Høyring – forslag om likare meirverdiavgiftsreglar for utanlandske og norske leverandørar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Finansdepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag om å innføre generell meirverdiavgiftsplikt på sal av alle fjernleverbare tenester frå utlandet til mottakarar i det norske meirverdiavgiftsområdet. Forslaget vil gi betre konkurransevilkår for norske leverandørar.

– I dag har utanlandske verksemder som sel fjernleverbare, ikkje-elektroniske tenester til forbrukarar ein konkurransefordel, fordi dei ikkje må betale meirverdiavgift. Forslaga vi no legg fram, vil gi likare konkurransevilkår og dimed styrke norske leverandørar sin posisjon samanlikna med i dag, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Fjernleverbare tenester er tenester der utføringa eller leveringa etter tenestas art ikkje eller vanskeleg kan knyttast til ein bestemt fysisk stad. Døme er rådgivings- og marknadsføringstenester, samt ei rekke elektroniske tenester. I dag er det meirverdiavgiftsplikt på alle fjernleverbare tenester som blir selt frå utlandet til næringsdrivande eller offentlege verksemder i Noreg. Dersom mottakaren er ein forbrukar, er det berre avgiftsplikt på elektroniske tenester.

Departementet foreslår å utvide meirverdiavgiftsplikta ved innføring av fjernleverbare tenester til forbrukarar til òg å gjelde ikkje-elektroniske tenester. Vi foreslår at oppkrevingsmekanismen for meirverdiavgift ved sal av fjernleverbare tenester til forbrukarar skal vere forenkla registrering av den utanlandske seljaren, det vil seie ei utviding av VOEC-ordninga.

Høyringsfristen er 8. juli 2022.