Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa føreslår rekordhøgt bistandsbudsjett på 44,9 milliardar kroner

– Krigen i Ukraina får globale konsekvensar. Talet på menneske på flukt aukar, og talet på folk som manglar nok mat, er rekordhøgt. Regjeringa føreslår derfor å auke bistandsbudsjettet med 3,6 milliardar kroner, til 44,9 milliardar, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Dette svarar til eit bistandsbudsjett på 1,09 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI) for 2022, og vert føreslått i samband med at regjeringa i dag kjem med framlegg til revidert nasjonalbudsjett.

– Russlands krig mot Ukraina er eit tidsskilje og får store konsekvensar. Meir enn 13 millionar ukrainarar er på flukt. Det er store øydeleggingar av infrastruktur. Vi skal vise solidaritet og bidra i den internasjonale innsatsen for Ukraina og det ukrainske folket, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Regjeringa vil auke bistanden til Ukraina og nabolanda med 1,75 milliardar kroner, slik at Noreg i år skal bidra med minst to milliardar kroner til Ukraina og dei nabolanda som er mest påverka av flyktningkrisa.

Ifølgje FN var rundt 193 millionar menneske i 53 land ramma av akutt matusikkerheit i 2021 på grunn av konfliktar, ekstremvêr som følgje av klimaendringar og dei økonomiske konsekvensane av koronapandemien. Heile 28 prosent av all kveite som vert eksportert i verda, kjem frå Russland og Ukraina. Krigen fører òg til auka energiprisar. Produksjonen av kunstgjødsel er redusert, og det er innført eksportrestriksjonar. Dette vil svekkje matproduksjonen, og eit rekordhøgt antal menneske vil kunne bli råka av matmangel og svolt.

– Krigen i Ukraina har gjort det tydeleg kor avhengige mange utviklingsland er av å importere produkt som dei sjølve kunne ha produsert. Regjeringa vil derfor styrkje lokal, klimarobust matproduksjon. Ytterlegare 200 millionar kroner skal bidra til at matproduksjonen vert styrkt i utviklingsland. Vi ønskjer særleg å støtte småskala matprodusentar, seier Tvinnereim.

Ifølgje FN er meir enn 84 millionar menneske tvungne på flukt frå heimane sine. I 2021 var 93 millionar menneske truga av alvorleg matmangel.

– Talet på menneske som treng humanitær bistand for å overleve, er rekordhøgt. Derfor skjermar vi det humanitære budsjettet heilt mot kutt, seier Huitfeldt.

For å sikre at ukrainske flyktningar som kjem til Noreg, vert godt mottekne, føreslår regjeringa at halvparten av foreslåtte auken på bistandsbudsjettet -  1,8 milliardar kroner - vert prioritert til flyktningtiltak i Noreg.

Regjeringa føreslår òg å omprioritere fire milliardar kroner innanfor bistandsbudsjettet for å finansiere auka flyktningutgifter i Noreg. Dette er i tråd med OECD-regelverket.

– Sjølv om vi omprioriterer fire milliardar kroner som vi skal bruke til å ta godt vare på ukrainske flyktningar i Noreg, har vi eit rekordhøgt bistandsbudsjett. Det skal vi bruke til å kjempe mot svolt, betre mattryggleiken, lindre naud og gje vern, i tillegg til innsats for klimatilpassing og langsiktig utvikling, seier utviklingsministeren.