Presseinvitasjon: Tryggleik for Pride 2024

Etter initiativ frå Oslo Pride og på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet arrangerer politiet ein nasjonal konferanse om tryggleik for Pride-arrangement laurdag 20. april. Der vil også PST leggja fram trusselvurdering for årets Pride-feiring.

Konferansen «Tryggleik for Pride 2024» blir arrangert på Politihøgskolen i Oslo laurdag 20. april, for alle Pride-arrangørane i landet. Formålet med konferansen er å sikra eit godt samarbeid mellom politi og arrangørar og å sikra trygge og gode Pride-feiringar over heile landet. PST vil også leggja fram trusselvurderinga for årets Pride-feiring.

Pressa blir i samband med dette invitert til pressetreff på Politihøgskolen. Siv Sørensen, spesialrådgivar i PST, avdelingsdirektør i politidirektoratet Bjørn Vandvik og Martin Strand, leiar for felles eining for operativ teneste i Oslo politidistrikt vil svara på spørsmål om trusselvurderingane og korleis politiet førebur seg til Pride. Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl vil også vera tilgjengeleg for å svara på spørsmål om tryggleik på Pride-markeringane i år.

Tid: Laurdag 20.04. 2024 kl. 1145

Registrering: Innan klokken 1130. Hugs pressekort og gyldig ID.

Stad: Politihøgskolen, Slemdalsveien 5, 0369 Oslo.

Påmelding innan kl. 12.00 fredag 19.4.2024 til jdinfo@jd.dep.no.
NB! Avgrensa antal plassar

Pressekontaktar:

For justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl: Senior kommunikasjonsrådgivar Camilla Fosse, mobil 92041038, epost camilla.fosse@jd.dep.no

For avdelingsdirektør i politidirektoratet Bjørn Vandvik: Seniorrådgivar Henrik Nilsen, mobil 46615995, epost: Henrik.Nielsen@politiet.no

For spesialrådgivar i PST Siv Sørensen: Kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken; mobil 41554769, epost: thu@pst.politiet.no

For leiar for felles eining for operativ teneste i Oslo politidistrikt Martin Strand: Senior kommunikasjonsrådgivar Siv Ahlsén mobil 90693616, epost: Siv.Alsen@politiet.no

For leiar for Oslo Pride Dan Bjørke: Fagleiar kommunikasjon Tone Simonnes, mobil: 91543040, epost: tone.simonnes@oslopride.no