Revidert nasjonalbudsjett

Petroleumsverksemda bidrar med store inntekter til fellesskapet

Regjeringa sitt anslag for statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i 2023 er i revidert nasjonalbudsjett anslått til 1 015 milliardar kroner. Dette er eit svært høgt nivå historisk sett. Til samanlikning var gjennomsnittet det førre tiåret om lag 360 milliardar kroner i året.

— Inntektene frå petroleumsverksemda er unike for landet og gir eit viktig bidrag til finansieringa av velferdsstaten for noverande og framtidige generasjonar, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Dei forventa inntektene er lågare enn inntektene i 2022. Nedgangen kjem i hovudsak av lågare anslag på olje- og gassprisar samanlikna med i fjor. Samtidig er det forventa at oljeproduksjonen vil auke i 2023, medan gassproduksjonen er venta å halde seg på tilsvarande høge nivå som i 2022.

Total petroleumsproduksjon i 2023 er anslått til om lag 239 millionar standardkubikkmeter oljeekvivalentar, noko som er ein auke på rundt 3 prosent samanlikna med 2022.

— Som den største olje- og gassprodusenten i Europa, og den einaste nettoeksportøren, spelar Noreg og selskapa på norsk kontinentalsokkel ei avgjerande rolle i energiforsyninga i Europa. Dette er ei rolle me kan ha også framover, og då må me vidareutvikle petroleumssektoren vår, seier Aasland.

Forventar auka investeringar dei neste åra

Investeringane på norsk sokkel har gått gradvis ned dei siste åra, men er venta å auke noko fram mot midten av 2020-talet. Investeringane i petroleumsverksemda i 2023 er i revidert nasjonalbudsjett anslått til 194 milliardar kroner, eller om lag 17 prosent av dei samla realinvesteringane i Noreg.

— Utbyggingsprosjekta som styresmaktene fekk i perioden 2020-2022 gir no store, nødvendige oppdrag til norskbasert leverandørindustri. Desse utbyggingsprosjekta gjer at me beheld viktige hjørnesteinsbedrifter over heile landet og at me tek vare på sentral kompetanse som me kan byggje vidare på framover, seier Aasland.