Revidert nasjonalbudsjett

Nye landingsplassar i Namsos og Hammerfest

Regjeringa har i revidert nasjonalbudsjett 2022 foreslått å auke bevillinga med 38,2 millionar kroner til tilpassing av landingsplassar for nye redningshelikopter, SAR Queen, ved Sjukehuset Namsos og Hammerfest sjukehus.

– Regjeringa foreslår no å auke bevillingane til prosjektet for landingsplassar for dei nye redningshelikoptera slik at plattformene ved sjukehusa i Namsos og Hammerfest kan bli tatt i bruk. Det vil styrke beredskapen og gi auka tryggleik til innbyggarane, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Tiltaka ved Sjukehuset Namsos og Sjukehuset Hammerfest kjem i tillegg til tilpassingar av landingsplassar ved norske sjukehus som er omfatta av anskaffingsprosjektet for nye redningshelikopter.

Meir tryggleik

Dei nye redningshelikoptera vil gi meir tryggleik for folk på sjøen, langs kysten og i avsidesliggande område over heile landet. Helikoptera vil ha høgare fart og vesentleg betre rekkevidde enn Sea King helikoptera vi bruker i dag.

Dei vil også ha ein stor og fleksibel kabin som gir plass til mange naudkomne og er godt egna til medisinsk behandling. Gode eigenskapar i all type ver, og betre søkeutstyr legg til rette for at folk kan få hjelp raskare. Dei første helikoptera blei sett i drift på Sola 1. september 2020. Alle dei nye redningshelikoptera er planlagt å vere i drift i løpet av 2023.

– Regjeringa sitt forslag inneber også at vi i 2023 vil foreslå 135,6 millionar kroner for å sluttføre tilpassingane av desse landingsplassane. Det er etterlengta for innbyggarane i områda til Hammerfest og Namsos, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Blir ikkje bundne opp

Ved å få tilpassa landingsplass ved Sjukehuset Namsos vil ein unngå at kritisk helsepersonell blir bunde opp i transporten til og frå næraste flyplass.

Hammerfest sjukehus er eitt av sjukehusa i landet med flest landingar med redningshelikopter. Det er også det einaste av sjukehusa i landet der redningshelikopter landar kvar veke, og som ikkje har eigen landingsplass for helikopter. Det er derfor behov for å etablere ein egen landingsplass direkte knytt til sjukehuset når nye Hammerfest sjukehus no skal bli bygd.

Totalt for 2022 og 2023 foreslår regjeringa 79,2 millionar kroner til landingsplass ved Sjukehuset Namsos og 94,6 millionar kroner til Hammerfest sjukehus.