Kunnskapsrapport om berekrafta i norsk jordbruksproduksjon

Norsk institutt for Bioøkonomi (NIBIO) har utarbeida ein kunnskapsrapport om berekrafta i norsk jordbruksproduksjon. Rapporten er eit svar på eit større oppdrag som NIBIO fekk frå Landbruks- og matdepartementet i 2022, og utgjer del 1 av oppdraget.

Basert på kunnskapssamanstillinga som ligg til grunn for denne rapporten, skal det gjennomførast ei vitskapleg analyse som skal gje grunnlag for å vidareutvikle et berekraftig norsk matsystem som bidreg til matsikkerheit på lang sikt. Analysa, del 2 av oppdraget, skal ferdigstillast innan juni 2024.

– Norsk landbrukspolitikk skal sikre eiga befolkning nok og trygg mat, med tydelege miljø- og klimaambisjonar og ivareta eit landbruk i heile landet. NIBIO sitt oppdrag er eit ledd i å styrke forståinga for status og utfordringar for det norske matsystemet, seier Landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Nibio rapport 110-2023
Bærekraft i norsk jordbruksproduksjon Kunnskapsstatus for videre analyser Foto: NIBIO