NTP 2025-2036: Forsterkar trafikktryggleiksarbeidet i ny nasjonal transportplan

Ulykkesutviklinga på norske vegar dei siste par åra er svært bekymringsfull. I ny Nasjonal transportplan vil regjeringa skjerpe delar av regelverket for å redusere trafikkfarleg risikoåtferd, auke bruken av automatisk trafikkontroll og forsterke innsatsen innanfor kontroll og handheving.

– Norske vegar skal vere trygge å ferdast på, derfor vil vi skjerpe regelverket for å motvirke trafikkfarleg åtferd, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Det er i hovudsak tre regelverksendringar samferdselsministeren no ønsker å sjå på:

  1. Skjerpingar i regelverket for inndraging av køyretøy ved svært grove fartsregelbrot, såkalla «råkøyring».
  2. Forbod mot tenester som varslar om kontroller frå politi og Statens vegvesen.
  3. Innstrammingar i regelverket for bruk av mobiltelefon i bil.

Aukar bruk av automatisk trafikkontroll

Regjeringa vil også auke bruken av automatisk trafikkontroll.

– Vi veit at politikontroll er eit av dei mest effektive trafikktryggleikstiltaka vi har, og vi ønsker derfor forsterka innsats innanfor kontroll og handheving, seier samferdselsministeren.

Talfesta etappemål for å nå nullvisjonen

Nullvisjonen for drepne og hardt skadde blir vidareført som eit av fem hovudmål i ny Nasjonal transportplan. Nullvisjonen blir no forsterka gjennom talfesta etappemål. Innan 2030 skal det vere maksimalt 350 drepne og hardt skadde i vegtrafikken, med maksimalt 50 drepne. I 2050 er målet at ingen skal omkomme i vegtrafikken i Noreg.

– Vi veit at årsakene til trafikkulykker er samansette, men sjåførens åtferd er ofte utslagsgivande. Høg fart, rus, uoppmerksamheit og risikoåtferd er gjengangarar som årsaker til trafikkulykker på norske vegar. For å nå etappemåla våre, må vi jobbe målretta og styrke innsatsen mot slik risikoåtferd og uoppmerksamheit, seier Nygård.

Tre satsingsområde i Nasjonal transportplan

I ny Nasjonal transportplan har regjeringa valt å satse på tre hovudområde. I tillegg til kontroll og handheving, er også meir kampanjeverksemd og målretta infrastrukturtiltak på strekningar med trafikktryggleiksbehov regjeringas hovudinnsatsområde.

For fleire opplysningar – sjå: