Gram fekk forsvarssjefen sitt fagmilitære råd

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) fekk 7. juni det fagmilitære rådet frå forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

FMR ovddiduvvui geassemánu 7. beaivvi 2023
FMR ovddiduvvui geassemánu 7. beaivvi 2023 Foto: FD

– Det fagmilitære rådet er eit svært viktig innspel til den kommande langtidsplanen for forsvarssektoren, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

Forsvarssjefen vart i fjor haust beden om å gi sitt fagmilitære råd til regjeringa om korleis Forsvaret og Noregs tryggleik bør bli styrka.

– Me skal byggja eit sterkare og meir robust forsvar. Gjennom tilrådingane frå Forsvarskommisjonen, Totalberedskapskommisjonen, forsvarssjefen og Nasjonalt tryggingsorgan, har me eit svært godt grunnlag for å ta avgjerder om korleis vi skal gjere dette, seier Gram. 

I rådet gir forsvarssjefen konkrete tilrådingar innan følgjande område:

  • Styrke eiga forsvarsevne med særleg vekt på nordområda
  • Styrke samvirket med allierte og NATO
  • Utvikle personell- og kompetanseområdet
  • Motstå samansette trugslar og bidra til å redusera sårbarheita i samfunnet
  • Styrke totalforsvaret og gjere samfunnet meir motstandsdyktig
  • Auka evna til å ta i bruk ny teknologi som kan styrke forsvarsevna og gjere Forsvaret meir effektivt og moderne

Her kan du lese rådet: Forsvarssjefens fagmilitære råd 2023 - Forsvaret