Høyring: Endringar i inndelingslova

Dette innhaldet er meir enn 8 år gammalt.

Departementet sendte 10. juni ut eit høyringsnotat med framlegg om endringar i inndelingslova og i kommunelova. Høyringsfristen er 1. oktober 2015.

I arbeidet med konkrete inndelings­saker i den pågåande kommunereforma har departementet blitt merksam på behov for å gjere nokre mindre endringar i inndelingslova, for at lova skal kunne fungere som ein tenleg reiskap ved grenseendringar.

Departementet har ikkje gått gjennom heile inndelingslova no, men kjem med framlegg til lovendringar som departementet meiner er naudsynte for at samanslåings­prosessane lokalt skal gå smidig føre seg. Forslaga til endringar i inndelingslova avklarar også nokre spørsmål som lova i dag ikkje løyser uttrykkjeleg.

Eit av spørsmåla blir handsama i høyringsnotatet er korleis ROBEK-status skal handterast ved samanslåingar. Departementet vil høyre kva høyrings­instansane meiner om at nye kommunar ikkje automatisk blir registrerte i ROBEK frå samanslåingstidspunktet, samtidig som fylkesmannen får ei tidsavgrensa fullmakt til å melde kommunen inn i ROBEK dersom kontrollbehovet framleis er til stades.

Høyringsnotatet og høyringsbrevet.