Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjett 2019:

Regjeringa styrker satsinga på film

Regjeringa foreslår å styrke insentivordninga for filmar og seriar med 10 millionar kroner. Det blir samstundes gitt tilskot til å opprette ein nasjonal filmkommisjon.

– Film og dataspel er dei kulturuttrykka vi bruker mest. Eg er opptatt av at vi har gode vilkår for norsk film og dataspel av høg kvalitet. Budsjettframlegget viser ei satsing på heile breidda i norsk film, frå det regionale til det nasjonale og internasjonale, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Regjeringa foreslår å auke filmfondet med 30,9 millionar kroner frå saldert budsjett 2018. Av dette er 5,1 millionar kroner øremerka internasjonal satsing på dataspel. Insentivordninga for filmar og seriar blir styrka med 10 millionar kroner, og det blir sett av 3 millionar kroner til å opprette ein nasjonal filmkommisjon. Tilskotet til regionale filmfond blir auka med 2 millionar kroner i samband med endringa av tilskotsmodellen.

Internasjonalt Samisk Filminstitutt får ein auke på 0,6 millionar kroner til satsinga på samisk film, og Bygdekinoen blir styrka med 2,5 millionar kroner.

Salet av Filmparken blir utsett og Kulturdepartementet ønsker å arbeide vidare med selskapet på bakgrunn av den nye marknadssituasjonen.

Til toppen