Statsbudsjettet 2023

Regjeringa utvidar og styrkjer arbeidet med områdesatsingar i byar

Regjeringa foreslår å sette av 15 millionar kroner i 2023 til nye samarbeidsavtaler om områdesatsingar. I tillegg vert eksisterande avtalar vidareført. − I ei tid der levekostnadane aukar monaleg, råkar dette særskilt dei med låge inntekter. Innanfor eit stramt budsjett har vi derfor valt å prioritere å styrke arbeidet med å ta tak i levekårsutfordringar i byane. Områdesatsingane er med på å løfte bu- og oppvekstmiljøa i byane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Staten har i dag eit samarbeid om områdesatsingar med Oslo, Bergen, Stavanger, Drammen og Trondheim. Òg andre byar og byområder opplever utfordringar med utanforskap, sosiale forskjellar og barnefattigdom. No vil fleire kommunar som har byområde med levekårsutfordringar få moglegheit til å få ei samarbeidsavtale om områdesatsingar.

− For meg er det viktig at ulike område som opplever levekårsutfordringar kan tilby tenester som er tilpassa lokale behov og at dei utviklar nærmiljøa slik at dei blir gode stader å vekse opp. Områdesatsingane skal skape trygge bumiljø, gode uteområde og møteplassar for alle, seier Gjelsvik.

Områdesatsingane er breie, og skal stimulere til frivilligheit, og forebygge utanforskap og kriminalitet. Barn og unge er ei viktig målgruppe i satsingane, og områdesatsingane inneheld derfor tiltak for å betre tilbodet i barnehagar, skular, og i fritids- og kulturtilbod. 

− No kan fleire kommunar ta del i erfaringane som er gjort i områdesatsingane fram til no. Eg er samstundes overtydd om at dei nye kommunane har noko å lære dei andre, og at dei kan være med på å utvikle arbeidet med områdesatsingane vidare, seier statsråden.

Så snart statsbudsjettet er vedteke, vil Kommunal- og distriktsdepartementet kunngjere utlysing av tilskot til områdesatsingar i nye kommunar. Tilskotet skal gå til kommunar som har byområde med opphoping av dårlege levekår. Søknadsfristen vil bli om lag to månader frå kunngjering. 

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no