Statsbudsjettet 2023

Foreslår å redusere tilskota til private skular

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår å redusere tilskota til private skular med over 40 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2023. Innsparinga skal gå til å styrke fellesskulen.

– Vi må stoppe ei utvikling der stadig meir av skattepengane går til private skular, og heller prioritere fellesskulen. No gjer vi ein ryddejobb og fjernar nokre særtilskot og bonusordningar som er dårleg begrunna, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Privatskular som er godkjende etter privatskulelova får tilskot basert på gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i offentlege skular. I tillegg får ein del privatskular til saman om lag 300 millionar kroner i særtilskot, som ikkje følger av lova. Desse særtilskota kan bidra til å komplisere og undergrave tilliten til finansieringssystemet for privatskular.

Somme privatskular får særtilskot til mellom anna:

  • lærarnorma i grunnskulen, sjølv om det ikkje er innført ei slik norm for privatskulane
  • toppidrettstilbod, som offentlege skular med idrettstilbod ikkje kan søke om
  • musikklinjer som offentlege skular ikkje kan søke om
  • administrasjon, oppfølging og tilrettelegging for utveksling til utlandet i vidaregåande opplæring, som offentlege skular ikkje kan søke om (sjå tabell under)

Fleire særtilskot til private skular, mellom anna internattilskot til enkelte skular for funksjonshemma elevar, blir førte vidare i forslaget til 2023-budsjett. Regjeringa foreslår òg å føre vidare det ordinære tilskotet til private grunn- og vidaregåande skular godkjende etter privatskulelova § 2-1.

Vil redusere tilskot til skular som ikkje gir studie- eller yrkeskompetanse

Regjeringa foreslår vidare å redusere tilskotet til privatskular godkjende etter kapittel 6A i privatskolelova, frå 75 prosent til 65 prosent av tilskotsgrunnlaget frå hausten 2023. Desse skulane er vesentleg forskjellige frå andre godkjende privatskular, og omfattar mellom anna bibelskular. Forslaget gir ei innsparing på 10,3 millionar kroner i 2023, som er ein halvårseffekt. Skulane kan auke skolepengane for å dekke inn dei reduserte statstilskota.

– Desse skulane har godkjende læreplanar, men opplæringa deira gir verken studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. Budsjettsituasjonen i 2023 er krevjande, og vi har valt å prioritere opplæring som gir formell kompetanse, seier Brenna.

Kutta i særtilskota og i tilskotet til kap. 6A-skulane heng saman med andre grep som regjeringa tar privatskulefeltet. Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget våren 2022 ei ny privatskulelov.

Lovendringane er ei oppfølging av Hurdalsplattforma og inneber at private skular må representere eit reelt supplement til den offentlege skulen for å bli godkjende. Regjeringa greier òg ut korleis lokale folkevalde kan få større innverknad på behandlinga av søknader om etablering av nye privatskular og utvidingar av eksisterande skular.           

Desse særtilskota er reduserte i forslaget til statsbudsjett for 2023:                                            

Særtilskot

Tilskot i 2023 (i mill. kroner)

Endring frå 2022 (nominelt)

Særtilskot til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by Steinerskole og Kristen VGS Vennesla

5,9

-6,2

Private toppidrettsgymnas godkjende av Olympiatoppen 

77,7

-1,7

Tilskot for å oppfylle lærarnorma som er innført for offentlege skular

0

-16,9

Tilskot til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring

0

-6,4

Tilskot til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling til utlandet i vidaregående opplæring1

2,2

0

 

85,8

-31,2

1 Regjeringa vil avvikle tilskotet frå skuleåret 2023-2024. Det inneber av løyvinga blir avvikla først frå 2024-budsjettet.

Oppdatert 11.okt:  Ved ein feil viste tabellen tilskot for 2022, og ikkje 2023, for særtilskot til musikktilbod (Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by Steinerskole og Kristen VGS Vennesla) og toppidrettsgymnas i ein tidlegare versjon av pressemeldinga. Dette er no retta. I tillegg er reduksjonen frå 2022 for tilskotet til musikktilbod retta frå 5,9 mill. kroner til 6,2 mill. kroner.