Naturmangfaldlova

Føremålet med naturmangfaldlova er å ta vare på mangfaldet i naturen ved berekraftig bruk og vern.

Nasjonalpark er ein av vernekategoriane i naturmangfoldloven. Rondane nasjonalpark var Norges første nasjonalpark og feiret 50-års jubileum i 2012. Foto: Ida Sletsjøe.Nasjonalpark er ein av vernekategoriane i naturmangfaldlova. Rondane nasjonalpark var Noregs første nasjonalpark og feira 50-årsjubileum i 2012. Foto: Ida Sletsjøe.

Lova har mellom anna reglar om forvalting av artar, prioriterte arter og utvalde naturtypar, framande organismar, områdevern, tilgang til genetisk materiale, kvalitetsnormer for naturmangfald og alminnelege føresegner om berekraftig bruk.

Da naturmangfaldlova vart vedtatt i 2009, blei den rekna som ei av verdas beste og mest moderne miljølover. Eit av dei viktigaste grepa er at lova er sektorovergripande, som betyr at ho gjeld for alle inngrep i naturen i alle sektorar og i tillegg til sektorlovene.

Reglene i lova varierer frå strenge restriksjonar til meir fleksible retningsliner, etter kor viktig det er å ta vare på den særskilde naturen.

Natur for livet

Stortingsmeldinga Natur for livet gjer greie for korleis ein i Noreg skal ta vare på norsk natur. Her går det og fram når og korleis dei ulike verkemidla i naturmangfaldlova skal brukast.

Dei fleste enkeltvedtak fatta med heimel i naturmangfaldlova er registrert i Miljøvedtaksregistret.

Bakgrunnen for naturmangfoldlova var mellom anna FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), som gav ei ny ramme for  heilskap i naturforvaltinga, med vekt på samanhengen mellom bruk og vern.