Regjeringa med nye økonomiske støttetiltak etter ekstremvêret

Den kommunale skjønnsmiddelordninga blir midlertidig utvida slik at kommunane får dekt utgifter i samband med opprydding. Regjeringa justerer også ordninga for produksjonssvikt slik at bønder kan få tilskot når dei haustar korn som er øydelagt av flaum.

Endringar i skjønnsmiddelordninga

Endringane gjeld for kommunane sine kostnader til all opprydding etter ekstremvêret hausten 2023 som ikkje blir dekt over andre støtteordningar. Retningslinjene for skjønstilskotet blir derfor midlertidig utvida slik at kostnadene kommunane har til opprydding, inklusive opprydding på anna enn kommunal infrastruktur, kan inkluderast i søknad om skjønstilskot.

– Det er klart at ekstremvêret i haust var ei ekstraordinær hending som førte til eit omfattande oppryddingsbehov. Regjeringa er oppteken av at kommunane ikkje sit igjen med store kostnadar til nødvendig opprydding. Det er derfor rett å midlertidig utvide retningslinjene for skjønstilskotet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Flomskade på åker.
Foto: Landbruks- og matdepartementet

Jobbar vidare med ei midlertidig løysing for private aktørar

I tillegg har regjeringa vedteke at Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet skal jobbe med ei midlertidig løysing for å dekke tilsvarande utgifter til opprydding for private aktørar. Regjeringa vil komme tilbake til korleis ei slik søknadsordning skal utformast.

– Det er viktig at avfall etter ekstremvêret blir rydda opp og handtert. I denne situasjonen er ikkje dei etablerte støtteordningane tilstrekkelege og enkelte stader kan oppryddinga bli dyr. Endringane vi nå set i verk, vil bidra til å dekkje oppryddingskostnader både for kommunane og private, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Endringar i produksjonssviktordninga for jordbruket

Korn som blir treska og deretter avvist på kornmottaket eller ikkje blir betalt på grunn av dårleg kvalitet, gjev per i dag ikkje grunnlag for tilskot gjennom produksjonssviktordninga. Dette blir nå midlertidig endra. Ordninga med tilskot ved produksjonssvikt blir justert slik at korn som blir avvist eller ikkje blir betalt på grunn av dårleg kvalitet, likevel kjem inn under ordninga.

I produksjonssviktordninga ligg det ei plikt til avgrensa tap og plikt til å hausta. Kommunen kan gje unntak frå hausteplikta. I mange tilfelle vil det ikkje vere praktisk mogleg å avgjerda før hausting om kornet har så dårleg kvalitet at det ikkje vil bli akseptert av kornmottaket. Kommunane kan framleis gje unntak frå hausteplikta i tilfeller der det er rimeleg tvil om kornet kan brukast.

Dei justeringane som nå blir gjort vil forbetre situasjonen for bønder som har fått øydelagt kornavlingar av dei dårlege vêrforholda i sommar.

– Det er viktig at vi i dag kan gje signal til produsentar som er i tvil om dei vil få selt kornet, at dei kan få tilskott til produksjonssvikt viss kornet blir underkjent. Dermed er det lurt å treske om ein er i tvil. Samtidig er det viktig å understreke at kommunane kan gje unntak frå hausteplikta i tilfelle der det er rimeleg tvil om kornet kan brukast, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.