Forsida

Statsbudsjettet 2023

Rustar opp beredskapen og sørger for vaksinar og smittevernutstyr

Regjeringa foreslår 1,9 milliardar kroner til innkjøp av vaksinar mot covid-19 i 2023. Trusselen frå pandemien er liten i Noreg i dag, men viruset utgjer framleis ein global trussel mot folkehelsa. Vaksinasjon er framleis vårt viktigaste verktøy i møte med pandemien.

– Vi tar pandemiens utfordringar på alvor. Noreg får no tilgang på nye variantvaksinar og det er sannsynleg at deler av befolkninga vil bli anbefalt oppfriskingsdose i 2023. Regjeringa foreslår derfor 1,9 milliardar kroner til innkjøp av vaksinar og vaksinasjon mot covid-19 i 2023, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Vaksinasjon er også framover det viktigaste verktøyet vi har for å forhindre alvorleg sjukdom og redusere behovet for inngripande smitteverntiltak. Det er framleis behov for overvaking og beredskap slik at ein uheldig utvikling i pandemisituasjonen kan bli oppdaga, vurdert og handtert raskt og tidleg, sier Kjerkol. 

Som følge av spreiing av apekoppar i Europa foreslår regjeringa også innkjøp av vaksine til bruk mot viruset i 2023. Gjennom vaksinasjon kan vi unngå alvorleg sjukdom, og vi kan avgrense smittespreiing.

Ei verd i endring

Ein motstandsdyktig helseberedskap må vere tilpassa den verda vi lever i, og ta utgangspunkt i det utfordringsbiletet vi står overfor. Endringar i det tryggleikspolitiske landskapet med krig i Europa og Finland og Sverige på veg inn i NATO.

Samtidig har covid-19-pandemien synleggjort internasjonale avhengigheiter som avdekka at vi er meir sårbare enn vi trudde.

Regjeringa vil derfor legge fram ei melding om helseberedskap som gir overordna føringar for framtidas helseberedskap.

Velutrusta beredskapslager

Det er bygd opp eit nasjonalt beredskapslager for smittevernutstyr, der dei regionale helseføretaka eig varebehaldninga, står for innkjøp, rullering og utvikling av lageret.

Lageret som blir vidareført i 2023 inneheld blant anna åndedrettsvern, munnbind, hanskar, augebeskyttelse, smittefrakkar og heildekkande dressar og har eit volum tilsvarande seks månaders pandemiforbruk.

Den langsiktige løysinga for robust forsyning av smittevernutstyr vil basere seg på det nasjonale beredskapslageret for smittevernutstyr, forskriftsfesta krav om beredskapslagre i sjukehus og kommunar, beredskapsavtalar med leverandørar og moglege avtalar om nasjonal produksjon.

Norsk bidrag til krisehjelp

Noreg har i samarbeid med EU etablert medisinske team (Emergency Medical Team [EMT]) som i ein avgrensa periode kan bidra i tillegg til mottakarlandet si helseteneste i akutte kriser.

Noreg bidrog i 2020 med NOR EMT i Italia og Hellas, og i 2021 i Haiti. Det blir vidareført 9 millionar kronar til NOR EMT i 2023 for å gjere ordninga permanent. 

Den vil bli forvalta av Helse- og omsorgsdepartementet saman med Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet.