Statsbudsjettet 2024

Set av midlar til å vidareføre førebuande arbeid på fellesprosjektet Vossebanen og E16 Arna–Stanghelle

– Ny E16 og ny Vossebane på strekninga Arna–Stanghelle er viktig for gjere både framkome og trafikksikkerheita betre på hovudferdselsåra aust for Bergen. Ambisjonen til regjeringa er å gjennomføre prosjektet. I 2024 prioriterer vi difor midlar til å vidareføre førebuande arbeid og til å gjere prosjektet klart til anleggsstart, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Fellesprosjektet Vossebana og E16 Arna–Stanghelle omfattar ny veg og ny bane mellom Arna i Bergen kommune og Stanghelle i Vaksdal kommune. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR.

Med midlane som regjeringa set av i budsjettforslaget, vil prosjektorganisasjonen kunne vidareføre dei førebuande arbeida som det er nødvendig å gjennomføre. Dette omfattar blant anna prosjektering, grunnundersøkingar, skogshogst og flytting av høgspentkablar.

Betre trafikksikkerheit og auka kapasitet med ny veg og jernbane

Eksisterande veg på strekninga er spesielt utsett for skred og har mange trafikkulukker. I tillegg tilfredsstiller ikkje tunnelane på dagens E16 tunnelsikkerheitsforskrifta som Noreg skal følgje. Ny veg vil redusere desse sårbarheitene. Prosjektet vil gi betre trafikksikkerheit og skredsikring, og redusert reisetid og auka kapasitet. Med ny E16 vil trafikantane unngå lange omkøyringar ved stenging.

Dagens jernbane er óg rasutsett, og ny bane vil gi raskare og sikrare togtrafikk mellom Oslo og Bergen både for person- og godstog.

Vidare framdrift

I den siste kostnadsvurderinga er det lagt til ein grunn ein samla kostnad på over 30 milliardar kroner. Vegdelen er føresett delvis bompengefinansiert.

Statens vegvesen har ikkje starta på arbeidet med bompengeproposisjonen.

Regjeringa kjem til å vurdere vidare framdrift for fellesprosjektet i arbeidet med ny Nasjonal transportplan, som blir lagt fram våren 2024.