Rapport: Berekraft i norsk jordbruksproduksjon - Kunnskapsstatus for vidare analysar

Rapporten inneheld ei samanstilling av kunnskap om status for miljømessig, økonomisk og sosial berekraft i norsk jordbruksproduksjon og er svar på eit oppdrag som NIBIO fekk frå Landbruks- og matdepartementet i november 2022.

I eit supplerande tildelingsbrev frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) 22. november 2022 vart NIBIO bede om å gjere ein brei analyse av berekrafta i norsk jordbruksproduksjon med tilhøyrande verdikjede. Oppdraget vart beskrive som todelt, og denne rapporten er delleveranse ein. Her skal det lagast ei kunnskapssamanstilling knytt til berekraft i norsk jordbruk med tilhøyrande verdikjede, og relevant kunnskap internasjonalt, under dette også nordisk arbeid.

Delleveranse ein skal vere basis for det vidare analysearbeidet i del to. I delleveranse to skal det gjennomførast ein vitskapleg analyse som skal gi grunnlag for å vidareutvikle eit berekraftig norsk matsystem som bidreg til mattryggleik på lang sikt.

Rapporten

Nibio rapport 110-2023
Bærekraft i norsk jordbruksproduksjon Kunnskapsstatus for videre analyser Foto: NIBIO