Innfører heiltidsnorm i arbeidslivet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Heiltid blir no normen i arbeidslivet, og deltidstilsette får styrka fortrinnsretten til hel stilling.

– Faste, heile stillingar skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. At for mange jobbar deltid er eit stort problem i deler av arbeidslivet, og det rammar særleg kvinner. Derfor kjem heiltidsnorma, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) på taket i AID
Foto: Astrid Waller

Arbeidsgjevar skal dokumentere behov for tilsetjing i deltidsstillingar, og drøfte dette spørsmålet med tillitsvalde. Arbeidstilsynet skal ha avgjerdsmakt til å handheve at arbeidsgjevar fylgjer denne dokumentasjons- og drøftingsplikta.

– Fast heiltidsjobb er det beste for den enkelte, men det er også eit gode i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Høg velferd i framtida er avhengig av at det finnest nok arbeidskraft. Då er det også naudsynt at fleire arbeidstakarar kan ha heile stillingar, seier Marte Mjøs Persen.

Vidare blir det innført to lovendringar som skal styrke fortrinnsretten til deltidstilsette. Etter arbeidsmiljølova skal fortrinnsretten også gjelde før ny innleige i verksemda, i tillegg til at deltidstilsette skal ha fortrinnsrett til «ekstravakter og liknande».

Lovendringane trer i kraft frå 1.januar 2023.