Lanserer ny og oppdatert handlingsplan for hubro

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Hubroen er sterkt truga og står i fare for å døy ut frå norsk natur. No lanserer Miljødirektoratet ein ny – og oppdatert – handlingsplan for å redde den største ugla i Noreg.

Hubrounger
Hubroen har vore freda i Noreg sidan 1971. Foto: Georg Bangjord/Statens naturoppsyn

- Denne handlingsplanen er ein viktig milepåle i arbeidet for denne fascinerande ugla. Vi må minke dødelegheita og ta betre vare på leveområda til hubro for å stogge bestandsnedgangen og sikre ein langsiktig overleving av arten i Noreg, seier statssekretær Aleksander Øren Heen.

Hubroen er i kategorien sterkt truga på raudlista frå 2021. Bestanden i Noreg er rekna å vere ei plass mellom 451-681 hekkande par. Hubroen lev eit anonymt og tilbaketrekt liv. Om dagen sit ho gjerne godt skjult under ein berghammar eller i tett vegetasjon, om natta jaktar ho bytter på lydlause vingar med eit spenn på opp til heile 185 cm.

Sikre bestanden

Måla i den oppdaterte handlingsplanen er å stogge ytterlegare nedgang i bestanden. Elektriske støyt og kollisjon med kraftlinjer, øydelegging av leveområde, miljøgifter, næringsmangel og forstyrring frå menneskje er rekna som dei viktigaste årsakene til tilbakegangen.

Hubroen har hatt ein eigen handlingsplan sidan 2009. Den nye planen vidarefører manga av dei vellukka tiltaka frå den fyrste planen, men inneheld òg nye satsingar. Mellom anna skal ein auke innsatsen for styrking av kompetansen til saksbehandlarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare skal ein utarbeide ei forvaltningshandbok for hubro som eit verktøy for å ivareta omsynet til ugla i arealplanlegging og sakshandsaming.

Det langsiktige målet er å legge til rette for at arten i størst mogeleg grad kan reetablere seg og oppretthalde ei sjølvrekrutterande populasjon i tidlegare utbreiingsområder.

Revolusjonerande overvaking

For to år sidan vart overvakinga av hubro styrka gjennom eit nasjonalt overvakingsprogram for arten. Kunnskap er ein avgjerande føresetnad for å kunne ta betre omsyn til hubroen. Bruk av lytteboksar som plasserast ut i terrenget for å fange opp den lågmælte hukringa til hubroen, har revolusjonert kartleggingsarbeidet og gitt gode resultat mellom anna i Ytre Sogn.

- Vi har både mogelegheit og plikt til å redusere risikofaktorane for hubroen. Undersøking av reirplassar syner at hubro har nytta same reirplass i fleire hundre år. Det understrekjer betydinga av å ta omsyn til hekkeplassane. Videre kartlegging og overvaking er heilt sentralt for å kunne målrette tiltaka enda betre og å handtere arealkonfliktar som omfattar hubro, seier Heen.

  • Hubroen vart freda i 1971. Da var ho nesten utrydda både i Noreg og Europa. Trass fredinga haldt tilbakegangen fram.
  • I 2009 fekk hubroen sin eigen handlingsplan, og fleire tiltak er gjennomført i kraft av denne. Styrking av overvaking og kunnskapsinnhenting er har vore eit satsingsområde i handlingsplanen.
  • Frå 2020 er overvakinga av hubro styrka gjennom eit nasjonalt overvakingsprogram for arten.
  • Hubroen er i kategorien sterkt truga på raudlista frå 2021. Bestanden i Noreg er rekna å vere ei plass mellom 451-681 hekkande par.
  • Miljødirektoratet lanserer ny og oppdatert handlingsplan for hubro i juli 2022. Last ned: Handlingsplan for hubro 2022-2026
Hubro på sittepinne som hindrar at ugla får elektriske støt.
Hubro på sittepinne som hindrar at ugla får elektriske støt. Foto: Karl-Otto Jacobsen/NINA