Historisk arkiv

Landskapskonvensjonen på samisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet har laga ein publikasjon om den europeiske landskapskonvensjonen på samisk.

Miljøverndepartementet har laga ein publikasjon om den europeiske landskapskonvensjonen på samisk.

Publikasjonen vert distribuert i Noreg, Sverige og Finland og målet er å gjere landskapskonvensjonen meir tilgjengelig for samiske mynde, interessar og kompetansemiljø. Vi håper dette vil bidra til å styrke interessa for samiske landskap – Sápmi.

Publikasjonen er ei utvida utgåve av ”Kvardagslandskapet” som kom i 2009 og er tilpassa landskapet i dei samiske områda i Norden. Den samiske utgåva inneheld heile konvensjonsteksten og har mange fine bilete frå dei tre landa.

Mange samar har røter i eit landskap der forfedrane har satt sine spor. Det er stor variasjon og mangfald i leveforhold i Sápmi. Det samiske kulturlandskapet er viktig for å oppretthalde samisk identitet og kultur, og for å styrke og vidareføre dei historiske røtene.

Utfordringa er å ta vare på dette landskapet og landskapsverdiane. Deltaking og dialog tufta på anbefalingane frå landskapskonvensjonen vil føre til sikring av samiske og andre samfunnshensyn i kommunale og regionale planer, og tiltak.

Landskapskonvensjonen er Europarådet sin konvensjon for fornuftig vern, bruk og planlegging av landskapet, og for samarbeid om landskapsspørsmål i Europa. I Norden har Danmark, Finland, Norge og Sverige ratifisert konvensjonen. Konvensjonen vert nå gjennomført av kvart av landa, tilpassa lokale forhold.

Meir informasjon:

Landskapskonvensjonen / Eurohpalaš eanadatkonvenšuvdna

Kvardagslandskapet – den europeiske landskapskonvensjonen

Landskapskonvensjonen (Miljøverndepartementet)

Landskapskonvensjonen (Europarådet)