Presseinvitasjon: Korleis kan barnehage, skule og SFO få ned sosiale forskjellar?

Barn frå lågare sosiale lag fell oftare gjennom i skule og arbeidsliv. Torsdag 15. februar tek kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun imot ein rapport med tilrådingar om korleis barnehagar, skular og SFO kan bidra meir til å jamne ut sosiale forskjellar.

Forsking viser at familiebakgrunn har for mykje å seie for korleis du gjer det på skulen, og at barn av foreldre med låg utdanning eller låg inntekt oftare presterer dårlegare. Hausten 2022 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe som no kjem med sine tilrådingar. 

Ekspertgruppa har mellom anna sett på korleis utdanningssystemet kan endrast for å auke sosial mobilitet og bidra til at fleire fullfører skulen med eit vitnemål eller fag- eller sveinebrev. Rapporten vil bli brukt som grunnlag for arbeidet med regjeringa si stortingsmelding om sosial utjamning og mobilitet.

Det er leiar for ekspertgruppa, Katrine Vellesen Løken, som legg fram rapporten.

Tid: torsdag 15. februar kl 10.00-10.50

Stad: Kunnskapsdepartementet,Kirkegata 18, Oslo

 Program

  • 1000-1005 Velkomen ved kommunikasjonssjef Line Torvik
  • 1005-1025 Leiar av ekspertgruppa, Katrine Vellesen Løken, vil presentere rapporten og tilrådingane
  • 1025-1230 Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun kommenterer
  • 1030-1050 Pressetid og høve til separate intervju

Påmelding

Journalistar bør melde seg på og møte opp før kl. 09.50. Hugs gyldig ID (pass, nasjonalt ID-kort eller førarkort). Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Ajfer Husein, ajfer.husejin@kd.dep.no,  tlf: 959 36 485

Strøyming

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn innbyggingskode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Nett-tv Pressekonferanse

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her