Regjeringa gjer det enklare for fleire kommunar å styrke samiske språk

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

–Endeleg har vi fått språkreglar i samelova som er tilpassa den samiske språksituasjonen i ulike kommunar. Dette vil gjere det lettare å bli samisk språkforvaltningskommune. Samiske språk berikar landet vårt og vil gjennom desse reglane styrkast, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

For å styrke samiske språk føreslår regjeringa endringar i samelova sine språkreglar. Saman med Sametinget har regjeringa jobba for å finne gode løysningar for samiske språk innanfor rammene av det kommunale sjølvstyret.

Tre kommunekategoriar

Eit av hovudgrepa i forslaget er å dele inn forvaltningsområde for samiske språk i tre ulike kommunekategoriar, der rettigheitene er ulike. Kategoriane er betre tilpassa behova i dei ulike kommunane i forvaltningsområdet.

–I dag er reglane like for alle kommunane i forvaltningsområdet, sjølv om språksituasjonen er svært ulik. Regjeringa ønsker ei ordning som tek omsyn til at språksituasjonen er forskjelleg frå kommune til kommune i forvaltningsområdet. Eg meiner eit meir fleksibelt regelverk vil styrke det vidare språkarbeidet i kommunane, seier Gjelsvik.

Regjeringa føreslår å innføre ein kategori som senker terskelen for at fleire kommunar søker om innlemming i forvaltningsområdet. Kategorien språkstimuleringskommunar skal kunne famne mange ulike kommunar, mellom anna bykommunar og andre kommunar der den samiske befolkninga i hovudsak er tilflyttarar, eller området er sterkt fornorska. Språkstimuleringskommunane vil få eit særleg ansvar for å sørge for eit samisk språk og kulturtilbod til barn, unge og eldre i kommunen.

–Anten kommunen har ei stor samisk språkleg befolkning eller ikkje, ønsker vi å legge til rette for styrking og synleggjering av samiske språk. Eg har tru på at arenaer der samisktalande kan møte språket, og andre tiltak som synleggjer samisk språk og kultur, vil bygge opp engasjementet og bidra til utvikling av dei samiske språka, seier Gjelsvik.

–Det er første gang vi har fått en heilskapleg gjennomgang av samelova sine språkreglar. For Sametinget har det vore viktig å få på plass eit lovverk der ingen mistar språkrettigheitar, og at vi får moglegheit til å invitere fleire kommunar inn i forvaltningsområdet for samiske språk, mellom anna kystkommunar i Finnmark, seier sametingsråd Mikkel Eskil Mikkelsen.  

Ny aktivitetsplikt og informasjonsplikt

Retten til svar på samisk er ein sentral rettigheit for samiske språkbrukarar. For at samiske språk skal vere berekraftige og levande for framtida, må dei kunne bli brukt på flest moglege samfunnsområde. Regjeringa føreslår derfor at kommunar og andre offentlege organ som skal kunne svare på samisk, aktivt skal informere om retten til å bruke samisk i kontakten med dei.

Vidare føreslår regjeringa å lovfeste eit krav til at kommunar og fylkeskommunar i forvaltningsområdet skal drøfte utfordringane for samisk språk som ledd i regional planstrategi og kommunen sin planstrategi. Systematisk språkarbeid krev planlegging over tid på mange av kommunane sine ansvarsområde.

–Eg meiner planlegging er eit viktig verkemiddel for å sikre rekruttering av samiskspråkleg kompetanse, og for å finne løysningar på korleis kommunane best kan hjelpe språkbrukarane, seier statsråden.