Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 41

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 41, 2022.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt

Tysdag 11. - onsdag 12. oktober
Utanriksminister Anniken Huitfeldt er på reise i USA. Utanriksministeren vil mellom anna ha møte med USAs styresmakter i Washington D.C og vil delta på møte i FNs tryggingsråd i New York. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Washington D.C og New York, USA

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad (med på reisa), 91 71 74 59

Torsdag 13. oktober
Kl. 11.00: Utanriksminister Anniken Huitfeldt deltek på opninga av AUFs landsmøte. Stad: Samfunnssalen, Oslo. 

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Eirin Kjær, mobil 92 29 59 15

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 10. oktober
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på High-Level Security and Nutrition Conference i regi av the African Union (AU), Det internasjonale forbundet av Raude Kross- og Raude halvmåneforeiningar (IFRC), FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO)  og Afrikabanken (AfDB) om blant anna mattryggleik. Konferansen finn stad i Addis Abeba, Etiopia. Sjå også eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, 99 52 20 26

Tysdag 11. - fredag 14. oktober
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på årsmøtet i Verdsbanken. Møtet finn stad i Washington D.C, USA. Sjå også eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, 99 52 20 26

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 10. oktober
Kl. 09.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på opninga av Active citizens day skipa til av Helsingforskomiteen. På møtet vil mottakarar av EØS-middel frå 15 land diskutere felles utfordringar. Stad: Nedre Slottsgate 2, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00:Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med studentar frå Youth Atlantic Treaty Association (Yata) i Oslo. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson har eit møte med dr. Comfort Ero, president og CEO i International Crisis Group, og hennar kollega Olga Oliker. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 11. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Eivind Vad Petersson held opningsinnlegget på Plan Noregs likestillingsseminar "Er Noreg best på likestilling ute i verda?". Seminaret er i samband med jentedagen 11. oktober. Stad: Ingensteds, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 12. - fredag 14. oktober
Statssekretær Eivind Vad Petersson er med kronprins Haakon på reise til Island. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Reykjavik, Island

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Erling Rimestad

Søndag 9. - tysdag 11. oktober
Statssekretær Erling Rimestad deltek på det årlege møtet i eksekutivkomiteen for FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR). Stad: Genève, Sveits

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 14. oktober
Kl. 13.00: Statssekretær Erling Rimestad deltek på arrangementet A World in Transitions: Implications for Priorities and Efficiencies in Global Health. Arrangementet er skipa til av Helse- og omsorgsdepartementet og Senteret for global helse ved Universitetet i Oslo. Stad: Fanehallen, Akershus festning

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 10. - tysdag 11. oktober
Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på eit møte med Komiteen for global mattryggleik (CFS50) som finn stad i Roma. Sjå meir på FAO sine nettsider.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 12.oktober
Kl. 09.10: Statssekretær Bjørg Sandkjær held opningsinnlegget på Extractive Industries Transparency Initiative (Eiti) sitt styremøte. Arrangementet finn stad på Quality Hotel Hasle, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 13. oktober
Kl. 15.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek digitalt på eit møte med Ulrika Richardson, spesialrepresentant for generalsekretæren, bebuarkoordinator og humanitær koordinator for FN.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.30: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek digitalt på eit møte med sivilsamfunnet om FNs rammeverk for finansiering for utvikling og kampen mot ulovleg kapitalflyt.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 14. oktober
Kl. 13.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær held innlegg på eit seminar om prioriteringar og effektivitet i global helse i regi av Helse- og omsorgsdepartementet og Senter for global helse hos UiO. Stad: Fanehallen, Akershus festning

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02