Nye reglar ved arbeid på bustadar og bygg frå årsskiftet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Frå 1. januar 2023 gjeld nye og enklare reglar ved arbeid på bustadar og bygg. Saman med ny rettleiing skal det bli enklare å gjere endringar.

Når ein vil endre bustaden eller bygget sitt, opplever mange at det er vanskeleg å vite kva reglar og krav som gjeld. I tillegg må ein ofte oppfylle tekniske krav som er meint for nybygg. Mange eigarar har erfart at det er både vanskeleg og dyrt å få til.

Frå årsskiftet gjeld nye og enklare reglar. Det er også laga ein rettleiar for arbeid på eksisterande bygg. Nye reglar og rettleiing skal gjere det enklare å endre og gjenbruke dei over fire millionar bygga vi bruker mesteparten av tida vår i. Det kan til dømes bli enklare å ta i bruk ei hytte til bustad, eller bruke eit tomt lokale til noko nytt og slik til dømes skape meir liv i eit bysentrum.

Kommunane bruker også store ressursar på byggesaker, og gjeldande reglar ved arbeid på bustadar og bygg blir i dag tolka ulikt. Klarare og enklare reglar kan føre til raskare og likare byggesaksbehandling. Det vil komme både eigarar, næringa og kommunane til gode.

Nye reglar som skal hindre at bygg er farlege for omgjevnadane, til dømes etter naturskadar, ulukker eller manglande vedlikehald, vil også tre i kraft frå årsskiftet.

Dei viktigaste endringane som trer i kraft frå 1. januar 2023 er:

Klargjering av kva for arbeid som er omfatta av lova, og kva krav som gjeld: Klarare føresegner og rettleiing tydeleggjer kva for arbeid på byggverk som er omfatta av plan- og bygningslova og kva krav i lovgivinga som gjeld. Direktoratet for byggkvalitet har laga ein rettleiar for arbeid på eksisterande bygg.

Ein ny unntaksparagraf gir kommunane større høve til å gi unntak frå tekniske krav. Etter søknad kan kommunen gi unntak så lenge omsyn til tryggleik, helse og miljø er vareteke.

Omgåande sikring: Det er viktig å halde byggverk i forsvarleg stand, slik at dei ikkje utgjer fare eller ulempe for omgjevnadane. Reglane i dag for å gi og gjennomføre pålegg blir no tydelegare. Samtidig får kommunane høve til å gi eigar pålegg om omgåande sikring, slik at akutt fare kan avverjast raskare enn i dag.

«Eigarlause bygg»: Kommunane får rett til å gjennomføre sikring av farlege byggverk, og rett til å rive og fjerne såkalla «eigarlause byggverk».

Hovudombygging: For å tydeleggjere at hovudombygging er meir omfattande enn vesentleg reparasjon, blir hovudombygging skilt ut som eit eige tiltak i lova. Rettleiaren for arbeid på eksisterande bygg definerer «hovudombygging» nærare.

Visuelle kvalitetar: For å klargjere korleis kommunen skal handtere verneverdiar i byggverk, blir krava i dag om ivaretaking av arkitektoniske og kulturhistoriske verdiar ved arbeid på byggverk flytta til føresegna om visuelle kvalitetar. Kommunen får heimel til å avslå ein søknad dersom viktige verneverdiar ikkje er varetekne. Avslag vil krevje særleg grunngiving.


Les nærmare om forarbeida til endringane i Prop. 64 L (2020–2021).