Høyring om tilpassingar og unntak frå barnevernlova for å handtere auken av flyktningar frå Ukraina til Noreg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Styresmaktene planlegg no for at det kan komme eit stort tal barn til Noreg samtidig. Dagens dispensasjonsreglar gir rom for å handtere ein auke av personar til omsorgssentra. Likevel kan belastninga på tenestene bli for stor. Barne- og familiedepartementet føreslår derfor naudsynte tilpassingar i regelverket, for å gjere systemet fleksibelt nok til å ta imot eit stort tal barn på kort tid.

– Vi skal ta godt vare på dei ukrainske barna som flyktar frå krig til Noreg. Dei kan trenge hjelp i omsorgssenter for einsleg mindreårige, og frå barnevernet. Einslege mindreårige på flukt er særleg sårbare for utnytting, og vi må ha gode system som varetar dei, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Statsråden legg til:

– Forslaga vil berre kunne tas i bruk om det oppstår ei situasjon som gjer dette heilt naudsynt. Per nå er det ikkje naudsynt.

Forslaga er vurdert opp mot menneskerettslege forpliktingar. Krav til rettstryggleik ligg fast. Men den ekstraordinære situasjonen med krig i Ukraina tilseier at staten må kunne ha eit større handlingsrom enn normalt, slik at alle barn som kjem får eit tilbod, sjølv om tilbodet ikkje er like omfattande som i ein normalsituasjon.

Nokon av endringane som blir føreslått:

  • Bufetat sine omsorgssentre varetek einslege mindreårige i dag. Særleg for små barn vil det vere betre å bu i ein heim medan ein venter på busetting. Departementet føreslår at Bufetat skal kunne gi barn eit familiebasert tilbod i staden for plass i omsorgssenter. Heimen skal følgje dei same krava som til fosterheimar.
  • Statsforvaltaren sin plikt til å føre tilsyn med omsorgssentra må liggje fast, og dei må også føre tilsyn med dei private heimane. Tilsyn er viktig for å ivareta rettstryggleiken til barna. Ein vesentleg auke i talet på barn vil utfordre statsforvaltaren sine ressursar til å oppfylle plikta til talet på stadlege tilsyn per år. Difor foreslår departementet unntak frå kravet om talet på tilsynsbesøk når dette er naudsynt for at statsforvaltaren skal prioritere sine ressursar på ein føremålstenleg og forsvarleg måte.
  • Ved busetjing kan det bli auka behov for fosterheimar, særleg til dei yngste barna. Departementet foreslår å skyve på krava for opplæring, slik at opplæringa av fosterforeldre kan bli gjennomført seinast innan seks månader etter at barnet har flytta inn, ikkje før barnet flyttar inn.
  • For å sikre at barnevernet i ein pressa situasjon har større fleksibilitet til å prioritere sine ressursar til det beste for alle barn i barnevernet, foreslår departementet enkelte endringar i regelverket om krav til bestemte tal på tilsyn og tidsfristar.

Unntaka skal berre gjelde når det på grunn av eit høgt tal personar fordrivne frå Ukraina er strengt naudsynt for å yte tenester til barn.

Departementet har i forslaget søkt å identifisere og vurdere flaskehalsar i regelverket som kan takast bort, men samstundes slik at det generelle rammeverket rundt barnet framleis er i behald. 

Det er eigne reglar om at barn som er under offentleg omsorg i eit anna land, kan overførast til barnevernet i Noreg. Vi føreslår å forenkle nokre av prosedyrane knytt til dette, fordi det vil være krevjande å ha kontakt med styresmakter i krig. 

Du kan lese heile høyringsnotatet her. Høyringsfrist er 12.04.2022.