Noreg deltok på vårmøtet til Det internasjonale valutafondet (IMF)

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statssekretær Erlend Grimstad (Sp) deltok denne veka på vårmøtet til Det internasjonale valutafondet (IMF) i Washington, DC.

På vårmøtet samla finansministrar og sentralbanksjefar seg frå heile verda. Dette er òg arenaen for det halvårlege møtet til Den internasjonale monetære og finansielle komitéen (IMFC), som fastset dei overordna politiske retningslinjene for verksemda til IMF. Statssekretær Grimstad deltok òg på ministermøtet i Financial Action Task Force (FATF), som er eit samarbeid om standardar for tiltak mot kvitvasking, terrorfinansiering og finansiering av spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

– Krigen i Ukraina overskyggar mykje anna og har tatt mykje av tida under vårmøtet. Samtidig har andre utfordringar ikkje forsvunne. Klimakrisa, faren for nye pandemibølger og høg gjeldsbyrde i fattige land må framleis bli adressert. IMF held eit skarpt blikk på den høge inflasjonen fleire stadar i verda, ikkje minst i USA, seiar statssekretær Erlend Grimstad.

– Den økonomiske aktiviteten er høg hos våre nære handelspartnarar, men konsekvensane av Russlands invasjon av Ukraina har fått IMF til å nedjustere vekstforventningane for verdsøkonomien med 0,8 prosentpoeng.

Grimstad held fram at krigen ikkje berre er ei grusom humanitær katastrofe for det ukrainske folket, men vil gjennom auka prisar for mat og andre råvarer òg få alvorlege konsekvensar over heile verda, og særleg gå ut over sårbare grupper. Den ukrainske finansministeren Sergii Marchenkos tale til den nordisk-baltiske valkretsen var eit av dei sterkaste møta denne veka, meiner han.

Les meir: