Krevjande fôrsituasjon for bønder som er ramma av tørke og flaum

Landbruks- og matminister Geir Pollestad hadde i dag statusmøte med aktørar frå landbruksnæringa og forvaltninga der tema var fôrsituasjonen som følge av flaum og tørke.

Alt regnet på Austlandet dei siste vekene har ført til redusert fôrproduksjon. Mange husdyrprodusentar har mista delar av eller heile avlinga og blir avhengig av å kjøpe fôr det komande året. I nordlege delar av Nordland, i Troms og Finnmark  har mange fått redusert avlingane som følge av tørke.

– Det var eit svært nyttig møte med aktørar som alle har viktig kunnskap om konsekvensane av det utfordrande vêret vi har hatt i sommar med tørke i nord og svært mykje regn i sør. Vi har ei felles forståing av at situasjonen er utfordrande for jordbruket, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Flom i kornåker
Landbruks- og matministeren understrekar at kvar enkelt bonde må gjere ei sjølvstendig vurdering av eigen fôrsituasjon og alternative fôrkjelder. Foto: Torbjørn Tandberg

Med på møtet var representantar frå Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Statsforvaltar i Oslo/Viken og Innlandet, Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Norsk Landbruksrådgiving, Nortura, Tine og Felleskjøpet.

– Per i dag ser vi at det er store variasjonar mellom landsdelar og også mellom produsentar innafor same geografiske område. Vi har ikkje eit fullstendig bilde av fôrsituasjonen før utpå hausten. Utfordringane med vêret er ikkje over. Mange bønder er framleis i ein akuttfase og det er ikkje vanskeleg å forstå at dette er ei stor påkjenning for dei det gjeld, seier Pollestad.

Landbruks- og matministeren understrekar at kvar enkelt bonde må gjere ei sjølvstendig vurdering av eigen fôrsituasjon og alternative fôrkjelder.

Tilbakemeldingane i møtet synte at næringa og forvaltninga er godt oppdatert om situasjonen og kan hjelpe bønder som står i ei krevjande tid. 

– Mange har behov for agronomifaglege og økonomiske råd, og for bonden er det krevjande å stå i slike situasjonar med alle bekymringane dette inneber. Eg vil oppmode alle til å nytte dei gode kreftene som landbruket har, hos kommunane, Statsforvaltaren, Norsk Landbruksrådgiving, faglaga og andre relevante aktørar. På statleg hald har vi ordningar som til ei viss grad kompenserer for tap. Vi vil fortløpande vurdere moglege tilpassingar i ordningane for best mogleg å treffe den situasjonen vi står i, seier landbruks- og matministeren.