Historisk arkiv

Tilskotsordningar for 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, forureining, kulturmiljø, klima m.m.

Innhold:

Føreord

Miljøstyresmaktene set årleg i verk ei rekkje tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast i arbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse klima- og miljøutfordringane. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Klima- og miljødepartementet tilskot til ulike tiltak som blir sette i verk av organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om departementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå desse. 

Rundskrivet omtalar kriterium for tildeling, krav til søknaden, søknadsfristar o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, Sametinget eller Miljødirektoratet.

Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane slik det er gjort framlegg om i Prop. 1 S (2020-2021).

Oslo, 03.11.2020

Med helsing

Klima- og miljøministeren 

Tilskot til naturforvaltningstiltak

Tilskot for varetaking av  naturmangfald i kommuneplanlegging (Kap. 1420 post 60)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å styrke den naturforvaltninga i kommunane. Det er ønskjeleg at kommunane har større medvit om eigne naturverdiar, slik at dei kan gjere politiske val på eit betre kunnskapsgrunnlag tidleg i planprosessane. Dette kan gi meir effektive planprosessar og kompetanseløft i kommunane, i tillegg til at det vil skape eit lokalt engasjement for naturen og betre varetaking av naturmangfald. Målgruppe for ordninga er kommunane.

Kva for tiltak kan få tilskot

Kommunane sitt arbeid med å lage og vedta kommunedelplanar for naturmangfald i tråd med plan- og bygningslova kan få tilskot.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. I søknaden skal ein beskrive mål for arbeidet med kommunedelplan, korleis prosjektet blir organisert og korleis kommunen vil sikre medverknad frå innbyggjarar og andre interessentar i prosjektet.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist er 1. februar 2021.

Tilskot til skrantesjukeprøver frå fallvilt (Kap. 1420 post 64)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å kartleggje mogleg spreiing av skrantesjuke. Skrantesjuke er ein smittsam prionsjukdom som rammar hjortedyr, og er dødeleg for dyret. Kommunens personell for ettersøking  er den gruppa som er mest i kontakt med fallvilt, og det er derfor ofte føremålstenleg at dei tek ut naudsynte prøver. Kommunens prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter, og tilskotsordninga er oppretta for å medverke til å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Kva for tiltak kan få tilskot

Prøver som kommunar tar i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling av søknadsskjema oppfyller kravet til søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist er 1. mai 2021.

Fristen er harmonisert med frist for rapportering av fallvilt. Elektronisk søknadssenter hentar automatisk det talet skrantesjukeprøver som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gitt ein fast sats per registrert prøve.

Tilskot til tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold (Kap. 1420 post 65)

Tilskotsregelverk for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til konfliktdemping i kommunar med ulverevir. Målgruppe for ordninga er kommunar i delar av Innlandet fylke (tidlegare Hedmark fylke) og delar av Viken fylke (tidlegare Akershus fylke og Østfold fylke), som har eit eller fleire ulverevir per 1. juni i inneverande år.

Kva for tiltak kan få tilskot

Kommunane sin bruk av midlane skal henge sakleg saman med belastninga med å ha eit ulverevir. Tiltak som kan vere aktuelle er til dømes støtte til informasjon og formidling av kunnskap om ulv til ulike målgrupper i kommunen, støtte til grunneigarar som meiner dei har fått redusert sine inntekter frå jakt som følgje av ulv, støtte til næringsutvikling i kommunen, til fysiske tiltak for å gjere innbyggarar tryggare og støtte til idrett og andre aktivitetar for å kompensere for manglande bruk av skog og mark osv.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. juni 2021. Tilskotet blir fordelt likt på alle aktuelle kommunar.

Tilskot til vassmiljøtiltak (Kap. 1420 post 70) med følgjande underpostar:

Kalking (Kap. 1420 post 70, underpost 1)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å redusere negative effektar av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, kommunar, interkommunale organ og fiskerettshavarar. 

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Kjøp av kalk.
  • Transport og spreiing av kalk.
  • Informasjon og rettleiing om kalking i vassdrag.
  • Reetablering av opphavleg naturmangfald i kalka vassdrag.

Tilskot blir gitt til tiltak i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og kor det kan bli påvist eller sannsynleggjort at skade på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa for forsuring skapt av menneske ikkje lenger er overskriden, men kor tidlegare forsuring har ført til at opphavleg naturmangfald er borte, kan det bli gitt tilskot til å reetablere opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til kalking av naturleg sure vassdrag. Søkarar som får tilskot må sjølv medverke med eigen innsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats). Det blir berre gitt tilskot om fisket i vassdraget blir opna for allmenta.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader frå frivillige organisasjonar på lokalt nivå, kommunar og interkommunale organ skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Søknader frå landsdekkjande frivillige organisasjonar skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Fylkesmannen og Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Anadrome laksefisk (Kap. 1420 post 70, underpost 2)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å leggje til rette for bevaring og forvaltning av ville anadrome laksefisk. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, forskingsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ. 

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Forvaltning av og informasjon om villaks, sjøaure og sjørøye.
  • Praktisk nytta FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknad er Miljødirektoratet. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid med godkjend kommunal plan eller kommunalt vedtak. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast. Søknader om tilskot til tekniske tiltak for fiskeforsterking skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan. Søknader om tilskot til tiltak for fiskekultivering og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Fylkesmannen. Miljødirektoratet kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Generell vassforvaltning (Kap. 1420 post 70, underpost 3)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til at ein når miljømåla i vassforskrifta. Målgruppe for ordninga er vassområdeutval, interkommunale vassprosjekt, kommunar, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til:

  • Tiltak, tilrettelegging og organisering knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar.
  • Informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar.
  • Utgreiingar og andre tenestekjøp.

Søknader om tilskot til tiltak som inngår som ein del av arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram, og prosjekt som har overføringsverdi til andre vassområde, vil bli prioriterte. I 2021 vil restaureringstiltak og prosjekt som medverkar til heilskapleg og samordna innsats i vassførekomstar som er forureina av næringssalt og organisk materiale bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.  Mottakar av søknaden er Miljødirektoratet. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt (Kap. 1420 post 72)

Forskrift for erstatning for husdyr ligg her, og forskrift for tamrein ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorde rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova. Erstatningar blir utbetalte i samsvar med ”Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt”, fastsett 30. mai 2014 og ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt", fastsett 4. mai 2001. Målgruppe for ordninga er eigarar av husdyr og tamrein.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om erstatning for husdyr skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad.  

Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenter oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknad om erstatning for tamrein sendast i eige skjema tilknytt "Melding om reindrift".

Søknadsfrist

Søknadsfrist for tamrein er 1. april 2021, og søknadsfrist for husdyr er 1. november 2021.

Tilskot til rovvilttiltak (Kap. 1420 post 73)

Mål for ordninga

Tilskotsordninga skal medverke til å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift, gjennom finansiering av førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, medverke til å dempe konfliktar, auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn og nyttast til forsking- og utgreiingsoppgåver. I tillegg skal midlane dekke omstillingstiltak i område med mykje rovviltskadar.

Del 1. Førebyggjande tiltak

Forskrift for ordninga er felles med forskrifta for konfliktdempande tiltak (jf. omtale under Del 2.) og ligg her.

Målgruppe

Primær målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan få tilskot. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag mv. vil bli prioriterte for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning. For annan informasjon om kva slag tiltak som kan få tilskot blir det vist til Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Fylkesmannen handsamar søknaden innanfor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Del 2. Konfliktdempande tiltak

Forskrift for ordninga er felles med forskrifta for forebyggande tiltak (jf. omtale under Del 1.) og ligg her.

Målgruppe

Målgruppe er husdyreigarar, reineigarar og kommunar. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan også søke om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som desse artene kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge blir prioriterte. Evaluering av verknader av tiltak som er sette i gang kan også få tilskot.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til Fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Del 3. Omstillingstiltak

Forskrift for ordninga ligg her.

Målgruppe

Målgruppa er dyreeigarar med utmarksbasert sauehald i særleg utsette rovviltområde med mykje rovviltskadar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir gitt  tilskot til saueeigarar for omstilling til anna næringsretta landbruksverksemd med det formål å redusere tap av sau og risiko for dyreliding.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om omstilling skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Fagleg uttale frå kommunen og fylkesmannen skal leggast ved søknaden. .

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. februar 2021. Søknadene blir handsama innanfor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Tilskot til naturarv og kulturlandskap (Kap. 1420 post 81) med følgjande ordningar:

Tilskot til tiltak i kulturlandskapsområde registrert som verdifulle kulturlandskap

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap, og som er prioriterte for tilskot over denne ordninga. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel eller restaurering
  • Nedkjemping av framande arter
  • Gjerding og tilpassa driftsform i jordbruket

Det er utvikla eit eige sett med kriterium for tildeling. I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak og informasjon. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i prioriterte kulturlandskapsområde vil tiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist er 15. januar 2021. 

Tilskot til tiltak for ville pollinerande insekt

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak for pollinerande insekt som kan få tilskot, er:

  • Restaurering av leveområde
  • Skjøtsel
  • Etablering av leveområde, til dømes areal for yngling, matsøk og skjul
  • Fjerning av framande organismar
  • Tilpassa driftsform i jordbruket
  • Informasjon

Tiltak som medverkar til etablering eller skjøtsel av areal med førekomst av mange raudlista arter,  og tiltak for pollinerande insekt i naturtypar som er kategoriserte som trua på Norsk rødliste for naturtyper 2018 vil bli prioriterte. Tiltaka kan finansierast i lag med miljøtilskot i landbruket.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist er 15. januar 2021.

Tilskot til verdiskaping naturarv

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til at verneverdiane i verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping som har langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling. Målgruppe for ordninga er kommunar, regionråd, frivillige organisasjonar, verksemder, grunneigarar, besøkssenter, tilsynsutval og verneområdestyre.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Attraksjonar og tiltak for kanalisering av ferdsle, til dømes innfallsportar, korte stigar og utsiktspunkt.
  • Ulike typar informasjon og tiltak for utvikling av besøksforvaltning og av nasjonalparkar som merkevare.
  • Naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder.
  • Tiltak for å betre samarbeidetmellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn.
  • Leiing av prosjekt som fell inn under punkta over
  • Tiltak for implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar i regi av nasjonalparkkommunar, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparksenter
  • Driftstilskot til foreininga Norske parkar

Tilskot blir tildelt søkarar som sjølve medverkar med minst 50 prosent eigeninnsats (økonomisk eller arbeidsinnsats), med unntak av driftstilskot til foreininga nemnd over. Fysiske tiltak som får tilskot skal vere opne for allmenta.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.  Søknader adresserast til Fylkesmannen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021 Miljødirektoratet handsamar søknadene og tildeler tilskot.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Tilskot til villreinfjellet som verdiskapar

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg retta inn mot ulike delar av reiselivet. Ordninga skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane for villreinområda, og til å utvikle og spreie kunnskap om villrein og villreinfjellet til ulike målgrupper. Målgruppe for ordninga er kommunar, samanslutningar av fleire kommunar, fylkeskommunar, verneområdestyre, organisasjonar og autoriserte besøkssenter.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir tildelt tilskot til prosjekt som fremmer verdiskaping, under dette miljømessig, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Prosjekta skal omfatte fleire ulike tiltak, og må vere knytt til eit geografisk område eller eit tema innafor de kommunane som er omfatta av de nasjonale villreinområda. Det blir lagt vekt på god samanheng med handlingsprogramma knytt til dei regionale planane. Det blir og lagt vekt på at hovudprosjekta skal ha geografisk spreiing og dekke ulike tema og problemstillingar knytt til dei ulike nasjonale villreinområda. Nærare utdjuping er gitt i den programplanen som er fastsett, og som finnast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Det er krav om minst 50 prosent eigeninnsats frå søkjaren i form av arbeidsinnsats, eigne middel eller andre eksterne middel for å få tilskot.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. februar 2021. Miljødirektoratet handsamar søknadene og tildeler tilskot. Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Tilskot til Nasjonale turiststigar

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Nasjonale turiststigar er område med stor opplevingsverdi og attraksjonskraft, og er  stigar og turmål som gjennom heilskapleg besøksforvaltning toler eit høgt tal besøkande utan at natur- og kulturverdiar blir forringa, og der opplevinga for dei besøkande er viktig. Tilskotsordninga skal òg medverke til å utvikle eit avgrensa tal autoriserte Nasjonale turiststigar, der tryggleik, opplevingsverdiar, informasjon og naturverdiar blir tekne vare på.

Målgruppe for ordninga er destinasjonsselskap, kommunar, fylkeskommunar, kommunale- eller interkommunale føretak, stiftingar, regionråd, frivillige organisasjonar, verneområdestyre og regionråd.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt til prosjekt knytt til turiststigar med store opplevingskvalitetar og der internasjonale turistar utgjer ein stor del av de besøkande. Stigar som er autoriserte som Nasjonale turiststigar blir prioriterte ved tildeling av midlar. Dersom det er ledige midlar i ordninga etter ordinær tildeling, kan stigar som ikkje er autoriserte som Nasjonal turiststig også få tilskot. Kravet er at desse stigane har utfordringar med slitasje, forsøpling og tryggleik som følgje av eit svært høgt tal gjester

Søknader som kan dokumentere breie samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommunar og forvaltning, og som har ein heilskapleg plan for besøksforvaltning, vil bli prioriterte.  

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Tilrettelegging og merking av stig.
  • Sikringsbuar og andre beredskapstiltak.
  • Tilrettelegging av soner for tilkomst.
  • Toalett- og sanitæranlegg.
  • Søppelhandtering.
  • Prosjektleiing og planlegging knytt til besøksforvaltning og som førebuing til å søkje om autorisasjon.
  • Informasjonstiltak, under dette fjellvaktteneste, stigpatruljar og vertskap ved til dømes stigens startområde.

I tildeling av tilskot legg ein stor vekt på at ordninga ikkje skal leggje til rette for meir utbygging og fleire tiltak enn det som er naudsynt. Alle tiltak skal vere innafor rammene av allemannsretten og norsk friluftslivstradisjon. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet, ha minst mogleg omfang, vere minst mogleg synlege og ta omsyn til området sine natur-  og opplevingskvalitetar.

Det blir berre gitt tilskot til søkarar som medverkar med minst 50 prosent eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast). Fysiske tiltak som får tilskot skal være opne for allmenta. Det blir ikkje gitt tilskot til drift.

Autoriserte stigar får eit fast årleg grunntilskot på 0,3 mill. kroner frå og med året etter at dei blir autorisert. Grunntilskotet kan berre nyttast til tiltak som gir rett til midlar i tilskotsordninga. I tillegg kan dei søkje om midlar i den ordinære søknadsprosessen.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til søknaden.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. februar 2021.

Tilskot til trua arter og naturtypar (Kap. 1420 post 82) med følgjande underpostar:

Tilskot til trua arter (Kap. 1420 post 82, underpost 1)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde, jf. naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og arter som er klassifiserte som trua på Norsk rødliste for arter 2015. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel og vedlikehald.
  • Tiltak som forbetrar biotopar.
  • Restaurering
  • Konkrete tiltak for einskildarter, som til dømes flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø.
  • Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta på landbruksføretak.
  • Gjerding
  • Kartlegging og overvaking knytt til tiltak.

Det kan også bli gitt tilskot til tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitteplass. Det er primært eigarar av straumnett som kan få slike tilskot. I tillegg til tiltak, kan det bli gitt tilskot til nødvendig utstyr og informasjon om artene.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Tilskot til trua naturtypar (Kap. 1420 post 82, underpost 2)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. VI, og naturtypar som er klassifiserte som truga på Norsk rødliste for naturtyper 2018. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar. 

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel og vedlikehald.
  • Restaurering.
  • Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak.
  • Gjerding.
  • Kartleggjing og overvaking knytt til tiltak.

I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til å utarbeide skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og til informasjon om naturtypane.

I 2021 vil tiltak i utvalde naturtypar og trua naturtypar der kunnskapsgrunnlaget er godt, bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast. Rett utfylling i søknadssenteret fyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal gjere greie for korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Tilskot til tiltak mot framande arter (Kap. 1420 post 83)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande, skadelege arter. Målgruppe for ordninga er regionale og nasjonale frivillige organisasjonar, institusjonar og private verksemder. Offentlege aktørar er ikkje i målgruppa for ordninga.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Tiltak for å nedkjempe framande, skadelege organismar.
  • Informasjon.
  • Kartlegging og overvaking av framande, skadelege organismar.

Ved handsaming av søknader om tilskot blir det lagt  vekt på i kor stor grad søknaden støtter opp under gjeldande nasjonale prioriteringar i arbeidet mot framande, skadelege arter. Det vil også bli lagt vekt på i kor stor grad tiltaket medverkar til å ta vare på naturmangfaldet.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krav til innhald i søknaden.

Berre éin søkar kan stå som mottakar av tilskotet. Dersom det blir søkt på vegne av samarbeidande organisasjonar må intern fordeling av middel påreknast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfrist er 15. januar 2021.

Tilskot til naturinformasjonssenter (Kap. 1420 post 85)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter og besøkssenter natur. Målgruppa er autoriserte besøkssenter og andre som arbeider med naturinformasjon, sjå presisering under ”Kva for tiltak som kan få tilskot”.

Kva for tiltak kan få tilskot

Autoriserte besøkssenter kan søke om eit årleg grunntilskot til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak og naturrettleiing. Grunntilskotet i 2021 er på 1,096 mill. kroner, jf. Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon. 

Autoriserte besøkssenter som har potensial for å nå mange menneske, og som har samarbeid med reiselivet, kan søke om tilskot for å etablere nytt eller utvida tilbod for publikum. Autoriserte besøkssenter kan også søke kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar og kompetansesenter, og til utstillings- og informasjonstiltak. Senter som er særskilt nemnt som mottakarar av tilskot til naturrettleiing i Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon kan søke om dette i tillegg. Senter som på grunn av Covid-19 hadde stor svikt i omsetning i 2020, kan søkje om ekstramidlar for å dekkje underskot.

Andre som arbeider med naturinformasjon (til dømes museum og stiftingar) kan søke om tilskot til mindre utstillingar og informasjonstiltak. Forvaltningsknutepunkt for nasjonalparkar og andre store verneområde kan  søke om tilskot til etablering, samt enkle informasjonstiltak.   

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal sendast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Tilskot til fiskeformål (Kap. 1425 post 70)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og utvikle bestandar av ville anadrome laksefisk, og leggje til rette for fiske etter anadrome laksefisk. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, forskingsinstitusjonar, kommunar og interkommunale organ.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye.
  • Anvend forsking og overvaking.
  • Tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita til fiske for allmenta.
  • Tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader om tilskot til tiltak av lokal karakter skal adresserast til Fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld. Nasjonale tiltak skal adresserast til Miljødirektoratet.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen ikkje er i strid med godkjend kommunal plan eller kommunalt vedtak. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast. Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan. Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå Noregs vassdrags- og energidirektorat eller Fylkesmannen. Miljødirektoratet og Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida. Miljødirektoratet og Fylkesmannen kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Tilskot til friluftsliv

Tilskot til friluftslivsføremål (Kap. 1420 post 78) med følgjande ordningar:

Friluftslivsaktivitet

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga. Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og interkommunale friluftsråd som arbeider med tiltak som fremjar friluftsliv.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir primært gitt tilskot til friluftstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet, som til dømes organiserte turar, leirar i friluft, praktiske kurs og anna opplæring i friluftslivsaktivitetar. Mindre delar av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten som det blir søkt om tilskot til, til dømes fiskestenger, kompass, eit avgrensa tal enkle telt mv. Det blir ikkje gitt tilskot til kostnadskrevjande utstyr, under dette utstyrssentralar, utstyrsbankar eller til lag og foreiningar som vil supplere sitt utstyrslager.   Informasjonstiltak om rettar og pliktar etter allemannsretten kan og få tilskot.

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.
  • Tiltak som blir gjennomført i nærmiljøet, med særleg vekt på byar og tettstader.
  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.
  • Tiltak retta mot personer som er lite fysisk aktive.
  • Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar.
  • Tiltak retta mot personer med nedsett funksjonsevne.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknader frå frivillige organisasjonar på kommune- og fylkesnivå skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Om eit tiltak planleggjast gjennomført i fleire fylker, skal søknad adresserast til kvar av dei aktuelle fylkeskommunane med opplysningar om planlagt aktivitet og behov for midlar i det aktuelle fylket. Om tiltaket har personar frå heile landet som målgruppe, eller det er vanskeleg å knytte tiltaket til eit eller eit fåtal fylke, skal søknaden adresserast til Miljødirektoratet.

Søknader frå sentralleddet i medlemsorganisasjonane i Norsk Friluftsliv skal også sende sine søknader gjennom elektronisk søknadssenter, og desse søknadene adresserast til Norsk Friluftsliv. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021 for søknader som skal til Miljødirektoratet og for søknader som skal til Norsk Friluftsliv.

For lokale og regionale søknader som skal til fylkeskommunane er søknadsfristen 1. februar 2021.

Friluftlivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn. Målgruppa for ordninga er Friluftsrådenes Landsforbund, Oslofjordens Friluftsråd og sentralleddet i frivillige organisasjonar som er registrert i Enhetsregisteret og som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og som har etablert lokallag og aktivitet i minimum to fylke. Lokale lag og foreiningar kan ikkje søke om midlar frå denne ordninga (dei kan søke om tilskot til Friluftslivsaktivitet).

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer direkte til friluftsaktivitet, som til dømes organiserte turar, friluftsleirar, praktiske kurs og annan opplæring i friluftslivsaktivitetar. Mindre deler av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten som det blir søkt om tilskot til, til dømes fiskestenger, kompass, eit avgrensa tal enkle telt mv. Kostnadskrevjande utstyr kan ikkje få tilskot. Det blir heller ikkje gitt tilskot til utstyrssentralar, utstyrsbankar eller lag og foreiningar som vil supplere sitt eige utstyrslager. Barn, unge og barnefamiliar er prioriterte

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.
  • Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.
  • Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.
  • Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å fremme friluftsaktivitet i statleg sikra friluftslivsområde og område verna som friluftslivsområde etter markalova. Gjennom naturvennleg tilrettelegging og skjøtsel skal områda gjerast lett tilgjengelege og attraktive for allmenta sitt friluftsliv. Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søke om tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde. Forvaltningsansvarleg kan søke om tilskot til friluftslivsområde verna etter markalova.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal nyttast til opparbeiding av område, tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftsområde og i område verna som friluftslivsområde etter markalova.

Tilrettelegginga har følgjande mål:

  • Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftsaktivitet.
  • Ta vare på kvalitetar knytt til opplevingar i området, og leggje til rette for gode naturopplevingar.
  • Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring på plante- og dyrelivet og øydelegging av kulturmiljø.

Aktuelle tiltak er til dømes informasjonstavler, opparbeiding av veg og parkeringsplass, turveg eller tursti, fiskeplassar, tiltak for tilgjengelegheit for personar med nedsett funksjonsevne, badeplass, brygge, toalett, søppelstativ, synleggjering av kulturmiljø, planting og skjøtsel.

Ordninga prioriterer friluftsområde som:

  • Ligg i og ved byar og tettstader.
  • Blir eller har potensial for å bli mye brukt.
  • Ligg i område med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala.
  • Ligg ved innlandsvassdrag.

For å få tilskot må tiltaket inngå i ein gjeldande og godkjent forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. Forvaltningsplanen skal vere utarbeida etter Miljødirektoratets «Mal for forvaltningsplan for statlig sikret friluftslivsområde». Unnatak frå kravet om bruk av mal gjerast der kommune eller friluftsråd på eige initiativ har utarbeida forvaltningsplan. Det er da ein føresetnad at planen inneheld dei opplysningane som ein ber om i malen. Fylkeskommunen godkjenner forvaltningsplanen og kan stille vilkår for gjennomføring av tiltaket. 

For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylke søknaden gjeld. Søknader om tilskot til friluftslivsområde verna etter markalova skal adresserast til Miljødirektoratet (berre dei som er ansvarleg for forvaltning kan søke). Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 1. februar 2021. Alle søkarar skal få svar innan 1. april 2021.

Skjærgårdstjenesten

Mål for ordninga og målgruppe

Midlane skal nyttast til drift og investeringar i Skjærgårdstjenesten, og gjeld berre for dei faste einingane i Skjærgårdstjenesten langs kysten frå Halden til og med Møre og Romsdal.

Driftsområdestyre (i Oslofjorden og til og med Telemark), kommunar med eiga driftseining i Skjærgårdstjenesten i Agder, dei 4 interkommunale friluftsråda i Vestkystparken (driftseiningar i Skjærgårdstjenesten) og Sunnmøre Friluftsråd (driftsområde Møre og Romsdal) kan søke om driftstilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal gå til å dekke utgiftene til praktisk drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftslivsområde langs kysten, knytt til drifta av Skjærgårdstjenesten i Oslofjorden, på Sørlandet, i Vestkystparken og i Møre og Romsdal.

Med atterhald om eventuelle endringar i forbindelse med Stortingets vedtak av budsjettet for 2021, blir midlane til driftsområda i Skæergårdstjenesten fordelt på følgjande måte i 2021:

  • Ytre Oslofjord Øst (Viken fylkeskommune): 3,035 mill. kroner
  • Indre Oslofjord (Viken fylkeskommune): 3,135 mill. kroner
  • Ytre Oslofjord Vest (Vestfold og Telemark fylkeskommune): 3,275 mill. kroner
  • Telemark (Vestfold og Telemark fylkeskommune): 3,325 mill. kroner
  • Aust-Agder (Agder fylkeskommune): 3,205 mill. kroner
  • Vest-Agder (Agder fylkeskommune): 4,095 mill. kroner
  • Vestkystparken (Vestland fylkeskommune): 4,280 mill. kroner
  • Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune): 1,350 mill. kroner

Ei eventuell ny driftseining i Sogn og Fjordane vil i 2021 få midlar direkte frå Miljødirektoratet, etter ei nærare vurdering av behov.

5 mill. kroner av løyvinga er øyremerkt Skjærgårdstjenesten sitt arbeid med fjerning av marint søppel. Desse midlane vil bli fordelt av Miljødirektoratet gjennom ein eigen søknadsprosess i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Løyvinga skal også dekke den statlege delen av investeringskostnader knytt til kjøp og reparasjonar av nye arbeidsbåtar, jf prioritering i den vedtekne investeringsplanen.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om driftsmidlar for dei ulike einingane skal adresserast til fylkeskommunen i det fylke som framkommer i oversikten over.

Søknad om driftsmidlar skal innehalde rekneskap og rapport for siste år, og driftsplan og budsjett for kommande år.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 1. februar 2021 for søknad om driftstilskot. Alle søkjarar skal få svar innan 15. april 2021.

Miljødirektoratet kan sette vilkår for bruk av dei statlege driftsmidlane.

Det er ikkje ein eigen søknadsfrist for søknader om investeringsmidlar til nye båtar. Denne tildelinga følgjer ein felles vedteke investeringsplan, og den einskilde driftseining får melding frå Miljødirektoratet etter kvart som det vert aktuelt å starte opp å planlegge innkjøpet. Innkjøpet skjer i samarbeid mellom lokal driftseining og Miljødirektoratet, og følgjer fastsett prosedyre. Miljødirektoratet kan sette som vilkår at staten får ein eigardel i den nye båten. Søknader om statlege midlar til delfinansiering av store båtreparasjonar har heller ingen eigen søknadsfrist. Tiltaket skal om mogleg drøftast og avtalast med Miljødirektoratet før arbeidet tek til. Søknad sendast til Miljødirektoratet med kostnadsoverslag eller kopi av utgifter som vedlegg. Tildeling skjer i samsvar med eigen fastsett nøkkel for kostnadsdeling.

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde (Kap. 1420 post 30)

For å sikre område til friluftsliv skaffar det offentlege til veie areal ved erverv av eigedomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Det viktigaste føremålet med statlege midlar til sikring av friluftslivområde, er at friluftslivet skal styrkast som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet. Ordninga er ikkje ein tilskotspost, men inngår i rundskrivet slik at kommunar og friluftsråd blir gjort kjend med den.

Det er berre kommunar og interkommunale friluftsråd som kan søke på ordninga, men lokale lag og organisasjonar kan ta initiativ overfor kommunar og friluftsråd om å fremje sikringssøknad.

Område i nærleiken av bustadområde som er lett tilgjengelege er prioritert i ordninga.  Område som kan brukast av store folkegrupper, som til dømes allment tilgjengeleg grønstruktur i og ved byar og tettstader, landfaste område i kystsona og sentrale område ved innlandsvassdrag har høg prioritet.

Søknader som er handsama og prioriterte i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova vil bli prioriterte. Dette aukar sjansane for at ulike interesser er ivaretekne og at sikring av friluftslivsområde skjer som ledd i ein plan for utvikling av friluftslivtilbodet i kommunen. For friluftsområde av nasjonal eller regional verdi kan staten medverke med inntil 100% av kostnadane. For område av hovudsakeleg lokal verdi kan staten medverke med inntil 50% av kostnadane. Ordninga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området. I samband med sikringa kan det òg bli gitt støtte til grunnleggjande opparbeiding av området. Ordninga rettar seg særleg mot areal som blir eller vil bli intensivt nytta, og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål. Sikring av område for friluftsliv skal ikkje vere ein erstatning for ivaretaking av friluftslivsområde gjennom kommunale arealplanar, men vere eit supplement til slike planar.

Søknad skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter

Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Fylkeskommunen sender søknadene vidare til Miljødirektoratet med ei tilråding.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Søknadsfristen er 15. januar 2021. Frist for fylkeskommunen til å sende søknadene vidare til Miljødirektoratet med ei tilråding er 1. april 2021. Miljødirektoratet handsamar søknadene, og skal gi melding til søkar om utfallet innan 1. juli 2021. Statlege midlar til føremålet vert tildelt over statleg investeringspost, og det er ingen klagerett på tildelingar.

Tilskotsordningar på forureiningsområde

Returordning for kasserte fritidsbåtar (Kap. 1420 post 63)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til lovleg returplass slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Tilskotet skal dekkje kostnader ved behandling ved ein kommunal eller interkommunal behandlingsplass.

Kva for tiltak kan få tilskot 

Tilskot til behandling av kasserte fritidsbåtar blir utbetalt til kommunale eller interkommunale behandlingsanlegg.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter

Søknadsfrist og sakshandsaming

Anlegg som miljøsanerer, forbehandlar eller behandlar kasserte fritidsbåtar må sende søknad om førehandsgodkjenning som tilskotmottakar til post@miljodir.no. Det er ingen frist for innsending av slik søknad, men det vil ikkje bli utbetalt tilskot til anlegg som ikkje har førehandsgodkjenning.

Kommunar og interkommunale avfallsselskap må sende søknad om tilskot innan 1. november kvart år, mens førehandsgodkjente mottakarar av tilskot må søkje innan 1. august og 1. november kvart år. Sjå meir om dette på Miljødirektoratets heimesider.

Førehandsgodkjente tilskotsmottakarar kan etter avtale med Miljødirektoratet og søke om tilskot utover dette. 

Tilskot til kommunale anlegg og interkommunale selskap som er registrert som sjølvstendig rettssubjekt, private behandlingsanlegg og tilskot til båteigarar ligg under kapittel 1420 post 75.

Tilskot til opprydding i marin forsøpling (Kap. 1420 post 71)

Forskrift for ordninga om tilskot til tiltak mot marin forsøpling

Mål for ordninga og målgruppe 

Tilskotsordninga skal medverke til å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Hovudfokus skal vere opprydding i strandsona. Det kan også bli gitt  tilskot til tilsvarande tiltak langs eller ved elver, vatn og innsjøar.  Sjø/havbotn fram til marbakken, eller til 5 meters djup, blir  også regna som strandsona. I særskilte tilfelle kan det også bli gitt støtte til rydding ned til større djup. Prinsippet om at forureinar betalar skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein som er ansvarleg for avfallet er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styremaktene gi pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av ansvarleg forureinar.  Målgruppa for tilskotsordninga er  frivillige og ideelle organisasjonar og stiftingar registrert i Enhetsregisteret. Tilskot kan også bli tildelt private bedrifter, og sjølvstendige kommunale og interkommunale selskap og samarbeidsorgan, slik som avfallsselskap og friluftsråd.

Kva for tiltak kan få tilskot 

Det er utarbeidd ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga. Tilskotsordninga prioriterer tiltak som oppfyller fleire av følgjande kriterium:

  • Opprydding av marin forsøpling og koordinering av slike prosjekt, og prosjekt for å førebyggje marin forsøpling.
  • Prosjekt som samlar aktørar, mange deltakarar og dekker større geografiske område.
  • Førebyggingstiltak med ein målretta plan for å engasjere og involvere spesifikke sektorar eller næringar, for eksempel gjennom distribusjon av informasjonsmateriell
  • Søkjarar med spesiell kompetanse innanfor det omsøkte tiltaket.
  • Tiltak som sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar.
  • Tiltak som medverkar med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder.
  • Tiltak som omfatter konkrete, realistiske og gjennomførbare planar for gjennomføring av prosjektet

Årlege satsingsområde og prioriteringar blir kunngjorde av Miljødirektoratet i utlysningsteksten for tilskotsordninga.

Kor skal søknaden sendast

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Mottakar av søknaden er Miljødirektoratet.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Frist for å søke om midlar blir kvart år annonsert på Miljødirektoratet si heimeside.

Søknadene blir handsama innafor ei budsjettramme fastsett av Stortinget.

Utbetaling av vrakpant, og tilskot til kjøretøy og fritidsbåtar (Kap. 1420 post 75)

Vrakpantordninga vart frå og med 1. januar 2018 utvida til å omfatte nye køyretøygrupper, som mopedar, lette og tunge motorsyklar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Tilskot til kommunale anlegg og interkommunale selskap som er registrert som sjølvstendig rettssubjekt og private behandlingsanlegg og tilskot til eigarar av fritidsbåtar ligg også under denne posten.

Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kapittel 4 om kasserte kjøretøy, Del IV i forskrifta omhandlar utfylling av vrakmelding og utbetaling av vrakpant.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for vrakpantordninga er å få eigarane til å levere kasserte kjøretøy til godkjend oppsamlingsplass slik at bilvraka blir handsama på ein forsvarleg måte og kan gjenvinnast. Målgruppa er alle bileigarar.

For dei nye gruppene kjøretøy vert panten utbetalt som eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein viss del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar. Målgruppa er alle eigarar.

Private behandlingsanlegg for fritidsbåtar kan søke om tilskot frå Miljødirektoratet gjennom tilskotsordninga for fritidsbåtar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt pant på 3000 kroner for innlevering av bilvrak og beltemotorsyklar til godkjend oppsamlingsplass. Vrakpanten blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend oppsamlingsplass for handsaming.

For dei andre kjøretøygruppene vert tilskot utbetalt til behandlingsanlegget og vrakpant blir betalt til eigarane. Ved innlevering av fritidsbåtar får den enkelte eigar ein pant på 1000 kr. Tilskotet til båteigarar og private behandlingsanlegg ved kassering av fritidsbåtar, blir utbetalt av Miljødirektoratet.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Utbetaling av vrakpant skjer fortløpande.

Krav til innhald i søknaden

Rett til utbetaling følgjer av Stortinget si løyving. Meldingar om mottekne vrak er grunnlag for utbetaling.

Refusjonsordningar (Kap. 1420 post 76) med følgjande ordningar:

Refusjon av smøreoljeavgifta

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent handsaming. Refusjon/tilskot skal medverke til å redusere kostnadene for den som leverer spillolja. Den som har avfall må betale for handtering av spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg som har førehandstilsegn om tilskot frå Miljødirektoratet.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt refusjon pr. liter spillolje som fyller krava for refusjon, og blir levert til godkjend handsaming. Det blir utbetalt refusjon for brukt smøreolje og andre brukte oljar med tilsvarande eigenskapar. Det blir ikkje utbetalt refusjon for spillolje som kjem frå større skip i internasjonal sjøfart.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteke gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg for farleg avfall med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett vilkår som refusjonsmottakar er forplikta til å følgje. Miljødirektoratet fører tilsyn med dette. Utbetalingsoppmodinga blir kontrollert i høve til vilkåra.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK). Målgruppa er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt refusjon for den mengd HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved tidspunktet for innlevering, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteke gjennom dokumentasjon over  mengd HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Utbetalingsoppmodinga blir kontrollert i høve til vilkåra.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Refusjonskrav kan fremjast ved søknad til Miljødirektoratet. Søknaden skal blant anna innehalde dokumentasjon av mengde og samansetting av gassen, og det skal leggjast til rette for kontroll av at gassen blir forsvarleg destruert. Miljødirektoratet kan gi nærmare opplysningar om søknadsprosedyre, og dei krav som blir stilt.

Miljødirektoratet kan fastsetje nærare reglar for utbetaling av refusjon i dei tilfella der HFK- og PFK-haldig avfall blir eksportert.

Oppryddingstiltak (Kap. 1420 post 69)

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøke og gjennomføre oppryddingstiltak på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff. Målgruppa er kommunar, og midlane skal nyttast til delfinansiering av oppryddingstiltak i kommunal regi, òg der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt sjølv medverke med midlar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Omtala av kap. 1420 post 39 i Prop. 1 S (2020-2021) for Klima- og miljødepartementet inneheld føringar som også gjeld for kap. 1420 post 69. jf. også omtale i Forskrift om tilskudd til oppryddingstiltak i forurenset grunn og forurenset botn i sjø og ferskvan, av 16/6/2015 nr. 808.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknader skal sendast til Miljødirektoratet. Søknader blir handsama løpande av Miljødirektoratet, men Miljødirektoratet kan sette fristar for søknadshandsaming inn mot dei enkelte års budsjett – jf. informasjon på Miljødirektoratets heimeside om forureina grunn og forureina sjøbotn. Her finn ein også informasjon om krav til innhaldet i søknaden.

Der tiltak er samansette og komplekse, kan det vere ein fordel at det er dialog med Miljødirektoratet før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Miljødirektoratet for å klarleggje krava til den einskilde søknad på førehand.

Oppryddingstiltak (Kap. 1420 post 79)

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap og verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøfarlege stoff. Målgruppa er slike verksemder og privatpersoner, og midlane skal nyttast til delfinansiering av tiltaka.

Kva for tiltak kan få tilskot

Omtala av kap. 1420 post 39 i Prop. 1 S (2019-2020) for Klima- og miljødepartementet, inneheld føringar og kriteriar som også gjeld for kap. 1420 post 79. Jf. også omtale i Forskrift om tilskudd til oppryddingstiltak i forurenset grunn og forurenset botn i sjø og ferskvan, av 26/6/2015 nr. 808.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknader skal sendast til Miljødirektoratet. Søknader blir handsama løpande av Miljødirektoratet, men Miljødirektoratet kan sette frister for søknadshandsaming inn mot dei enkelte års budsjett – jf. informasjon på Miljødirektoratets heimeside om forureina grunn og forureina sjøbotn. Her finn ein også informasjon om kravet til innhald i søknaden.

Der tiltak er samansette og komplekse kan det vere ein fordel at det er dialog med Miljødirektoratet før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Miljødirektoratet for å klarleggje krav til innhald i den einskilde søknad på førehand.

Tilskot til kulturmiljøtiltak

Tilskot til kulturmiljøtiltak (Kap. 1429 post 60, 70, 71, 72, 73,74, 75, 77 og 79)

Generell omtale

Riksantikvaren er direktorat for kulturmiljøforvaltninga, og gir råd og rettleiing i faglege spørsmål til Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren forvaltar tilskotsmidlane over postane 60, 70, 71, 72, 73, 74, 75, 77 og 79.

Meir informasjon om tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider.  

Departementet vedtek hausten 2020 forskrifter for tilskot frå alle postane, bortsett frå for post 60. Fylkeskommunane og Sametinget vil frå 2021 handsame søknader om tilskot frå postane 71, 72 og 74 og delar av post 73.

Hovudføremålet for kulturmiljøforvaltninga er at eit mangfald av kulturminne, kulturmiljø og landskap skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Ein må sjå tilskotsmidlane i denne samanheng. For mange av tilskotsordningane vil eigar ha ansvaret for gjennomføring av tiltak. I andre høve kan det vere føremålstenleg at Riksantikvaren, fylkeskommunen, Sametinget, dei arkeologiske forvaltningsmusea eller kommunane er ansvarlege i samarbeid med eigar. For dei ordningar kor det er relevant, bør tilskotsmidlane kombinerast med ordningar for opplæring som kan heve kunnskapsnivået innan antikvarisk istandsetjing. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materiale.

Omtale av dei einskilde ordningane

Tilskot til kulturminnearbeid i kommunane (Kap. 1429 post 60)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å styrke kommunane i arbeidet med å ta vare på kulturmiljø som ressurs for kunnskap, oppleving og bruk. Ordninga legg til rette for dette gjennom arbeid med kulturmiljøplanar og andre særskilde satsingar i kommunane.

Vi viser elles til invitasjonsskriv som er å finne på www.ra.no og som vert vidaresendt til alle kommunar frå fylkeskommunane.

Målgruppe er einskildkommunar, samarbeid mellom to eller fleire kommunar og med museum, Sametinget og fylkeskommunane.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir gitt tilskot til kommunar som ønsker å utarbeide plan med vekt på kulturmiljø eller vil rullere eksisterande kulturmiljøplan. Tilskot blir òg gitt til kompetansemodellar og anna samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum og Sametinget, som styrkjer arbeidet lokalt og regionalt og er forankra i politisk vedtak.  Døme på kompetansemodellar og særskilte satsingar er samarbeid om felles by-/kommuneantikvar, bygningsvernsentra o.a.  Det vil ikkje bli gitt tilskot til reine istandsettingstiltak.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknaden skal sendast fylkeskommunen som sender den vidare til Riksantikvaren.

Søknaden må innehalde:

  • Omtale av prosjektet, organisering av arbeidet, framdrift, budsjett og finansiering for arbeidet fram til vedtatt plan.
  • Politisk vedtak dersom søknaden gjeld utarbeiding/rullering av plan med fokus på kulturminne.

Søknadsfrist

Kontakt fylkeskommunen for opplysing om deira frist. Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. februar 2021.

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne (Kap. 1429 post 70)

Forskrift for ordninga vert utarbeidd, og lenke kjem her.

Meir informasjon om tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å medverke til sikring, skjøtsel, tilrettelegging, dokumentasjon og formidling av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Tilskotsordninga har tre målgrupper:

  • Private og kommunale tiltakshavarar.
  • Eigarar og forvaltarar av automatisk freda arkeologiske kulturminne.
  • Forvaltingsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne etter gjeldande forskrift som ligg her.

Kva for tiltak kan få tilskot

  • Arkeologiske registreringar og utgravingar jf. statens forpliktingar omtalt i §§ 8, 9 og 10 i kulturminnelova.   Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak, jf. kulturminnelova § 10. Når særlege grunnar ligg føre kan Riksantikvaren fastsetje at utgiftene til arkeologiske registreringar eller utgravingar heilt eller delvis skal dekkjast av staten, jf. kulturminnelova § 10.
  • Sikring av arkeologiske kulturminne i saker kor det ikkje finns ein tiltakshavar eller eit konkret tiltak. Dette gjeld til dømes i saker kor arkeologiske kulturminne er utsett for skade som følgje av erosjon, flaum eller andre plutselege hendingar.
  • Skjøtsel, restaurering og formidling og tiltak som gir auka tilgjenge eller som medverkar til å avgrense slitasjen på kulturminna. Tiltak der mellom anna lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar er knytte til kulturminne blir

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Ved handsaming av søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne eller skipsfunn vurderer forvaltninga alltid om søknaden gjeld eit mindre, privat tiltak. Utgiftene til arkeologiske undersøkingar vert i så fall heilt eller delvis dekte av staten. Tiltakshavar kan søke om å få dekka  utgifter til arkeologiske undersøkingar om det ligg føre særlege grunnar. Søknaden er normalt ein del av søknaden om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne eller skipsfunn, men ein kan også søkje i ettertid. Då skal søknaden sendast til Riksantikvaren.

Søknad om tilskot til sikring mv av arkeologiske kulturminne skal sendast Riksantikvaren.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta.

Søknadsfrist

Søknad i saker om dekking av tiltakshavarar sine utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar har ingen søknadsfrist.

For søknad om tilskot til sikring mv frå eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne er søknadsfristen til Riksantikvaren 15. januar 2021.

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap (Kap. 1429 post 71)

Forskrift for ordninga vert utarbeidd, og lenke kjem her.

Meir informasjon om tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider.  

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å støtte private eigarar i deira arbeid med å ta vare på kulturminne. Tilskot skal medverke til at freda kulturminne kan setjast i stand etter antikvariske retningslinjer og nyttast som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling. Tilskotsordninga følgjer opp dei statlege pliktene i kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til private eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar, jf. kulturminnelova.

Målgrupper er:

  • Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg, eller der sak om freding er sett i gang.
  • Kulturmiljøforvaltninga kan i særlege tilfelle gi tilskot til ikkje-freda kulturminne og kulturmiljø dersom dette blir gjort med forankring i nasjonale strategiske satsingar.

Kva for tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir gitt til heil eller delvis dekking av meirutgifter i samband med istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel i tråd med fredingsføremålet. Inventar og interiør som vert omfatta av fredinga, er også omfatta av ordninga.

Riksantikvaren kan også sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor strategiske satsingar.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendes i søknadssystemet DigiSak. Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for tilskot i 2021 er 1. november 2020.

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne (Kap. 1429 post 72)

Forskrift for ordninga vert utarbeidd, og lenke kjem her.

Meir informasjon om tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider.  

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å setje i stand og vedlikehalde tekniske og industrielle anlegg som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling. Målgruppe er private, kommunale og fylkeskommunale eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan blir gitt til konkrete tiltak innan:

– sikring

– istandsetjing

– vedlikehald

– kulturminne- og tilstandsregistrering

– dokumentasjon

– moglegheitsstudiar

innanfor formålet og i samsvar med antikvariske retningslinjer frå forvaltinga. I tillegg kan forvaltninga sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak. Det blir ikkje gitt tilskot til formidling eller annan museal drift og/eller verksemd. Det blir ikkje gitt tilskot til kulturminne i statleg eige.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen eller Sametinget.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for søknad om tilskot for 2021 er 1. november 2020.

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring (Kap. 1429 post 73)

Forskrift for ordninga vert utarbeidd, og lenke kjem her.

Forskrifta gjeld fleire ulike typar kulturminne og kulturmiljø og ulike tiltak som kan få tilskot. Meir informasjon om de ulike tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider.

Mål og målgruppe for ordninga Vedlikehald, konservering og dokumentasjon av stavkyrkjer (kapittel 2 i forskrifta)

Målet med tilskotsordninga er å halde ved like dei  stavkyrkjene som er satt i stand. Målgruppe er eigarar og forvaltarar av stavkyrkjer frå mellomalderen. Òg andre som gjer tiltak av betydning for kunnskap om stavkyrkjene.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt til vedlikehald av stavkyrkjene og anna arbeid som legg til rette for dokumentasjon og meir kunnskap.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta kapittel 9 og Riksantikvarens nettsider.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.

Mål og målgruppe for ordninga Konservering av ruiner frå mellomalder (kapittel 3 i forskrifta)

Målet med tilskotsordninga er halde i stand eller forbetre tilstanden til ruinane. Målgruppe er eigarar og forvaltarar av ruiner.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan bli tildelt til konservering, skjøtsel, overvaking, dokumentasjon, formidling og kompetanseutvikling.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

For ruinar innanfor mellomalderbyane Oslo, Tønsberg, Bergen eller Trondheim skal søknad sendast til Riksantikvaren. For andre ruinar skal søknaden sendast fylkeskommunen.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta kapittel 9 og Riksantikvarens nettsider.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. november 2020 for tilskot i 2021.

Mål og målgruppe for ordninga Istandsetjing av freda mellomalderhus frå før 1537 (kapittel 4 i forskrifta)

Målet med tilskotsordninga er at bygningar og anlegg frå mellomalderen blir sett i stand, haldne ved like og brannsikra. Det er òg eit mål å styrkje den immaterielle kulturarven i det tradisjonelle handverket knytt til slike anlegg. Målgruppe er eigarar og andre som forvaltar mellomalderbygg. Òg andre som gjer tiltak av betydning for kunnskap om mellomalderhusa er i målgruppa.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan gå til tiltak som fører til og held bygningen på eit normalt vedlikehaldsnivå innanfor kjeldeverdien, og anna arbeid som legg til rette for dokumentasjon og meir kunnskap.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen/Sametinget.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta kapittel 9 og Riksantikvarens nettsider.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.

Mål og målgruppe for ordninga Sikring av stavkyrkjer (kapittel 5 i forskrifta)

Målet med tilskotsordninga er å unngå tap eller skade på stavkyrkjene som følgje av brann, hærverk eller klimahendingar. Målgruppa er eigarar og forvaltarar eller andre som sikrar stavkyrkjene.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan gå til tiltak som betrar sikkerheita mot brann, hærverk eller klimahendingar.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta kapittel 9 og Riksantikvarens nettsider.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.

Mål og målgruppe for ordninga Brannsikring av tette trehusområde (kapittel 6 i forskrifta)

Målet med tilskotsordninga er brannsikring av identifiserte tette trehusområde frå alle tidsaldrar. Målgruppa er private eigarar og kommunar med tette trehusområde.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan gå til tilskot til ulike brannsikringstiltak, som ikkje følgjer av offentleg pålegg eller kommunanes tenesteyting og ansvar.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen/Sametinget.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta kapittel 9 og Riksantikvarens nettsider.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. november 2020 for tilskot i 2021.

Mål og målgruppe for ordninga Brannsikring av mellomalderkyrkjer i stein (kapittel 7 i forskrifta)

Målet med tilskotsordninga er å løfte brannsikring av mellomalderkyrkjer i stein til eit høgt nivå. Målgruppa er eigarar og andre som forvaltar steinkyrkjer frå mellomalderen.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan gå til anlegg for brannsløkking og andre tiltak som held brannsikringa på et høgt nivå.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta kapittel 9 og Riksantikvarens nettsider.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. februar 2021.

Mål og målgruppe for ordninga  Konservering av kunst og interiør i kyrkjer (kapittel 8 i forskrifta)

Målet med tilskotsordninga er å vareta kyrkjekunst, slik at den held seg på nivå for vanleg vedlikehald. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av kyrkjer med kyrkjekunst.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan gå til heile eller delar av konserverings- eller sikringsarbeidet, ut frå ei vurdering av verdi, alder og tilstand.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknaden skal sendast til Riksantikvaren.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta kapittel 9 og Riksantikvarens nettsider.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, men det er anbefalt å søkje innan 15. januar 2021.

Tilskot til Fartøyvern (Kap. 1429 post 74)

Forskrift for ordninga vert utarbeidd, og lenke kjem her.

Meir informasjon om tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand, og bruke til formidling, freda fartøy og eit utval av fartøy som er tildelt status som verna skip, der eigar skriftleg har akseptert å følgje Riksantikvaren sine antikvariske retningsliner. Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale mellom Riksantikvaren og eigar om status som verna skip.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan gå til konkrete restaurerings-, istandsetjings og vedlikehaldsarbeid. Det er ei målsetting at restaureringar som er satt i gang  med tilskot frå Riksantikvaren blir sluttført. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av, blir også prioritert. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak.

Kor skal søknad sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot til fartøy skal sendast i søknadssystemet DigiSak. Norsk Foreining for fartøyvern og eventuelt andre organisasjonar søker Riksantikvaren, regionalforvaltninga eller Sametinget om tilskot per e-post.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for søknad om tilskot for 2021 er 1. november 2020.

Tilskot til fagutvikling i fartøyvernet (Kap. 1429 post 75)

Forskrift for ordninga vert utarbeidd, og lenke kjem her.

Meir informasjon om tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å samle inn, vidareføre og gjere tilgjengeleg kunnskap om handverk knytt til istandsetjing og vedlikehald av verna og freda fartøy. Kulturminna skal setjast i stand med bruk av tradisjonelle teknikkar, materiale og metodar. Midlane skal sikre handverksutvikling og at handverket innan vedlikehald og istandsetting av fartøy blir bevart i eit langsiktig perspektiv. Handverket skal kunne bevarast uavhengig av økonomiske konjunkturar i samfunnet. Midlane skal ikkje medverke til drift.

Målgruppa er fartøyvernsentera, som har eit hovudansvar for å samle inn, vidareføre og gjere tilgjengeleg handverkskunnskapen som er nødvendig i fartøyvernet, men òg andre aktørar med kompetanse i og interesse for området er i målgruppa.

Kva for tiltak kan få tilskot

Innanfor formålet kan det bli gitt tilskot til:

– innsamling av kunnskap, forsking og dokumentasjon

– rådgiving og målretta kunnskapsdeling

– nødhamn, mellombels sikring for fartøy i verneflåten

– formidling av materiale og delar til antikvarisk istandsettingsarbeid

Aktivitetar under fellestenestene skal vere i tråd med planverk i fartøyvernet, oversikt over handverk og behov i fartøyvernet. Tilskotet til fellestenestene er ikkje driftsstøtte, men til kjøp av tenester.

Kor skal søknad sendast og innhald i søknaden

Søknad skal sendast til Riksantikvaren.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. november 2020 for tilskot for 2021.  

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap. 1429 post 77)

Forskrift for ordninga vert utarbeidd, og lenke kjem her.

Meir informasjon om tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for tilskotsordninga er at kulturminne, kulturmiljø og landskap blir tatt i bruk i utvikling av lokalsamfunn, og som grunnlag for miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling. Det er og eit mål å ta i bruk kulturmiljø som ein ressurs og medverke til at kulturmiljøfeltet får ei tydelegare rolle i lokal og regional utvikling.

Målgruppa er offentlege og private aktørar i forpliktande samarbeid og partnarskap på tvers av sektorgrenser og mellom forvaltningsnivå. Det er viktig med eit  nært og forpliktande samarbeid mellom mottakar av tilskot, regionalforvaltninga og Riksantikvaren i gjennomføring av prosjektet.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til prosjekt som dekkjer utviklingsfelt slik som næringsutvikling, stadkvalitet, miljø, klima, deltaking, livskvalitet og nytenking.

Tilskot blir gitt til prosjekt som er forankra i kommunale eller fylkeskommunale strategiske program, planar eller satsingar. Midlane skal gå til prosjekt i forpliktande samarbeid mellom offentlege og private aktørar. Forprosjekt kan òg få tilskot.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknader sendast til Riksantikvaren med kopi til fylkeskommunane og eventuelt Sametinget.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Søknadene blir behandla fortløpande.

Tilskot til verdsarven (Kap. 1429 post 79)

Forskrift for ordninga vert utarbeidd, og lenke kjem her.

Meir informasjon om tilskota ligg på Riksantikvarens nettsider

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for tilskotsordninga er å  medverke til å utvikle verdsarvområda i Noreg som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturminneforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Målgruppa er områda i Noreg som er innskrivne i eller er under nominasjon til Unescos verdsarvliste.  

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot kan bli gitt til prosjekt og tiltak som er knytt til områda i Noreg, med tilhøyrande buffersoner, som er innskrive på Unescos verdsarvliste. I særlege tilfelle kan område som er oppførte på tentativ liste få tilskot.

Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknader for Urnes stavkyrkje og Bergkunsten i Alta skal sendast til Riksantikvaren. For Bryggen i Bergen, Vegaøyane, Vestnorsk fjordlandskap, Rjukan-Notodden industriarv og Struves meridianbue skal søknader sendast dei respektive fylkeskommunane. For Røros bergstad og Circumferensen skal søknader for freda bygningar i privat eige sendast fylkeskommunen, andre søknader sendast kommunane, mens søknader frå kommunane sendast Riksantikvaren.

Krav til innhaldet i søknaden og handsaminga går fram av forskrifta.

Søknadsfrist

Kommunane og fylkeskommunane har eigne søknadsfristar som ein kan få opplyst ved å vende seg dit. Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2021.

Norsk kulturminnefond - Tilskot til disposisjon for kulturminnetiltak (Kap. 1432 post 50)

Forskrift om vedtekter for Norsk Kulturminnefond ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for tilskotsordninga er å styrke arbeidet med å ta vare på verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og medverke til at eit mangfald av desse kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Ordninga skal medverke til å redusere tapet av verneverdige kulturminne. Målgruppa er private eigarar og forvaltarar, under dette einskildpersonar, stiftingar, ideelle organisasjonar, frivillige organisasjonar og liknande.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir primært gitt til tiltak som fører til vern og sikring av verneverdige kulturminne og kulturmiljø, og til å hindre tap av kulturminne. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet blir prioriterte. Vidare blir prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Norsk kulturminnefond.

Søknadsfrist

Ingen søknadsfrist. Søknader vert handsama fortløpande.

Krav til innhald i søknaden

Sjå heimesida til Norsk kulturminnefond og forskrifta. 

Oversikt over andre tilskotsordningar som er aktuelle for kulturminne og kulturmiljø

Det finst også tilskotsordningar som blir forvalta av andre enn Riksantikvaren som kan vere aktuelle å søke om midlar frå til kulturminne- og kulturverntiltak, mellom anna Landbruksdirektoratet – spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), under dette ivaretaking av natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap.

Tilskot til klimatiltak

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing (Kap. 1420 post 61) med følgjande to ordningar:

Tilskot til kommunale klimatiltak (Klimasats)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å fremje klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som medverkar til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Kva for tiltak kan få tilskot

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til 5 ulike formål: Klimavennleg areal- og transportplanlegging, klimavennleg transport - gjennomføring av tiltak, klimagassreduserande tiltak i andre sektorar, forprosjekt for klimagassreduserande tiltak og interkommunale nettverk for kompetanseheving og deling av erfaring. Detaljerte kriterium for Klimasats finst på www.miljødirektoratet.no/klimasats. Her vil og informasjon om hurtigbåtsatsinga bli tilgjengeleg.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. februar 2021.

Søknadene blir handsama innanfor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Dersom det vert fleire søknadsfristar gjennom året vert desse kunngjort på Miljødirektoratet.no, og i nyhetsbrev frå Miljødirektoratet.no 

Tilskot til klimatilpassing i kommunane og fylkeskommunane

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å fremme arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar ved å medverke til å auke kunnskap om korleis klimaendringane råkar dei, og kva tiltak som må settast i verk for å møte klimaendringane.

Kva for tiltak kan få tilskot

Kommunar og fylkeskommunar kan søke om midlar til kunnskapsoppbygging og utgreiing av konkrete tiltak for tilpassing. Kommunar og fylkeskommunar kan få midlar til tiltak som: a) bidreg til å heve kunnskapen om korleis klimaendringar påverkar kommunen og fylkeskommunen sine ansvarsområde eller gjer kommunane betre rusta til å møte klimaendringane, b) gir kunnskap om klimatilpassing som kan medverke i utarbeidinga av kommunale eller regionale planar eller utøving av myndigheit , eller c) gir kunnskap og erfaringar som medverkar til å styrke den interne kompetansen om klimatilpassing i kommunen eller fylkeskommunen.  Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske tiltak for klimatilpassing.

Meir informasjon om ordninga finst på Miljødirektoratet sine nettsider.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. februar 2021.

Søknadene blir handsama innanfor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Tilskot til grøn skipsfart (Kap. 1420 post 62)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å auke bruken av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband. Kommunar og fylkeskommunar kan få tilskot til tiltak som oppfyller visse kriterium.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Miljødirektoratet kan be om utfyllande opplysningar om det er nødvendig for å handsame søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er å finne på Miljødirektoratets heimeside.

Søknadene blir handsama innanfor ei budsjettramme fastsett av Stortinget. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar.

Enova SF (Kap. 1428 post 50)

Mål for ordninga og målgruppe

Klima- og miljødepartementet styrer Enova på eit overordna nivå, hovudsakleg gjennom fireårige styringsavtalar om forvaltning av midlane i Klima- og energifondet. I avtala for 2016-2020 er Enova og Klima- og energifondet sitt formål å medverke til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.

Målgruppa er bedrifter i alle sektorar i privat næringsliv og offentlege verksemder. I tillegg kan privatpersonar få tilskot til enøktiltak i hushald.

Kva for tiltak kan få tilskot

Enova skal etablere verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar, og skal prioritere innsatsen der høvet til å påverke utviklinga er størst og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Innafor ramma av styringsavtala er det opp til Enova å prioritere mellom område, utvikle program og tildele støtte til enkeltprosjekt.

For komplett oversikt over dei ulike programma, og kva for type prosjekt og tiltak som kan få støtte, sjå heimesida til Enova

Søknadsfrist og sakshandsaming

Sjå heimesida til Enova for meir informasjon.

CO2-kompensasjonsordning for industrien (Kap. 1420 post 74)

Mål for ordninga og målgruppe

EUs klimakvotedirektiv opnar for at medlemsstatane kan kompensere norsk industri for auka energikostnader som følgje av EUs kvotesystem. Formålet med tilskotsordninga er å motverke faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land utanfor Europa med mindre streng klimapolitikk.

Kva for tiltak kan få tilskot

Etter EUs gjeldande retningslinjer er 15 industrisektorar rekna som særleg utsett for karbonlekkasje, og kan difor tildelast CO2-kompensasjon. Dette inkluderar mellom anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling. Alle 15 sektorar er tatt inn i den gjeldande norske forskrifta, og 46 norske verksemder har rett på CO2-kompensasjon i dag. Vilkåra for kompensasjon følgjer av forskrift om CO2-kompensasjon for industrien § 4.   

For ytterlegare informasjon, sjå Miljødirektoratets nettside.

Kor skal søknaden sendast og innhald i søknaden

Søknad om kompensasjon kan lastast ned frå Miljødirektoratets nettside.

Alle tala i søknaden må vere stadfesta av uavhengig tredjepart (revisor).

Ferdig utfylte søknadsskjema sendast til post@miljodir.no og skal merkast med: ''Søknad om CO2-kompensasjon''.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Aktuelle verksemder skal innan 1. mars kvart år rapportere mellom anna produksjonstal og elektrisitetsforbruk for støtteåret (føregåande år) til Miljødirektoratet. Den årlege støtta vil bli utbetalt innan 15. april til verksemder som har oppfylt kravet om årleg rapportering.

Andre tilskotsordningar

Særleg omtale av tilskot til reisestøtte til deltaking for norske frivillige organisasjonar på internasjonale klima- og miljømøte i 2021

Det er satt av inntil  350 000 kroner i tilskot til reiseutgifter knytt til deltaking på internasjonale klima- og miljømøte i 2021.

Målgruppe for ordninga

Målgruppe for reisestøtte er norske frivillige organisasjonar med arbeidsfelt innan klima- og miljøområdet som følgjer internasjonalt klima- og miljøarbeid.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det er ønske om ei brei demokratisk deltaking på møta. Dette vil mellom anna gjelde på FN-møte som partsmøte under klimakonvensjonen og møte i FNs miljøprogram.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet, postmottak@kld.dep.no

Søknaden skal innehalde ei grunngjeving for deltakinga, og eit budsjett for reise og opphald. Klima- og miljødepartementet vil kunne krevje ein kortfatta rapport frå deltakinga.

Søknadsfristen er 1. mars 2021.

Forskrift om tilskudd til frivillige klima- og miljøorganisasjonar samt klima- og miljøstiftelser (Kap. 1400 post 70)

Forskrift for ordninga ligg her.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for klima- og miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Tilskotsordninga gjeld for frivillige klima- og miljøorganisasjonar med over 5000 medlemmer (barne og ungdomsorganisasjonar over 3000 medlemmar) og klima- og miljøstiftingar av nasjonal betydning, med hovudmål for verksemda innanfor miljøforvaltninga sitt ansvarsområde.

Midlane blir fordelte utelukkande etter objektive kriterium.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot.

Kor skal søknaden sendast og søknadsfrist

Søknadsfristen for 2022 er 1. juli 2021. For ytterlegare informasjon om innhald i søknaden kontakt Klima- og miljødepartementet ved postmottak.

Søknadsmal for ordninga ligg her.

Søknad skal sendast Klima- og miljødepartementet, postmottak@kld.dep.no

Tilskot til ymse organisasjonar og stiftingar m.m. (Kap. 1420 post 77) med følgjande ordningar:

Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftingar innanfor forureiningsområdet

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innafor forureiningsområde for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.   

Ordninga omfattar tilskot til:

  • Norsk vannforening
  • Norsk forening mot støy
  • Tilskot til LOOP
  • Foreninga ”Hold Norge Rent”
  • Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2021 er det rekna med tilskot til dei nemnde mottakarane på om lag same nivå som for 2020.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Sjølv om mottakarane er namngjeve i budsjettproposisjonen, må dei søke for å få tilskot. Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenter oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Tilskot til naturfaglege organisasjonar

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande naturfaglege organisasjonar for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i miljøvernspørsmål lokalt, regionalt og sentralt, basert på fagleg innsikt.   

Ordninga omfattar tilskot til drift til:

  • Foreningen Våre Rovdyr
  • Norsk Biologforening
  • Norsk Botanisk Forening
  • Norsk Entomologisk Forening
  • Norsk Ornitologisk Forening
  • Norges Sopp- og nyttevekstforening
  • Norsk Zoologisk Forening

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2021 er det rekna med tilskot til dei mottakarane som er nemnde i Prop. 1 S (2020 – 2021) på om lag same nivå som for 2020.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt søknadssenter oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Tilskot til miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål for ordninga og målgruppe

Standardar for miljøleiing, produkt og tenester og miljømerking er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gi informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvenlege val.

Ordninga omfattar tilskot til drift til:

  • Stiftelsen Miljømerking
  • Standard Norge
  • Om att – Bransjeforeininga for ideelle Gjenbruksaktørar

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som driftstilskot.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Tildeling av midlar er basert på organisasjonane sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande prosjekt, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Rett utfylling i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter oppfyller krava til innhald i søknaden.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Stipend (Kap. 1471 post 50)

Stipendmidlane under Norsk Polarinstitutt skal medverke til å auke rekruttering til og kompetansen innafor norsk polarforsking. Midlane er eit viktig verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradsstudentar, og skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Utlysing av ordninga skjer i slutten av oktober kvart år med frist midt i november. Ein komité under Svalbard Science Forum vurderer søknadene og deler ut midlar.

Svalbards miljøvernfond (Kap. 1472 post 50)

Fondet består mellom anna av midlar frå miljøavgift for reisande til Svalbard og andre avgifter i samband med jakt og fiske.

Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak på Svalbard som har til føremål å verne miljøet på øygruppa. Fondet har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard.

For fristar og skjema for søknader, sjå: http://www.sysselmannen.no/, og klikk på ”Svalbards miljøvernfond” nedst  til venstre på forsida.