Gjennomgang av ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar

For å få meir kunnskap om forenkling, treffsikkerheit og korleis ordninga vil utvikle seg i framtida, har Kultur- og likestillingsdepartementet ønska ein gjennomgang av ordninga. No er rapporten klar.

Føremålet for ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere organisasjonane for betalt meirverdiavgift ved innkjøp av varer og tenester. Meirverdiavgiftskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar er rammestyrt og det gis kompensasjon innafor den ramma Stortinget har løyva for det enkelte år. For 2023 er ramma satt til 2 025 millionar kroner.

Byrået EY (tidlegare Ernst & Young AS) har levert rapporten og dei skriv mellom anna at ordninga framstår som treffsikker og at den bidrar til mangfald blant dei frivillige organisasjonane som søkjer om momskompensasjon. Søknadsgrunnlaget har auka kvart år sidan 2010, med unntak av under pandemien. Auka søknadsgrunnlag skyldast primært at aktiviteten i dei eksisterande organisasjonane aukar. Rapporten frå EY viser at offentlege tilskot bidrar sterkt til auka i aktivitetar og dermed kostnadsgrunnlaget som dannar grunnlag for kompensasjonssøknadane.