Sandnes er Noregs mest attraktive by

Sandnes får Attraktiv by-prisen 2022 for eit fenomenalt arbeid med å utvikle sentrum gjennom mange år; gode lokaliseringar i sentrum, ei tydeleg satsing på barn og unge, og eit byrom som kanskje er det mest vellykka offentlege byromet juryen i Attraktiv by har sett.

Å utvikle gode og attraktive sentrum i byar der byspreiinga har vore stor er eit viktig verkemiddel for å snu utviklinga i ei berekraftig retning. Årets finalistar har ei sterk forståing for at riktig lokalisering av funksjonar i kombinasjon med ein heilskapleg arealbruk og gode møteplassar skapar bymessige kvalitetar. Finalistane utmerkar seg på kvar sitt vis ved å arbeide aktivt med sosial berekraft, medverking og involvering av dei som bur der. Dei har på kvar sin måte skapt attraktive og verknadsfulle møteplassar – noko som bidreg til byliv og inkludering.

Juryen valde i april ut Harstad, Bryne og Sandnes som finalistar til Attraktiv by-prisen 2022. Vinnaren av dei tre blei Sandnes.

– Sandnes har imponert juryen gjennom langsiktig og kunnskapsbasert utvikling av sentrum, som no visar gode resultat. Nye funksjonar samlokalisert i sentrum, kultursatsingar, nye bydelar i nedlagte hamneareal og Ruten - eit av Noregs beste nye byrom, viser at Sandnes lykkast med sitt byutviklingsarbeid, seier Alexandria Algard, juryleiar for Attraktiv by-prisen.

Juryen skriv i sin grunngjeving at industri- og stasjonsbyen Sandnes rulla inn i oljealderen med stor befolkningsvekst gjennom mange år. Utviklinga av kommunens buområde var i stor grad bilbasert og førte til byspreiing, medan utviklinga av sentrum stagnerte. Gjennom dei seinare åra har Sandnes gjort fleire grep som har bidrege til å snu utviklinga og skape eit attraktivt sentrum som er identitetsskapande og drivande for byens utvikling.

Sandnes har gjort ein god jobb med å skape eit levande og attraktivt sentrum. Dei to andre finalistane Harstad og Bryne fortener også ros. Eg gler meg til å dele ut prisen, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. 

Vurderinga til juryen kan du lesa her(PDF)