No må retusjert reklame merkast

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Frå 1. juli i år blir det påbod om å merke retusjert reklame, der utsjåande til personar i reklamen er endra.

– Endeleg får vi eit kraftfullt tiltak mot usunt kroppspress som særleg barn og unge er utsette for. Merkt reklame skal vise at personar i reklamen er fiksa på, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Alle som reklamerer for noko mot betaling får no plikt til å merke reklamen, dersom personar i reklamen er endra på noko sett etter at bildet eller filmen blei teken. Det omfatter endringar i ein persons kroppsstorleik, -fasong eller hud. Plikta gjeld òg influensarar og andre som poster reklame på internett og sosiale medier.

Både den som lager reklamen og annonsøren, den som ynskjer å tene pengar på sal, er ansvarleg for merkinga.

– Framlegg om korleis reklamen skal merkast har vore på høyring, og departementet har no fått laga eit standard merke som skal brukast til å merke reklamen, seier Toppe.

Merket skal vere om lag sju prosent av bildeflata og bli plassert i øvre venstre hjørne av reklamen. Det standardiserte merket kan lastast ned frå sidene til Forbrukartilsynet.

Reglane om merkeplikt skal handhevast av Forbrukartilsynet. Dersom Forbrukartilsynet blir merksam på at reklamen ikkje er merkt, vil dei gjere annonsøren (t.d. influensar) merksam på dette, og kan treffe vedtak om at reklamen må bli merkt. Om reklamen framleis ikkje blir merkt, vil tilsynet ileggja tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr.

Slik ser merket ut:

Merke - retusjert reklame.jpg