Statsbudsjettet 2019:

Regjeringa styrkjer bustøtta for barnefamiliar

– Som ein del av kampen mot fattigdom styrkjer regjeringa bustøtta for barnefamiliar. Det vil gje ein tryggare kvardag for fleire tusen familiar, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Ein god bustad, og eit trygt bumiljø er viktig for oppvekstvilkår til alle barn. Bustøtta skal sikre at familiar med låg inntekt kan bu godt.

Derfor set regjeringa av 181 millionar kroner i neste års budsjett til målretta tiltak mot fattigdom.

60 millionar går til å styrkje bustøtta for barnefamiliar og andre husstandar. For ein familie på fem vil det tyde at bustøtta aukar med opptil 5.190 kroner i året.

– Bustøtta skal sikra at økonomisk vanskelegstilte personar har råd til å bli buande i ein god bustad. Regjeringa har gjort mange viktige grep i bustøtta frå vi tok over i 2013. Da den ikkje klarte å halde tritt med årleg prisvekst, retta vi opp dette i 2017. Vi har målretta den mot menneske som verkeleg treng den, og vi har tatt inn fleire barnefamiliar, seier Monica Mæland.

Trygg kvardag for uføre

Regjeringa foreslår i tillegg ei varig kompensasjonsordning for uføre som hadde bustøtte då uførereforma blei innførd. Uførereforma i 2015 kunne medført redusert bustøtte fordi bruttoinntekta til uføre gjekk opp.

Kompensasjonsordninga har tidlegare blitt forlengt frå år til år, og dette har vore uføreseieleg for mange uføre. Ved å gjere denne ordninga varig blir kvardagen tryggare for denne gruppa.

Treffsikker og fleksibel

Bustøtta er det viktigaste bustadsosiale verkemiddelet til regjeringa, og regjeringa har også tidlegare vore oppteken av å betre og styrkje denne ordninga. Frå 2017 blir satsane i bustøtteregelverket oppdatert kvart år. Det sikrar at bustøtta held følgje med prisveksten.

Regjeringa har også gjort bustøtta meir treffsikker og fleksibel, slik at støtta er betre tilpassa den reelle økonomiske stoda til søkarane. Frå 2017 brukar Husbanken siste månads inntekt når dei reknar ut bustøtte, og ikkje, som tidlegare, eitt til to år gamle likningsdata.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen