Statsbudsjettet 2023

Regjeringa vil prioritere samisk kunst og kultur

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Det er godt å sjå at samisk kultur er i enorm utvikling. Internasjonalt er interessa stor og no vil vi bidra til å løfte den samiske kulturen vidare, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Regjeringa føreslår difor 5 millionar kroner til vidare planlegging av nye lokale for RiddoDuottarMuseat.

Nye lokale trengst

Den eksisterande museumsbygninga i Karasjok vart etablert i 1972 som det fyrste samiske museet i Noreg. I dag er museumsbygninga i dårleg stand. Nye lokale må til for kunne ta vare på noverande samling, og for å få plass til alt som skal førast tilbake til nordsamisk område frå museum i Oslo i samsvar med Bååstede-avtalen frå 2012.

Museet forvaltar òg ei stor samling kunstverk av samiske kunstnarar, og no er 1300 verk lagra i eit magasin utan passande utstillingslokale.

– Det er viktig for oss å betre rammevilkåra for museet. RiddoDuottarMuseat har ansvar for verdifulle samlingar med samisk kunst, kunsthandverk og kulturhistorie. Å betre rammevilkåra for museet er ei viktig sak for oss, seier Trettebergstuen.

Stor interesse

Ho framheld at institusjonane òg er naudsynte i arbeidet med å styrke samisk identitet. Musea speler i tillegg ei viktig rolle i nærområda, og dei er viktige nettverksbyggjarar i møte med nasjonale og internasjonale miljø.

Under kunstbiennalen i Venezia - ein av verdas eldste og viktigaste kunstarenaer – er heile den nordiske paviljongen avsett til å fremje og formidle samisk kunst.

– Samisk film er i vekst, og er etterspurt både i Norden og i utlandet. Det vert utvikla dataspel med samisk tema, samisk tale og samisk musikk, og folk etterspør samisk litteratur, musikk og kunst. RiddoDuottarMuseat er eit viktig utstillingsvindauge for mangfaldet i samisk kultur, seier Trettebergstuen.