Revidert nasjonalbudsjett

Meir i tilskot til fritidskasser

Regjeringa føreslår å løyve 15 millionar kroner til lokale fritidskasser gjennom en eigen midlertidig tilskotsordning. Tiltaket inneber at barn og unge frå familiar med låge inntekter kan få dekt utgifter til deltaking i fritidsaktivitetar, inkludert deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar.

– Me må sikre at barn og unge ikkje sluttar med fritidsaktivitetar fordi foreldra deira har dårleg råd. Den høge prisveksten rammar dei med lågast inntekt hardast og desse midlane kan bidra til at fleire barn i låginntektsfamiliar kan få dekt utgifter til deltaking i fritidsaktivitetar, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). 

Sidan 2022 er ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge styrkt med om lag 180 millionar kroner og er no på 664 millionar kroner. Denne ordninga inneheld mellom anna tilskot til lokale fritidskasser.

Gjennom lokale fritidskasser kan kommunar mellom anna søkje om tilskot til å dekkje deltakaravgifter for barn og unge i faste, organisert fritidsaktivitetar. Det er eit godt og målretta tiltak for dei barna som treng det mest. Ordninga med lokale fritidskasser var ny i 2022, og grunna stor søking har kommunane hovudsakleg prioritera andre eksisterande tiltak.

Auka løyving til lokale fritidskassar vil derfor gjere det mogeleg for fleire barn i låginntektsfamiliar å få dekt utgifter til deltaking i fritidsaktivitetar, noko som kan gi auka deltaking og førebyggja fråfall.

– 15 millionar kroner er eit stort beløp som vil bidra til å dekkja kontingentane til mange barn og unge som i dag ikkje har råd til å delta, seier Toppe.

Bufdir vil lyse ut pengane, og alle kommunar kan søkje om tilskot til lokale fritidskassar uavhengig om dei deltek i ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge eller ikkje. Kommunar med ein høg del eller mange barn i familiar med vedvarande låg inntekt vil bli prioritert.