Ny rettleiar om konstituerande møte i kommunar og fylkeskommunar

Etter lokalvalet i haust skal alle kommunar og fylkeskommunar konstituere seg. Dei skal òg velje ein rekkje medlemer til ulike folkevalde organ i kommunane og fylkeskommunane.

Kommunal- og distriktsdepartementet har laga ei ny rettleiar om reglane i kommunelova om konstituerande møte og val til folkevalde organ. Rettleiaren gir mellom anna informasjon om kva som skal skje i det konstituerande møte, korleis val til folkevalde organ skal gjerast, kven som kan veljast og reglar om fritak. Lovendringane som trer i kraft 1. juli 2023 er innarbeida i rettleiaren.

Departementet inviterer til eit webinar tysdag 29. august klokken 10.00 til 12.00. Tema er konstituerende møte og val til folkevalde organ.