Nye reglar om naturskadeforsikring trer i kraft 1. januar 2025

I statsråd i dag vart det vedteke nye reglar om naturskadeforsikring som skal tre i kraft 1. januar 2025. Mellom anna skal det etablerast ei ordning der forsikringsselskapa skal avsetje naturskadekapital i eit fond, til bruk i underskotsår.

Naturskadeforsikringsordninga i Noreg er på mange måtar unik. Ordninga sikrar tryggleik for den enkelte og kriseberedskap ved naturulykker. I mange land risikerer ein å stå på berr bakke viss hus og heim blir øydelagt av naturskadar. Denne ordninga gjer at dette ikkje er tilfellet i Noreg, og dei som opplever skade på grunn av naturkreftene, får eit forsikringsoppgjer. 

Enkelte delar av ordninga har likevel fått kritikk. Tidlegare har forsikringspremien over tid vore sett for høgt. Dette har ført til at nokre forsikringsselskap har opparbeidd seg stor naturskadekapital – noko som er uheldig, mellom anna av  konkurranseomsyn. 

Det er derfor vedteke å etablera ei ordning der forsikringsselskapa skal avsetje naturskadekapital i eit fond som blir forvalta av Norsk naturskadepool. Ordninga inneber at naturskadekapitalen i poolen skal veksa i år med overskot, og at selskapa skal kunna trekkje på naturskadekapitalen i år med underskot. Det blir òg etablert ei overgangsordning. Endringane skal bidra til å sikre at naturskadekapitalen, og avkastninga han genererer, blir brukt til å dekkje naturskadar. Endringane vil òg gje meir likeverdige føresetnader for konkurranse mellom forsikringsselskapa.

I samband med lovendringane er det vedteke ei ny forskrift om naturskadeforsikring, som gir nærare reglar om naturskadeforsikringsordninga. Forskrifta fører til dels vidare gjeldande forskrifter, men er på mange punkt bygd ut. Endringane gjeld særleg organisering og oppgåver i poolen.

Både lovendringane og forskrifta trer i kraft 1. januar 2025.