Ny vallov skal sikre frie og hemmelege val

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa legg i dag fram forslag til ny vallov. − Vallova er ein viktig del av grunnlaget for demokratiet vårt, og skal sikre at veljarane har tillit til valgjennomføringa, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Forslaget til ny vallov er basert på ei utgreiing frå vallovutvalet, som var på høyring hausten 2020. Både departementet og vallovutvalet meiner norske val blir gjennomførte på ein god måte, og at valordninga vår er robust og har legitimitet. Forslaget vidarefører derfor mange av dei sentrale reglane for val. Den nye vallova skal kunne gjelde frå stortingsvalet i 2025.

Det er over 20 år sidan førre gong det blei lagt fram forslag til ny vallov. Sidan den gongen har det skjedd store endringar.

− At vi i vårt demokrati med jamne mellomrom diskuterer og gjennomgår reglane for gjennomføring av val, er ein stor styrke, seier statsråden.

Veljarane skal ha tillit til valet

I Noreg er det høg tillit til korleis val blir gjennomført og til valresultata.

− I utforminga av forslaget til ny lov har vi lagt stor vekt på at veljarane framleis skal ha tillit til måten val blir gjennomført på, uttalar kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Forslaget til ny vallov inneheld fleire tiltak som skal leggje til rette for at veljarane kan ha tillit til valet og at valet skal går rett for seg. Tillit blir blant anna løfta opp i formålsføresegna i lova. Regjeringa foreslår i tillegg einskilde endringar i korleis valet blir gjennomført i kommunane, mellom anna ved å stille større krav til openheit i oppteljinga av stemmesetlar.

Eit anna sentralt omsyn har vore å sikre at alle veljarar har moglegheit til å stemme, uavhengig av funksjonsevne. Regjeringa foreslår å fjerne høvet kommunane i dag har til å nytte vallokale der ikkje alle veljarar kjem seg inn.

−Det er eit viktig demokratisk prinsipp at flest mogleg veljarar skal kunne stemme i ordinære vallokale, seier statsråden.

Lova har i tillegg fått ei meir moderne språkdrakt og ei meir logisk oppbygging. Vallova skal kunne bli lest og forstått av både veljarar, parti, folkevalde, valmedarbeidarar og valmyndigheiter. Det er derfor viktig at lova har eit godt språk og er enkel å finne fram i.

Fagseminar om den nye lova

Kommunal- og distriktsdepartementet vil markere forslaget til ny vallov med eit fagseminar 24. mars. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik vil innleie om forslaget til ny vallov, og inviterte gjestar vil gje sine kommentarar og refleksjonar.

Tilgjengelegheit

Det blir foreslått strengare krav til korleis kommunane skal leggje til rette for at alle veljarar skal få moglegheit til å stemme og kravet om universell utforming blir teke inn i vallova.

Ny klageordning ved val

Det blir foreslått ei ny klageordning som vil sikre ei uavhengig juridisk behandling av valklager, både ved lokalval og ved stortingsval. Riksvalstyret skal vere klageinstans for alle klager med unntak av klager på Stortinget sitt vedtak om stortingsvalet er gyldig. Forslaga byggjer på dei grunnlovsendringane Stortinget vedtok i fjor.

Lovfeste bruk av EVA

I arbeidet med å gjennomføre val brukar alle kommunane eit statleg elektronisk valgjennomføringssystem. I forslaget til ny lov foreslås det å lovfeste bruken av dette systemet.

Personvalordning ved stortingsval

Regjeringa foreslår at veljaren ikkje lenger skal kunne gi personstemmer ved stortingsval. Den moglegheita veljarane har til dette ved stortingsval i dag er ikkje reell, og kan bida  til at veljarane trur dei har innflytelse dei ikkje har.

Stemmerettsalder

Stortinget behandla i fjor eit representantforslag om stemmerettsalder, og vedtok da å ikkje senke stemmerettsalderen. I lys av dette foreslår Regjeringa å oppretthalde 18 år som stemmerettsalder ved alle val.

Listeforslag

Krava til kor mange underskrifter det må vere på listeforslag blir endra. For nokre valdistrikt blir det eit lågare krav, for andre eit høgare krav. Listeforslaget skal skrivast under av så mange personar som svarar til éin prosent av talet på personar med stemmerett ved førre val i valdistrikt. Dei som leverer inn eit listeforslag må leggje ved samtykkje frå kandidatane om at dei vil stå på lista.

Beredskap for ekstraordinære hendingar

Valtinget kan forlengjast eller utsetjast, eller det kan haldast omval dersom det skjer noko ekstraordinært som hindrar veljarane i å stemme. Stortinget har allereie vedteke tilsvarande endringar i Grunnlova i juni 2022. Reglane skal gjelde ved alle val.

Oppteljing

Reglane i dag om oppteljing blir for det meste vidareførte, men regelverket blir meir detaljert, og det blir stilt større krav til openheit. Første oppteljing av stemmer frå valtinget skal teljast manuelt ute i vallokala. Det blir slått fast i lova at oppteljing av stemmer skal vereoffentleg, og valresultatet skal offentleggjerast i kvart vallokale.


Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00