktig å ta fatt i for å kunne bedre vannkvaliteten.

Nedbørsfeltet til Hålandsvatnet er kun 5km2 fordelt på kommunene Stavanger og Randaberg, og er et godt og avgrenset arbeidsområde. Til nå er det meste av Randabergsiden kartlagt, og Stavanger står for tur våren 2024. Det har vært god dialog med grunneierne i registreringsfasen.

Når alt av informasjon er samlet inn, går NLR på ny befaring. Da for mer detaljerte registreringer og for å se på mulige steder for vannmiljøtiltak. Registreringer av grøftetilstand blir også sammenholdt med eksisterende jordprøver for å se sammenheng mellom jordkvalitet og grøftetilstand.

Kartleggingen skal sammenfattes i en rapport med tiltaksplan. Det vil være en anbefaling over aktuelle tiltak på enkelteiendommer med en prioritering som settes opp i samarbeid med kommunene og Stasforvalteren, over hvilke tiltak som ansees som mest effektive for å oppnå bedre vannkvalitet. Det er allerede innvilget midler til å detaljprosjektere de hydrotekniske tiltakene gjennom SMIL, og det blir viktig å mobilisere for gjennomføring av tiltakene som er foreslått.

Til nå så kan vi se flere spennende funn. Det er en stor andel av grøftesystemene som er eldre enn 45år. Mye av hovedkanalene er underdimensjonerte og lite av drensgrøftene er tilrettelagt for spyling. Stor grad av leiejord gjør at det investeres lite i grøfting og leietaker kjenner lite til grøftesystemet. De som kjenner grøftesystemene er ofte i alderen 70+ år. Det er også lite naturlige flomveier. Vassjuk jord gir dårligere avling og kan dermed indirekte føre til overgjødsling. Her er det mye å gripe tar i.

Riksrevisjonens rapport om matsikkerhet og beredskap trekker frem at dreneringsaktiviteten er for lav. Funnene fra denne undersøkelsen har ført til at kommunene ønsker å se nærmere på oppfølgingen av driveplikten og leieavtaler. Vannhåndtering blir mer og mer viktig når vi går inn i en framtid som byr på mer nedbør. Det gir nye gode perspektiver å se et nedbørsfelt under et. Da kan fort de beste tiltakene for ditt jorde gjøres hos naboen.

Prosjektet «Bedre vannkvalitet i Hålandsvatnet» skal jobbe konkret for å forbedre vannkvaliteten i innsjøen, men gir også kommunene mulighet for et testområde for gjennomgang av forvaltningspraksiser og mobilisering. Dette gir gode erfaringer og smitteeffekt til andre kommuner.