Trua natur

Nokre artar og naturtypar er så sjeldne eller har gått så tilbake at det er stor risiko for at dei forsvinn. Mange av desse trua artane og naturtypane treng at vi set inn tiltak for at vi skal klare å ta vare på dei. Viktige føresegn for å ta vare på trua natur, er prioriterte artar og utvalde naturtypar.

Aldri før har vi på globalt nivå endra og påverka naturen så mykje som dei siste femti åra. Dette har ført til dårleg tilstand i mange naturtypar og økosystem. Ei rekkje artar og naturtypar er trua av utrydding. Det betyr at dei har høg risiko for å døy ut. Dei viktigaste årsakene til at artar blir trua, er at leveområda deira blir øydelagt, endra eller fragmentert så mykje at artane ikkje lenger kan leve der. 

Andre viktige påverknader er forureining, overhausting og spreiing av framande skadelege organismar. Klimaendringane vil framover bli ein aukande trugsel og vil kunne medføre at så mykje som 25-30 prosent av artane i verda kan forsvinne. Dette kan føre til alvorlege endringar i økosystema, noko som vil ha store konsekvensar for vårt liv på jorda. 

I Noreg kjenner vi i dag til om lag 40 000 artar. Men truleg finst det så mykje som 60 000 artar. Av desse er om lag 2400 artar trua. Dei fleste av dei er insekt, sopp, lav og karplanter. Men vi finn også pattedyr og fuglar på lista. Fjellrev, bjørn og hubro er døme på slike. Vi har 40 trua naturtypar i Noreg. Døme på slike er kystlynghei og slåttemark. Trua artar og naturtypar går fram av norsk raudliste for artar og norsk raudliste for naturtypar.

Korleis kan vi ta vare på den trua naturen?

For å ta vare på den trua naturen for framtida, må vi ta vare på leveområda til artane. Dette kan gjerast gjennom områdevern eller bruk av andre arealbaserte verkemiddel. Om arten finst i eit område som ikkje har slike reglar, må ein prøve å unngå øydelegging av leveområda gjennom å sikre ei arealplanlegging og bruk som best mogleg tek omsyn til arten.

I ein del tilfelle trengs aktive tiltak for å redde arten. Det kan til dømes vere avl og utsetjing, merking, beiting, skjøtsel eller slått. Eit døme på eit verkemiddel som inneber særskilte reglar for å ta vare på ein særskild art, er reglar om prioriterte artar. Med slike reglar får kvar art si forskrift med eigne reglar.

Eit anna verkemiddel som kan vere viktig for å ta vare på trua natur, er utvalde naturtypar. Dette inneber at visse naturtypar er omfatta av eit sett reglar som krev særskilte vurderingar og omsyn i saker der ei slik naturtype blir påverka. Desse reglane er ikkje så strenge som reglar om prioriterte artar og områdevern.

Prioriterte artar

Ved å prioritere ein art blir det fastsett forbod mot alt av uttak, skade eller øydelegging av arten. Ein art kan også prioriterast om det følgjer av internasjonale avtalar, eller om Noreg har ansvar for ein art det finnes en del av i Noreg, men som det er få av i Europa eller reisten av verda. Om det er naudsynt, vert det laga raglar for kva som er lov og ikkje i dei viktigaste leveområda til arten (til dømes hekkeområde, kalvingsområde osv),  såkalla økologiske funksjonsområde. Det kan også vere reglar om skjøtsel eller naudsynte andre tiltak, til dømes slått for å hindre gjengroing, hogst for å gi nok lys til arten eller fjerning av  skadelege framande artar.

Det er regjeringa som avgjer at ein art skal bli prioritert. Det er normalt fylkesmannen som forvaltar prioriterte artar. Det er i dag vedteke 13 prioriterte artar:

  • fuglane dverggås og svarthalespove (underarten islandica i Nord-Norge)
  • insekta elvesandjeger, eremitt og klippeblåvinge
  • plantene dragehode, honningblom, raud skogfrue, dvergålegras, svartkurle, skredmjelt og trøndertorvmose
  • pattedyret fjellrev

Reglane om prioriterte artar følgjer av lovkapittel III (§§ 23 og 24) og er nærare omtald i kapittel 9 og kapittel 21 i lovproposisjonen.

Utvalde naturtypar

Utvalde naturtypar er reglar om berekraftig bruk og ikkje vern. Døme på naturtypar er kalkrike enger, elvedelta, sanndyner og kystlynghei. Også einskilde gamle tre, med alle dei artane som lever i eit slikt tre, kan vere ein naturtype. Eit døme på ein slik naturtype er hule eiker, som kan innehalde så mange som 500 artar. Kvar naturtype har sine særskilte artar og miljøforhold som desse artane er avhengige av. At ein naturtype blir utvald, inneber at alle skal ta særskilde omsyn til den når dei brukar naturen, driv med arealplanlegging eller anna forvaltning. I og med at reglane ikkje inneber vern, betyr det at ein nokon gonger kan la andre omsyn få prioritet og at enkelte førekomstar kan bli øydelagd.

Det kan være fleire årsaker til at ein naturtype bør få status som utvald. Mellom anna kan det vere at den er trua eller har hatt stor tilbakegang, at Noreg har ein stor del av naturtypen, at det følgjer av internasjonale avtalar eller at den er levestad for trua artar. Det er regjeringa som kan avgjere at ein naturtype skal bli ein utvald naturtype.

Det er så langt vedteke fem utvalde naturtypar:

  • slåttemark
  • slåttemyr
  • kalksjø
  • kalklindeskog
  • hule eiker

Reglane om utvalde naturtypar følgjer av lovkapittel VI (§§ 52-56) og er nærare omtald i kapittel 13 og kapittel 21 lovproposisjonen.

Meir informasjon på Miljødirektoratets nettsider om prioriterte artar og utvalgte naturtyper.