Revidert nasjonalbudsjett

No skal det bli lettare å ha studentpraksis i heile landet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa vil bruke 50 millionar kroner på å dekke utgifter til reise og bustad til helse- og sosialfagstudentar som får praksisplass langt frå campus

– I dag er det stor mangel på helsepersonell, særleg i kommunane. No aukar vi utdanningskapasiteten, men vi treng mange fleire praksisplassar. Vi må ta heile landet i bruk som praksisarena. Derfor vil vi gi universitet og høgskular pengar til å dekke utgifter til reise og bustad for studentar som får praksisplass langt unna studiestaden. Det er bra for studentane og det er bra for kommunane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Regjeringa har løyvt pengar til 300 nye studieplassar i sjukepleiarutdanning og spesialsjukepleiarutdanningane, og bedt universitet og høgskular om å etablere 200 nye studieplassar i sjukepleiarutdanning innanfor eksisterande rammer. No følger dei opp med støtte for å tilrettelegge for  praksisplassar i fleire kommunar.

– For kvar nye studieplass må det følge ein praksisplass. Sjukepleiarstudentar har halve utdanningstida ute i praksis. For å sikre at vi får realisert den auka utdanningskapasiteten i sjukepleiarutdanninga, må vi få på plass fleire praksisplassar allereie frå hausten av. Då er kommunane ei viktig del av løysinga, seier Borten Moe.

Kunnskapsdepartementet foreslår å endre den eksisterande ordninga for praksispilotar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i 2022. Det betyr at løyvinga på 50 millionar kroner kan tildelast statlege og private universitet og høgskular for å auke kapasiteten for praksisstudiar. Pengane skal dekke reise- og buutgifter til studentar for å kunne ta i bruk fleire praksisplassar i kommunar som ligg langt frå campus.