Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa kuttar kostnadar i nytt regjeringskvartal

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I Revidert nasjonalbudsjett set regjeringa i verk fleire kostnadsreduserande tiltak for å gjere regjeringskvartalet rimelegare. Samstundes vert kostnadsramma for byggjetrinn 1 auka som følgje av ekstraordinær prisstigning i marknaden. Regjeringa varslar og ein ekstern gjennomgang av prosjektet, med mål om å sikre betre kostnadskontroll.

– Regjeringa meiner at offentlege pengar må brukas enda betre og smartare. Førre regjering har vært for lite kritiske i korleis dei brukte fellesskapets pengar. Det har derfor vore ei svært høg prioritering for regjeringa å redusere omfanget av det nye regjeringskvartalet og halde kostnadane nede, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Regjeringa har vedtatt fleire tiltak for å redusere omfanget av nytt regjeringskvartal. Kvartalet skal bli dimensjonert ut frå dagens tal på tilsette på 4100 i staden for 4 700 som førre regjering dimensjonerte for. Dei to nybygga, bygg B og E, i byggjetrinn 3 skal kuttast, og omfanget av rehabiliteringa av G-blokka skal bli redusert vesentleg. Regjeringa skal også arbeide vidare med tiltak som reduserer kostnadane ved ombygging av Ring 1. 

–  Med grepa vi no tek vil ein kunne spare kostnader for totalprosjektet med om lag 4-5 milliardar kroner. Hovuddelen av denne summen er knytt til at ein planlegg for vesentleg færre tilsette i departementa enn den førre regjeringa gjorde og at ein kuttar dei to nybygga i byggjetrinn 3, seier Gjelsvik.

Situasjonen i marknaden no er ikkje samanliknbar med noko vi har opplevd på mange tiår. Byggenæringa har opplevd ein ekstraordinær prisvekst – både på nasjonalt og globalt nivå, frå tidleg i 2020 til i dag. Generelt kan prisstigninga tilskrivast pandemi og krig i Europa. Covid-19 pandemien og smitteverntiltaka har hatt direkte og indirekte effektar på tilbod og etterspørsel i byggmarknaden, noko som har gitt ein betydeleg prisauke.

I tillegg har krigen i Ukraina påverka prisane med sterk - og for nokon materialar - heilt ekstraordinær prisauke, til dømes på stål. For at prosjektet ikkje skal måtte stoppe opp, blir kostnadsramma no auka frå 20,9 til 21,9 milliardar kroner, basert på den prisstigninga prosjektet opplever. Regjeringa vil på eit seinare tidspunkt komme tilbaka med eit endeleg forslag til ny kostnadsramme, basert på ei eksternt kvalitetssikra kostnads- og usikkerheitsanalyse.

– Dei auka kostnadane er knytt til dei slutningane som tidlegare er tatt. Byggjetrinn 1, som mellom anna inneheld store kostnadar til energiløysing, er midt i gjennomføringsfasen. Då dette allereie er satt i gang så kompenserer vi prosjektet for den ekstraordinær prisauken i revidert nasjonalbudsjett for å unngå kostbare endringar i byggjetrinn 1 no, seier Gjelsvik.

Regjeringa foreslår vidare å starte forprosjektering av byggjetrinn 2 i nytt regjeringskvartal.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00